To av dei, Øyvind Klungre Sørdal, frå Syvde, og John Inge Bjøringsøy, som er vel kjend på Bjørke, skal ha eksamen om eit par veker så dette vert å rekne som ei generalprøve. Den tredje, Henrik Koppen frå Velsvik, går første året, men er som dei to andre elevar av Bård Dahle.
Til saman vil dei tre presentere eit riktig eit spenstig program som burde ha noko for ein kvar smak: To satsar frå Italiensk konsert av Bach, Ballade i G-moll av Chopin, Sonatine av Ravel, Toccata av Khatchaturian, Sechs kleine Klaviestücke av Schönberg, ein sats frå Petite Suite av Debussy, Preludium i G-moll av Rachmaninov og jazzmusikk av Keith Jarrett.