Arbeidet til no er gjort med utgangspunkt i reguleringsplanen og i tett samarbeid med teknisk sektor i kommunen. No veks det fram rom for ønskjer og innspel frå oss som held til i bygda. Kva vil vi med det nye området og andre område i Sæbø? Rett nok er mykje styrt av reguleringsplanen, men her er likevel rom for innspel som ikkje omfattar kor vegar skal gå og kor hus skal ligge. Eg illustrerer dette med ein liten fototur frå fergekaia mot hotellet:

Rett nedanfor bakeriet vårt ligg ein rasteplass av der mose og ugras trivest godt i grusen. Vil vi ha rasteplassen her? Koss kan vi gjere den meir triveleg og innbydande?

Rett bortanfor ligg fergekaia. Den har mange ymse meiningar om. Her stod forresten ein stor grå dieseltanken som no er fjerna. Det ryktast at Vegvesenet vil stelle til området rundt, kva innspel skal vi kome med?

Rett ved sidan av ligg desse tre klossane. Den grønne kontaineren til venstre (tilhøyrer Fjord1) har grendalaget lenge arbeidd for å få flytta til høgre for busskuret, utan å lukkast. Er dette forresten ein god plass for busskuret, er det nokon som bruker det? Kanskje det skulle vore på andre sidan av vegen? Kva er forresten til lille brune huset for noko?

På motsatt side ligg ”bunkersen” med toalett. Vil vi ha denne? Skal vi fjerne den? Kanskje lage venteskur for buss? Type betong eller noko lettare i glass? Toalett for turistar og tilreisande trengst. Kan det vere her? Eller kanskje ved hurtigbåtkaia? Bør det vere ein fast installasjon eller slike som kan flyttast etter behov?

Her kjem ny kai for kommunebåt og Ålesundsbåten, og området blir helst brukt av mange som reiser med hurtigbåtane på fjorden. Korleis ønskjer vi at dei skal møte Sæbø når dei kjem i land? Eit landskap prega av betong og asfalt? Eller grønne lunger, blomar og tre i kasser og bed? Sitjeplassar?

På veg opp frå hurtigbåten møter tilreisande dette synet. Kontainarar som er gode for miljøet – men her ikkje særskilt vakkert. Erfaringar viser at desse kontainerane må plasserast sentralt og under tilsyn for å bli brukt på vettug vis, men har vi nokre gode råd slik at vi unngår at dette blir det første turistane møter når dei går til lands? Annan plassering? Gjerde rundt?

Vidare sørøver går vi forbi ei velstelt grøn lunge med vakre tre og hekkar med sitjeplassar i sol og skugge. Rett vedsidan av eit frittvaksande kratt av ymse tre og kratt. Kva skal vi gjere med området avbilda til høgre? Skal det stå slik står? Skal vi rydde og få fram utvalde tre og kanskje forlenge den lille parksona aust om Bellingen?

Nord for Lissjeelva er det fylt ut eit stort område som delvis er regulert til hus (bustad/næring) og delvis parkeringsplassar. Kva vil vi ha her (td før eventuelle hus blir bygd). Grått som no? Grøntanlegg som td på bildet til høgre? Forlenging av strandpromenaden? Ønskjer vi forresten parkering her, eller kan vi gjere nytte av ledig areal på sørsida av Lissjeelva?

Slik ser Lissjeelva ut no under anleggsperioden. Kor ønskjer vi her skal vere i tida framover? Reguleringsplanen seier at elva skal leggast i rør, men stadig fleire vil ha ein opa løysing. Korleis bør den evnt sjå ut? Kvar legg vi kryssing av elva? Skal eventuell veg og elvakryssing tene som gangveg for skuleborn og må kunne brøytast om vinteren? Eller er ikkje det naudsynt? Området til høgre kan elles tene som gjesteparkeringsplass for mange i Sæbø?

Kommunal lagringsplass av gult og svart utstyr. Har vi gode råd å gi til teknisk sektor for utforming som skjuler sakene deira?

