Bygdemobilisering fikk i fjor 100 000 kr frå Sparebank1 Volda Ørsta til å marknadsføre Hjørundfjorden. Tradisjonelt ville desse pengane blitt brukt til ein brosjyre som fortalte om det sjå- og kjøpeverdige, dvs. ei salsbrosjyre retta mot nær sagt alle typar kundar.
I planleggingsfasen vart innrettinga av marknadsstøtta diskutert nøye og vi kom til at vi ville bruke hjorundfjord.no mykje meir aktivt enn opphavleg tenkt.
Ei konvensjonell trykt salsbrosjyre vert ofte dyr då ho skal ha mykje tekst og gode bilete som dekker opp området og alle leverandørar med aktuelle produkt og kontaktadresser. Etter kort tid vert deler av informasjonen forelda fordi engasjementsdata vert endra. Nye vil òg kome til. Dette fører til behov for dyr omtrykking for eksempel etter berre to år.
Framtidsretta vinkling
Vi kom difor fram til at vi ville ha ein meir framtidsretta vinkling på kommunikasjonen med omverda. Den fysiske brosjyren vil vere nødvendig, men han må spele nært saman med portalen då det er denne som kan vere levande og til ei kvar tid tilpasse seg endringar i utbod og i tida. Brosjyren eller foldaren som vi valde og lage, vil difor bli apetittvekkaren. Han gir sjåaren lyst til å vite meir om dette unike området – Hjørundfjorden. For å tilfredstille denne lysta, er det ei enkel og tydeleg adresse – hjorundfjord.no
Bygdemobiliseringa pekte ut Bjarne Rekkedal, Per Atle Røe og Kjell Rune Klubbens til i samarbeid med Møre-Nytt å stå for utvikling og trykking. Vi samla oss der om fire tema med ei biletside kvar: Vilt og vakkert – Fred og ro – Kultur – Meir enn å verte mett. Her eit bilete frå temaet - Fred og ro:
Eit Hjørundfjordkart med aktive linkar
Midtsida, eit kart over Hjørundfjordområdet, skal utviklast på portalen med aktive linkar til alt sjåverdig og til alle produktutbod i Hjørundfjorden. Kartet i foldaren er eit tidlegare brukt kartutsnitt som vi på portalen vil justere til å omfatte heile Skjåstaddalen, men og naturleg tilgrensande tindar.
Som vi skjønar ut frå dette, vil portalen bli primærbrosjyren vår – og det er denne som må brukast som hovudbase for marknadsføringa av Hjørundfjorden. Andre tilslutningar, linkar og samarbeidskonstellasjonar er positive og kan såleis forsterke hovudbasen. I skrivande stund har portalen hatt over 2 millionar vitjingar.
Tema i brosjyren
Brosjyren har ikkje fastlagt noko spesiell identitet for området. Dei valde tema viser aktuelle stemningar i ei muleg identitetsskisse. Bygdemobiliseringa vil arbeide vidare med ”kva identitet har Hjørundfjordingen” eller ”kva forteljing om Hjørundfjorden er sannast”. Dette er eit krevjande arbeid som treng tid til omtanke og modning – ikkje minst fordi fortid, notid og framtid skal avstemmast sjølv om omgrepet forteljing her er brukt.
Kvifor skal identitetsomgrepet dragast inn?
Svaret på det er både enkelt og litt samansett. Vi har no trykt ein brosjyre med vakre bilete av natur, kultur og hendingar. Det vil seie at vi i marknadsføringssamanheng alt no profilerar Hjørundfjorden noko vi og har gjort med portalarbeidet vårt.
Ein sann profil må henge saman med identiteten og vi får såleis denne samanhengen:
IDENTITET -------- > PROFIL --------> OMDØME
Omdømet er det kundane og dei samhandlane si oppfatning av oss - og tillit til oss.
Ut frå ein slik samanheng må vi kome fram til, eller bli einige om, kor vi står identitetsmessig før vi greier å skape ein sann profil og oppnår det omdømet vi ønskjer. Ein slik gjennomgang er viktig og det er diverre alt for få verksemder i næringslivet som gjer dette skikkeleg.
Identitet og slagord
Bygdemobiliseringa har arbeidd både med identitetsskissa og med profilerande slagord, men ikkje konkludert. Det vil seie at vi arbeider vidare for å kome fram med skisse for begge desse omgrepa. Vi må også vere klar over at eit vedtak i bygdemobiliseringa om ei identitetsskisse, eller om eit slagordet, så er dette eit vedtak for organisasjonen vår og ei tilråding/føring for Hjørundfjorden elles. Dette viser at bygdemobiliseringa må arbeide grundig slik at flest muleg kan akseptere råda frå oss.
Klikk her så får du ein oversikt over identitetsarbeidet til Bygdemobiliseringa til no.
Klikk her så får du sjå ei samling av foreslåtte slagord.
Vi treng mange fleire kommentarar og innspel – set i gong.
Per Atle Røe
Bygdemobiliseringa gjennomførte ein idedugnad for å få fram element som etter vår meining høyrde med i eller var ein del av identiteten vår. Vi synst dette er eit godt grunnlag å arbeide vidare med, men vi ønskjer fleire frå sjølve fjorden og aktivitetar der. Nederst på sida finst litt teori om profilering.
