Reknar med at det er fleire enn meg som er ferdige med vinter og ski for leeeenge sidan. Så kva med å få på plass litt meir preg av det irrgrøne som gjenspeglar tida vi er inne i no? Vekk med vinterbiletet og snøkrystallane på portalen! Det kan vere godt å få ei påminning om korleis våren/sommaren KAN vere, for det har enkelte av oss snart gløymt :-/ Men heldigvis finnest det gode uteklè, slik at vi kan nyte naturen likevel :-D
Kanskje låne (med løyve) fr&ari (26.05.2007 kl. 18:25)
Leif Strand sine panorama? Men der er kanskje ikkje så mykje folk.
Hilde Muren
Flott bilde (26.05.2007 kl. 16:24)
Eg har litt lyst å få med folk i aktivitet denne gongen. Er det nokon som har eit flott bilde som kan brukast i smalformat? Dvs at bildet vert fint også i ca. 150x900 pikslar. (Same format som header) Til nød går det an å lage til eit bilde som er meir firkanta og berre bruke den delen av headeren som er bortom streken der biletet vert sterkt i den headeren som er her no. Går for bortimot same oppsettet.
Tor Eirik Trandal
Opphavsrett? (26.05.2007 kl. 15:49)
Fint bilete. Og dette kan vi bruke med løyve frå eigar?
Hjørundfjordportalen Administrator
(26.05.2007 kl. 15:28)
Eit panoramabilde mot Hjørundfjordfjell tatt frå Høgrestinden teke i august 2006; http://www.follestaddalen.net/2006_Hogrestind/IMG_0050.JPG
Torill Nydal
Sommarbilete (25.05.2007 kl. 22:07)
Eg står eigentleg i beit for eit flott sommarbilete som kan brukast i toppen her. Mange fine å sjå, men desverre er det eit litt vanskeleg breidformat i headeren vår. Eg leitar og leitar, men kanskje det sit nokon der heime og rugar på eit skikkeleg flott eit?
Vær ikkje redde for å overbelaste e-posten min. Send avgarde så mange bilete du klarar, og eg finn eit sommarbilete til oss som passar.
Adressa som bilete skal sendast til er: ivine@adsl.no
Tor Eirik Trandal