Strandlinja sett frå hotellet og sørover. Strandpromenaden kjem der han låg før – no godt skjult av stein. Her kjem og gatelys på plass etterkvart. Kva vil vil ha på sjøsida av vegen? Grønt? Grus? Utkikksplass? Sitjeplass med tilgjenge for rullestol o.l? Ny badestrand? Fiskeplass? Eller reir i rekke for fiskemåsane?
Elles er det mykje vakkert å sjå på ein tur gjennom sæbø, og som vi treng meir av på grunn som vi alle eig saman.
:
Vi oppmodar elles særskilt born og unge seie kva de meinar. Ikkje la dei vaksne styre utviklinga av Sæbø åleine, men sei frå om korleis de vil ha det. Kanskje har de tankar og idear som vi vaksne ikkje ser.
Nytt høvet i veka som kjem og fortel oss korleis DU ønskjer vi skal ha det i Sæbø. Gi tilbakemelding på portalen eller bruk forslagskassa til Sæbø grendalag (merk ”Bygdeutvikling”). Vi håper på mange positive innspel i veka som kjem, og planlegg å møtast for å drøfte desse veka etter Hjørundfjorddagane.
Helsing
Hjørundfjord Bygdeutvikling / Gruppa for Sæbø sentrum
Utviklinga på Sæbø (13.06.2007 kl. 14:15)
Dette med Lisjeelva jobbast det med, og det er vel alt som tyder på at det vert ei gangbru over med ein eller anna form for dam under.
Sanvolleybane er det vel ikkje mulig å få til denne sommaren, men planane er der.
Dette med sandtippen er det ikkje noko som tyder på at den vert vekk, for då misser Holen Sand alle sine muligheiter til å levere sand på skute.
Fint at de som er unge spør og viser interesse for utviklinga på Sæbø. Er de noko de lurer på så berre ta kontakt. Kanskje kunne einkvan unge vore med i Bygdemobliseringa si Sæbøgruppe? Ta gjerne kontakt med Hilde dersom de er noko de lurer på.
Mvh ISMo
Hjørundfjord bygdemobilisering
Sæbø (13.06.2007 kl. 10:00)
Eg synes at der det no er tetta att, rundt lisje elva, kan bli ein fin ande-dam. Eg syest også at det hadde vore veldig kjekt dersom vi hadde fått ei sandvolleyball bane, ein stad på Sæbø. Då hadde det vore fleire aktivitetar å gjere. Eg vonar at vi får den i løpet av somaren!
Eg har høyrt at "lemmen" kanskje skal takast bort. Dette synest eg er veldig synd, fordi den blir mykje brukt til å hoppe frå, av ungane/ungdomane om somaren. Blir den ikkje brukt når Holen sand skal tømme sand i båtane også? Dersom den vert fjerna vonar eg at vi får ein ny, betre ein.
Sara Årseth
Oppsummeringsmøte torsdag 7/6 (06.06.2007 kl. 17:10)
Nemnda for Sæbø sentrum planlegg møte torsdag kveld, og vil då handsame innkomne idear og forslag. På portalen er det til no kome inn mange verdifulle innspel, vi tar gjerne i mot fleire. Bruk kommentarfeltet eller lever i postkassa til Grendalaget på Bellingen.
Hilde Muren
(06.06.2007 kl. 09:41)
Eg såg ein dag på tv ein reportasje om nokon som hadde sett opp to postkasser på kvar side av ein tunell, i desse låg det refleksvestar som folk kunne låne når dei skulle gå gjennom tunellen, for så å levere dei tilbake på andre sida.
Kunne dette vorte noko for Sæbø? Måseparaplyar plasert t.d ved hotellet og Slettedalshjørnet?;)
Unn Frøland
Måsen som souvenir? (05.06.2007 kl. 22:16)
Kanskje kan vi ta ein ny vinkling på måsen sm stupbombar oss? Kva med ein "måsevernparaply"? Med adressa til portalen og trykk av mange angripande måsar? Gått å ha for turistar (og fastbuande) på vandretur. Ein souvenir med særpreg for staden ein har vitja. Kan til og med brukast mot regn......
