Kva fugl er dette?
I barnhagen opplever vi mykje rart. Denne veka hadde vi besøk av ein fugl som ville vere saman med barna. Plutseleg satt den på skuldra til ein av 5åringane og lot seg fotografere. Etterkvart fant den seg ein betre plass på lua hennar før den bæsja litt og flaug sin veg. Men vi lurer på - kva fugl er dette? Og korfor var han så barnevennleg? Nokon som kan hjelpe?
Lagt inn av
Hilde Muren
11.05.2007 19:58
11.05.2007 19:58
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.
Kommentarar
Eg reknar meg som vitne i saka, og no anar det meg at etterforskarane Mo og Langvatn er nær ei løysing.
Men kva kan gjerast for at dette sjeldne eksemplaret ikkje skal gjere same tabba igjen? Og kan eksemplar av denne arten være endå eit motargument for 420KV linja i Hjørundfjorden?
Men kva kan gjerast for at dette sjeldne eksemplaret ikkje skal gjere same tabba igjen? Og kan eksemplar av denne arten være endå eit motargument for 420KV linja i Hjørundfjorden?
Unn Frøland
Kan det være at den har floge på vindua og derfor trengte litt tid å samle seg då ho fant den?
Gerd Sofie Langvatn
Søkte litt rundt på nettet, og det er nok ikkje tvil om at dette er gransangar:
http://www.nofnt.no/trond/fugl/2006/subtristis/index.htm
og
http://www.fugler.no/id/200312_tristis.htm
Om eg les artiklane over rett, så er det mogleg at dette er ein sjeldan variant av fuglen også.
http://www.nofnt.no/trond/fugl/2006/subtristis/index.htm
og
http://www.fugler.no/id/200312_tristis.htm
Om eg les artiklane over rett, så er det mogleg at dette er ein sjeldan variant av fuglen også.
Roy-Magne Mo
Kan det være ein gransanger ?
Gerd Sofie Langvatn
Kan det vere ein bøksanger ska tru?
Den ser ut som den he ei gul stripe over auga.
Vistnok mest vanleg lenger sør i landet.
Andre forslag?
Den ser ut som den he ei gul stripe over auga.
Vistnok mest vanleg lenger sør i landet.
Andre forslag?
Bodil Skare