Både laks, pjakk og aure såg eg nedanfor Hustad bru i dag! Eg må 6 år attende sidan eg såg laks i elva så tidleg. Tidlege observasjonar av laks gjev bod om eit godt innsig. Så vi får berre håpe.... Likeså positivt er mykje laksesmolt som no går ut. Laksesesongen i elva starter 15.juni.
Kommentarar
Fangstatistikk på portalen ville uansett bli en "skyggestatistikk!"
Med det mener jeg at den offentlige statistikken er den som utarbeides og rapporteres fra Bondalen Elveigerlag. Som de er pålagt fra Miljøvernavd. i Møre og Romsdal fylke.
Jeg kommer likevel til å ta meg den frihet her på portalen å orientere om Bondalselva. Først no fremover om oppgang av laks frem mot åpninga 15. juni. Deretter fangst, utsikter m.m for sesongen.
Jeg vet at mange både lokalt, nasjonalt og faktisk internasjonalt, ønsker kontinuerlig og sannferdig informasjon.
Apropos fangsstatistikk.
I mer enn 20 år utarbeidet jeg den. Frem til 1999. Daglige notater i sesongen fra nedre og midtre del av elva. Bjarne Pedersen til seg av fremre del.
Eg har notert meg 12 sikre observasjonar på sjøen og i osen. Enno er det 14 dagar att til åpninga. Eg er meir optimistisk enn på fleire år!
Eg trur teorien min om eit bra innsig av stor og mellomstor laks kan slå til.
For 1 time sida sto vi på brua og gleda oss over eit prakteksemplar som stod like framfor brua. Tipping på vekt gjekk livleg! Vi enda på like over 6 kg.
I dag såg eg og Jostein og Magnar 4 flotte laksar på mellom 5 og 6 kg rett framfor brua. I tillegg til like mange heilt i nedre del av elva-munningen. I går det same antal laksar eit stykke lenger framfor brua. Min tyske ven Alfred, ein påliteleg kar, såg 2 flotte laksar i Kvistadbru-hølen for eit par dagar sidan.
Pjakk er det mindre av, men ein og annan observerast. Alfred har tilsaman sett 4 pjakkar som hoppa på sjøen med dei var ute og fiska. Pjakken er det og litt tidleg for. Eg trur laksen går fort frametter, så Knut Arvid! Skal du fiske første dagen under åpninga, trur eg du kan konsentrere deg om elva rundt Rekkedal. Der er eg overtydd om er kome laks.
Alt i alt mange positive teikn vel ei veke før åpninga. Fisk vil vert teke. Spørsmålet er kor mange. Eg held elles ein knapp på at Kvistadhøl/Frøland stikk av med dei fleste.
jei hoper du er right
i hope it will become a fantastic fishseason
hilsen
mozart fra holland
Kvar dag har vi framleis sett laks gå opp. Litt færre av dei no enn tidlegare. I dag likevel 3 laksar framfor brua. Enkelte tergar meg med at det er same fiskane som har stått der i dagevis. Då må dei event. ha gått opp eller ned i vekt,.......samstundes med at dei har skifta farge. I går såg eg laksar x-antal km fram i elva...
Noko eg knapt har sett i munningen før opplevde eg i går kveld. Det var store bølger. Under, eller i bølgene, kom 2 laksar nærast "surfande" på¨tvers. Det virka i alle høve slik. Eit vakkert syn var det i alle høve, villaksar i sitt rette element!
Tilhøva i elva vil vere perfekte under åpningsdagen. Kaldare ver vil seie mindre vassføring. Slik elva har vore siste veka har ho vore for stor. Gått mykje i eit stryk. Mindre vassføring vil seie at "godplassane" kjem fram att. Eg trur at event. fiskarar i fremre del av elva vil kunne få seg ei positiv oppleving.....
Var eg "ung og sprek" ville eg fiske i "Grandane" på Kvistad sitt vald. Høyrer de; Mikkel og Sivert med fleire fiskeinteresserte unge!
Elva er vorte mykje mindre avdi temperaturen fall. Då søker heller ikkje laksen elva.
Dei største sjansane for å få fisk for dei som er med under åpninga, vil vere frå Kvistad/frøland og frametter. Her er elva fin til fiske. På desse strekningane står i hovudsak laksen som har gått fram hittil i år. I tillegg til kanskje på Mo.
Dei nedre sonene er avhengig av at laks går fram i natt. Så vonar eg nokre er heldige i morgon. Og ønskjer lukke til!
I nedre del av elva kan en ikke vente mange laksene slik elva er nå. Vannstanden må opp, det krevest over 20 grader, med rimelig bra nattetemperatur.
I fremre del av elva holder jeg fast på står en del laks. Her vil en og annen tas fremover.
Notfiskerne starter opp på førstkommende mandag. Da får man en indikasjon på om det finnest fisk i fjorden.
Men når sant skal sies, har jeg ikke sett fisk hoppe på sjøen de siste 8.10 dagene.
Kjekt at Eldar fikk seg laks. Han har vært "min forlengede" arm opp mot laks og Hjørundfjordvenner i Ålesund i forb. med aksjonen mot laksoppdrett i Hjørundfjorden.
Apropos oppdrett/lakselusproblematikken. De som såg innslaget på 21.00 nyhetene på TV2 i går, om den kolossale spredning av lakselus en venter i Hordaland i år, med registrerte flere hundre lus på oppgående laks i elva,og angrep på utgående smolt, deler nok min oppgitthet.... All grunn til å tro deg gjelder også for vårt fylke. En stadig økende sjøtemperatur gir enda bedre grobunn for klekking og vekst av lakselusa......
Alle 3 laksane på åpningsdagen vart teke på Frøland. Ikkje uventa!
Ståle Walseth meinte laksen han "snudde" var mellom 10 og 15 kg. Eg trur han på det. Vi har nemleg sett så store laksar gå opp!