Hilde Muren
(05.06.2007 kl. 04:32)
behov for avfalls container for plast, men dette har vel ikkje bygdeutviklinga ansvaret for, eller? støtter ideen om inngjerding av avfallscontainerane og helst omplanta med humle rundt, slik att man kan plukke indigridiensene til sjølhygge..
behov for avfalls container for plast, og støtter ideen om inngjerding og omplanta med humle da kan man plukke indigridienser til sjølhygge
Frode Holen
"Jeg hater måker" (04.06.2007 kl. 21:49)
Var det ikkje ein som song det ein gong? Eg er heilt enig, forferdelige dyr. "Skal ha skal ha", men dei var nok sikkert på Sæbø før oss tobeinte, så kven som har mest retten til området kan være eit komplisert spørsmål, Synnøve:)
Og Helge, klart det e trist at så mange små grover og bekkefar er lagt i rør. Eg gløymer ikkje først kreda mi under brua på Kvia på Frøland, eg skalv som eit ospelauv. Heldigvis har vi elva og kredene enda og Aleth har vore med onkel Yngve å fiska fleire gongar. Sist sa ho; "Veit du mamma, halen smakar mykje betre enn potetgull". (sprøsteikt)
Det er nok lett å skylde på bondestanden når det gjeld den utviklinga som har vore, men utviklinga har heldigvis snudd på mange områder når det gjeld bevaring av natur og kulturlandskap.
Unn Frøland
ka folk tenke på ? (02.06.2007 kl. 21:15)
klart lemmen ska vere der !
lemmen høre til på Sæbø !
LENGE LEVE LEMMEN ! ! ! ! !
Mari Bjørdal
Måsane (01.06.2007 kl. 23:31)
Fjerne dei stupande måsane i Sæbø sentrum hadde ikkje vore så dumt;)
Men det er nok lettare sagt enn gjort!
Synnøve Mo
"Lissj-elva." (01.06.2007 kl. 21:39)
Berre tanken på å legge "Lissj-elva" i rør er absurd!
Eg står ofte oppe i vindauget og ser born springe gledestrålande i retning brua/elva. Rennande vatn er "eleksir" for mennesket.
Hugs at 2/3 av mennesket er nettopp det! Difor er dragninga mot vatn nedlagt i oss frå det opprinnelege!
Hilde peiker på eit generelt problem. For lite vassføring. Ikkje berre i tørkeperiodar, men elles og.
I min barndom fiska vi sjøaure heilt fram til Riise når det var "vassfløde." Her lærte vi fisketeknikk frå grunnen av. Før Storelva/Bondalselva stod for tur.
No er det inga "Lissj-elv" fram til Riise lenger.Fremre del er kanalisert og lagt i rør, applaudert av "Bondestanden...."
På 70-talet vart atskillige småvassdrag utsett for overgrep. I Bondalsvassdraget er det fleire døme på det. Småelvar der eg og kameratar opplevde mystikken med fiske, fekk opplæring og inspirasjon!
Som eit apropos kan seiast at ei av hovudprioriteringane i nasjonale laksevassdrag er å føre små/sideelvar attende til sitt opprinnelege leie....som gyteområde for aure, i hovudsak.Finansiert av staten.
Ørsta-vassdraget fekk for eit par veker sidan 100 000 kroner frå Fylkeskommuna til dette føremålet. Som nasjonalt laksevassdrag.......
Helge Strand
Fjordtun og boder, m.m. (01.06.2007 kl. 13:24)
Ein kommentar til deg Kari Hame. Som gjev meg høve til å rette opp ein del uvitenheit.
Dei "stygge" bodene er vi bebuarane på Fjordtun godt nøgde med. Dei og carportane er plasserte i samsvar med prospekt, teikningar og reguleringsplan på vårt private område.
Den "gode" gangvegen du etterlyser gjekk faktisk tvers over vår eigedom. Ein "offentleg" veg. Ville du tillate det over ditt private område....? Eller andre forøvrig.