Med profil er her meint alle elementa som påverkar og stadfestar innbyggarane, kundane, alliansar og publikum si oppfatning av området (omdømet).
I ei omskiftande tid er det viktig å ha mot til – og tru på – at Hjørundfjorden sin eigenart, det særeigne, det unike, er dei grunnleggande elementa i profileringa. Søk den grunnleggande identiteten, men la ikkje ein slik søken bli hemmande for å vise omverda fjorden, fjella og folket der….. områdetet sin karakter.
Tilboda til omverda (marknaden) må vere gjennomarbeidd og representere Hjørundfjorden sin særeigne styrke. Dette særeigne, det unike kan berre finnast og utviklast med eit langsiktig og profesjonelt leiarskap i positivt samspel med innbyggarane. Varer og tenester i området må difor utviklast for framtida og posisjonen som omhyggeleg er valt for Hjørundfjord. Profilen som vert utvikla og dyrka, må stemme med dette engasjementet.
I eit slikt arbeide vil informasjon og kommunikasjon vere sentrale aktivitetar som må kunnast. Utan det vil motiverte og skapande medarbeidarar bli fråverande - og med ei ustrukturert og tannlaus samhandling som resultat. Utan god kommunikasjon vil områdetet bli lite synleg og gjere det vanskeleg å opprette og vedlikehalde gode relasjonar til kundar og alliansar.
Konkurransekrafta i ein framtidig marknad er ikkje avhengig av produksjonsmidlar og produksjonskompetanse, men av kor synleg vi er og kor dyktige involverte medarbeidarar er til å tilfredsstille kundane. Midlet er sjølvsagt gode produkt som treffer kundebehova dei er sikta inn mot.
Per Atle Røe
Innsamla slagord for Hjørundfjorden
Hjørundfjord - gode opplevelser
Hjørundfjorden - naturlege opplevingar
Hjørundfjorden - vakkert og eventyrleg
Hjørundfjorden - fjorden med muligheiter
Ei perle på jord:Hjørundfjord
Besøk Hjørundfjord
Hjørundfjorden i ditt hjarte!
Opplev Hjørundfjord.
"Hjørundfjorden- because you're worth it"
Hjørundfjorden-for kropp og sjel
Hjørundfjorden-UNESCOs glipp
Hjørundfjorden-med åpne armer
Hjørundfjorden-Vill,våt og vakker
Hjørundfjorden-Inntrykk som sitter
Hjørundfjorden-du vil alltid tilbake
Hjørundfjorden-bli bergtatt
Fjell og duka bord – Hjørundfjord
Tind og dekt bord – Hjørundfjord
Himmel på jord – Hjørundfjord
Hjørundfjorden-vill og vakker
Opplev eventyrlege Hjørundfjord
Hjørundfjorden; Fordi Du treng det
Lev godt i Hjørunfjord
Bu godt i Hjørundfjord
Leve godt? Hjørundfjord!
Slow living in Hjørundfjord
Live slow? Hjørundfjord!
Hjørundfjorden- hjartet under Sunnmørsalpane
Hjørundfjorden for framtida
Hjørundfjord - pardiset i nord
Hjørundfjorden - paradiset i norden
Himmel på jord – Hjørundfjord
Hjørundfjorden for naturnyting
Hjørundfjorden - gjer deg audmjuk
Hjørundfjorden - juvelen i smykkeskrinet
Hjørundfjorden- Heilt vilt
Hjørundfjorden -Fagnad mellom fagre fjell
Hjørundfjorden -Fagnad mellom farlege fjell
Hjørundfjorden -Fagnad mellom flotte fjell
Hjørundfjord - det unike fristed
Hjørundfjord - frisk, fri og vill
HJØRUNDFJORD -det naturlege val
- verd eit besøk
- det gode reisemål
- rik på opplevingar
- jordnær og eksotisk
Ingen over, ingen ved sida, HJØRUNDFJORD i tida
Hjørundfjord – tindane, fjorden og folket heile år
Det gode liv
Fjorden Fjella Folket
Fjorden for alle
Fjord, fjell og fyll
Fjorden blandt Sunnmørsalpane
Fjorden i Alpane
Turistfjorden - natur og opplevingar
Fjord for life
Fjord of life
Fjorden for livet
Fjorden i Alpane
Fjord for framtid
Fjorden for framtida
Den levande fjorden
FJORDEN SOM LEVER
Naturnytarfjorden
Fjordperle på Sunnmøre
Unik opplevingsrik alpefjord.
Dynamisk villvakker alpefjord.
Verdens vakraste fjord
lat fjorden leve
Fjord of alps dynamic & beautiful.
Fjord, fjell, folk og fisk
Fjordperle på Sunnmøre
Fjorden mellom Sunnmørsalpane
Dynamischer bildschøner Alpenfjord
Frå tare til tind
Frå fjøre til tind
Det fremste reisemål i verda
Farlig, vill og vakker
Farligt, villt, men vakkert
Natur, Sport og Turisme"
Framtidstru
Vill, våt og vakker
Topp tind-turar
Kommentarar