I mai må vi sjølvsagt førebu oss til 17mai, både fagleg og fysisk. Ei lita spørjerunde tidleg i mai avslørte at eitt år er lang tid, og fleire barn hadde gløymt korfor vi feira denne dagen. Ein av firåringane meinte at vi hadde fri fordi det var Jesus sin planleggingsdag. I dag veit fleire av dei at det er Noreg sin bursdag, og at ein i gamle dagar (då Ollen var liten gut) gjekk dei i tog heilt frå Hole-brua til Sæbø. Det gjorde barnehagen i år, og på Rise fant Marius fram tromme og skapte skikkeleg "togstemning".  

 tog frå holebrua 2tog frå Hole-brua

Mai er også ein månad for å rydde vekk vinteren og gjere klar for sommar. Å rydde er ikkje berre for vaksne, barna vil gjerne hjelpe til og klarer mykje: å bære metall til containerer og kjøre bort skat med (trø)traktor. 

vårrydding 1 vårrydding2

Ekstra kjekt er det kanskje å få arbeide med vatn og såpe - nedvask av hytte vart ein våt oppleving: 

hyttevask 1 hyttevask2

 Mai er bonden sine harde arbeidsmånad, men mange marker som må gjødslast. Borna studerer arbeidet grundig, og fleire tar fri frå barnehagen for å vere med i traktoren heime når arbeidet skjer. Vi som ikkje har gjødseltraktor heime, må nøye oss med å gå tur dit traktoren arbeider og studere kva som skjer. Gjerne kombinert med ei lita matøkt. 

gjødsling1

 Helsing barn og vaksne i Sæbø barnehage.