Ei boligblokk som Fjordtun ville ikkje verte godkjend utan at det vart sett opp uteboder til kvar leiligheit. Likeeins skulle det vere parkeringsplassar til dei same 7 leiligheitene. Båe plasserte i samsvar med reguleringsplan, teikningar etc.
Carportane er kvar enkelt bebuar sitt ansvar. Førebels 4 stk. Med plass til enno 3 i same retning.
Boder og carportar er det sendt ut nabovarsel om. Uten innvendingar av noko slag.
I tillegg kan eg nemne at det er krav om 7 gjesteparkeringsplassar som er teikna inn og skal plasserast nedenom bodene. På nedre side av vegen som kjem.
Alt som eg her nemner er utført og sett opp heilt i samsvar med, som sagt, prospekt, teikningar og reguleringsplan.
Bodene si plassering er ut frå ein heilheiteleg plan. Vi ønskte at dei skulle stå "med ryggen" til dei offentlege vegane som kjem nedanfor. (Med gledeleg og auka turist-trafikk frametter.....)
Vi ønskte eit skjerma tun i vinkel. Både mot innsyn og nordavind. Derav namnet Fjordtun.
Vi ønskte at boligblokk, boder og carportar skulle danne rette linjer i høve til kvarandre.I samsvar med teikningane.
Eg har dei siste par åra solgt 2 bolighus her på Sæbø. Eg ynskte å prioritere barnefamiliar. Som eg og har gjort.
Eg bur i ei leiligheit som eg trivast i. Ofte undrast eg imidlertid over delar av "omgjevnadane" sine uhøvla og simple kommentarar om "Fjordtun-prosjektet." Burde ein ikkje heller vere positiv og glad for at det tidlegare "Stokke-huset" no står fram som eit staseleg bygg? Som utearealet og vil verte.....
Og at no 6 av 7 leiligheiter er bebuddd?
Helge Strand
Lisjeelva er så godt som berga.. (01.06.2007 kl. 12:12)
Kari, ta kontakt med Sæbøgruppa og vert med på utforminga av dei nye områda på Sæbø. Planlegging av grøntområde er no under planlegging i Ørsta kommune, og ein plan vil kome ein av dei fyrste dagane. I den gamle reguleringsplanen ville dette området og Lisjeelva ligge i rør og det ville ha gått veg og parkeringsplassar over området. Eg kan ikkje sjå at det no har vorte eit tilbakesteg. I Ørsta kommune er det også heilt samstemnt at å leggje Lisjeelva i rør, er ikkje i dagens planar. Eit spørsmål er korleis skal vi få bygge ei bru over elva? Her må vi har meir pengar og dei er ikkje tilgjengeleg no.
Ellers så er eg samd med deg i resten du skriv og dette er viktigt at Sæbøgruppa vert gjort oppmerksom på. Eg har tru på at Sæbø skal verte ein betre plass å bu etterkvart.
ISMo
Hjørundfjord bygdemobilisering
Bevar Lisjeelva (01.06.2007 kl. 11:41)
Underteikna er samd med dei som ikkje vil ha fylt opp denne bekken ned mot sjøen. Før dei byrja å rota med området, var her ein idyll, med ganveg og ved flod ofte symjande villender. Men då dei sette opp desse stygge budene og tok vekk den gode gangvegen, vart eg motlaus på Sæbø sentrum sine vegne, og sidan har eg berre observert meir eller mindre planlaus oppfylling, med store grusflater, som sikkert vert vanskelege å få noko vakkert og nyttig utav.
Sæbø treng toalett for alle tilreisande og gjennomreisande. Tidlegare plassering var for så vidt god, men å fjerne denne murkonstruksjonen som er førsteinntrykket når ein kjem med ferja til Søbæ, kan absolutt vera lurt, i alle fall om han vert erstatta med naturstein, beplantning og anna, som sjølsagt med ettersjåast og vedlikehaldast.
