Temperaturauken har fått fart på snøsmeltinga.
Her frå Skondalselva mot kyrkja.
Pefonnene er eit eldorado for fuglar. Gransangaren tyt på sitt. Men munken sine sangstrofer, for ikkje å snakke om gulsangaren som nesten sprenger seg inne i lauvet. Eg får så vidt sjå inn i det vidopne gapet på den ein augneblink.
Den er ein av dei siste som byggjer reir. Kun ein gong har eg funne reir, og det var då eg som gutunge samla på egg, slik alle andre gjorde. Reiret med dei spesielle fiolette egga med mørke prikkar og snirklar, kan eg sjå for meg endå.
Raudvengetrasten har funne seg eit hol etter ei stor grein på ei lønn som lagar tak over reiret. Den har kanskje att 2 egg å legge? Den var ikkje å sjå eller høyre, så eg lurte meg til eit bilete av residensen.
Sjølv paintballbana er nesten vakker og ikkje minst fredeleg i morgonlyset!
Grøn var min barndoms dal. Og er det framleis!
Blomstrande apal i Torsteingarden.
Same stad som i haust! Men dette er 29.mai 2007!!
Store kontrastar, men fint, fint!
Men eg vel meg mai som ein klar favoritt!
Kommentarar
Etter at eg har kost meg gjennom 3 nydelege sommardagar her på Sæbø, oppfordrar eg portalsjefane om å la sommaren gjere sitt inntog på portalen også!