Planomtalen seier at tunnelen vert omlag 1920 meter lang og at tunnelsteinen vil verte nytta til utfylling i Åkersvikja.
Fylkestinget bevilga i desember 2006 10 mill. til rassikringa og det er sett av tilsaman 120 mill kr i økonomiplanen for 2008 og 2009.
Planen er lagt ut på Rådhuset i Ørsta og på Bjørke skule og Vegvesenet vil ha open dag på Haukly på Bjørke 15. mai kl. 15-18.
Det har tidlegare vore opplyst at arbeidet i tunnelopningane vil starte seinhasutes i år. Dette ser me fram til, særleg med tanke på dei mange steinspranga som har vore denne vinteren.
Kommentarar