Containerane kan plasserast mindre "iøynefallande", langs veggen på det tidlegare Stormøllen, gjerne innegjerda og omplanta med humle eller "Arkitektens trøst".
(Forresten treng Sæbøfolk betre disiplin når det gjeld avfallshandtering.)
Ikkje lag fleire parkeringsplassar. Kommunen ser ut til å elska det, men dei få toppane som ein har når det gjeld parkering, kan ein greia å takla som det er. Parkeringsplassen som vart laga ved badestranda burde ikkje ha vore der. Badande har ikkje lang veg å gå om dei parkerer i sentrum. Parkering slik ved stranda er i tillegg eit faremoment. Tenk på alle barn som kjem hit!
Det er mykje som kunne ha vore sagt og kommentert. Men eg vil til slutt berre seia at det er viktig å vera realistiske! Sæbø er ingen storby! Det som vert planlagt, bør vera realistisk og lett gjennomførbart.Vi må bevara, forbetra og bygge vidare på den vesle idyllen vi allereie har, i tillegg legge meir til rette for dei som er våre gjester. For eit par veker sidan sykla eg rundt Frøylandsvatnet på Jæren. Der var det nokre ideear å henta, skulle eg tru!
Kari Hame
Grønt!! (26.05.2007 kl. 23:33)
Eg kunne tenke meg mykje grønt område,med lettstelte planter og tred.Ein ting som det"haster" med er og få meir benker rundt om i sæbø som folk kan få kvile seg og nyte naturen.Eit STERKT ønske om der er penger,så burde der stå minst to benker utover mot Hjellen,Sæbøneset.Oftast går der mykje turister, og eg har fått spørsmålet mange gongar "er her ein benk"?
AnnHelene Wille
Lemmen ! (26.05.2007 kl. 10:21)
Lemmen skal være der !!!!!!!
Elen Maria Holen
Glimrande artikkel (26.05.2007 kl. 02:01)
Dette var ein glimrande artikkel, Hilde. Dette gjer at kvar og ein av oss må tenkje estetikk. Du tek opp mange problemstillingar, som t.d.:
1) Busskuret. Er det ikkje berre å fjerne det. Kor mange står der? Bankgangen er jo open når det er buss eller ferje.
2) Lisjeelva. Her er eg samd i at elva skal vere open. Eg er også samd i at det kanskje bør vere meir vatn i elva. Spørsmålet er kvar vatnet skal leidast inn. Sæbø IL meiner nok at det bør vere minst mogleg vatn forbi deira området. Viss det er for mykje vatn i elva mellom handballbana og treningsfeltet vil ballar for store verdiar forsvinne før ein rekk å nå dei.
3) Pynting vs. villniss. Vi kan alltid seie at kommunen skal pynte med blomar, men eg trur at på fleire av dei områda som er peika på i artikkelen, må det ei samhandling til mellom grunneigar og grendelaget. Men kanskje kan kommunen gje midlar til blomar/planter?
4) Kaifronten. Det er viktig at kaifronten vert fin. Stadig fleire vil kome med båt til Sæbø, og då er det vesentleg at fronten ser ryddig og strukturert ut.
5) Lemmen. Eg kan vere samd i at lemmen ikkje er pen, men så lenge det vert drive næring med utskiping av sand, synest eg vi må godta han. Vi skal ha arbeidsplassar i Bondalen også.
Dette får vere nok for denne gong, men det viktigaste for at vi skal ha eit pent Sæbø sentrum, er at kvar og ein av oss tenkjer estetikk og miljø. For meg handlar det om ikkje å kaste sigarettsneipar. For andre kan det handle om at ein nyttar boskorga i staden for asfalten....
Rune Sæbønes
Lemmen (25.05.2007 kl. 22:27)
Lemmen ska ikkje vekk !!! De ødelegge sommaren få oss barn !! Bedre me lemmen enn noke hoppetårn !!
Silje Riise
Kva med "lemmen" på damskipsk (25.05.2007 kl. 19:57)
Den er ikkje noko vakkert syn, og eg veit ikkje kor mykje han er i bruk til lassing av/på båtar. Samstundes er lemmen og steintrappa ned i sjøen eit viktig samlingpunkt for badande ungdommar sommarstid. Kan her bli plass for eit hoppetårn? Som td dette: http://www.brygge.com/index.php?vgrid=301 eller
http://www.sommerbutikken.no/brygge-bade_stupe.htm
Hilde Muren
Meir vatn i Lisjeelva (25.05.2007 kl. 13:04)
Eg bur rett atmed elva, og såg gjerne her kom litt meir vatn i henne. Særskilt i gjødslingstida blir botnen mørk og slimete. Dei gongane det regnar mykje over tid (som no) blir vassføringa betre, og elva held seg rein. Her er og krede som går oppover, det er sjeldan å sjå - men veldig kjekt. Oter og mink følger og etter. Likte elles godt ideen din Helga om lagune lenger nede.
Hilde Muren
Ein trivselfaktor! (25.05.2007 kl. 10:03)
Mykje kan seiast til det at det har skjedd lite på Sæbø, men ein vitig ting er at Lisjelva er bevard og ikkje lagd i rør, som reguleringsplanen gjev løyve til. Lisjelva med rennande vatn er i seg sjølv ein vitig trivselfaktor for fastbuande og ein turistatraksjon for tilreisande. I elvekanten frå den nederste brua og framover finn vi verdifull handmurte elvakant av naturstein, som i seg sjølv er ein bevaringsverdig handverkskunst som vi ikkje må tenke på å øydelegge. I sjølve brua over riksvegen ligg ei bruhelle av dimensjonar som vi skulle ha fått meir fram i dagen.
Turistane kjem til distriktet vårt for å oppleve naturen og er fasinert av rennende vatn og vil gjerne sjå kvar elvane renn nedi fjorden. Det er med stor skuffelse når dei oppdagar at elvar ligg i rør der den går ut i fjorden. Andre stadar har dei vorte klar over dette, og brukar store ressursar på å igjenbygge småelvane til opne løysingar.
Planen på Sæbø er i dag å plastre ferdig elvosen og mure siste stykke fram til den nederste brua. Å mure er eit tidkrevande og kostbart arbeid så her er det pengane som bestemmer.
Ellers er eg enig med det Helga skriv om å plante til elvakanten for å lage til ein trivselplass med sitjeplassar, og det er plane også i dag. Eg er ikkje enig i tanken om at vi skal legge elva i rør, men heller på sikt prøve å få meir vatn i den så folk kan få oppleve at der går fram sjøkrede.
I vekene som kjem kan folk få være med å utforme område rundt elva.
Ivar Svein Mo
Lissje-elva,fortsettelse (25.05.2007 kl. 07:48)
Ei lita"lagune"? skulle det stå til slutt.Berre eit impulsforslag frå meg.
Helga Mo Riise
Lissje-elva (25.05.2007 kl. 07:42)
Eg har ikkje tenkt så mykje,men med same eg såg biletet av elva ,slo det meg at mellom brua og den nye fyllinga,kunne det vere koseleg om ein renska skikkeleg opp på begge sider,plastra med fin stein og planta litt steinbedplantar innimellom.Oppom brua kan den godt gå i rør.Litt fleire sitteplassar rundt om kan gjere det til ein koseleg plass for turgåarar frå heimen og andre.Ei lita "?
Helga Mo Riise
Det lille brune huset (24.05.2007 kl. 23:51)
Det lille brune huset er pumpehuset for fergekaia. Altså huset der hydraulikken og styringane til fergekaia er plassert. Denne er nok naudsynt å ha der. Men den kunne kanskje ha sett litt betre ut?
Tor Eirik Trandal