Først tenkte eg Sandegga som ein flott tur i det varme vèiret. Men etter gårsdagens inspeksjons runde oppover i Kårdalen viste det seg at dette kunne verte ein flott tur. Det blei det!

Vi, eg og far min, starta på Sellereite på Leira og gjekk oppover god og flott rås som var blitt rydda i fjor. Den snirkla seg oppover ein rygg heilt til snøgrensa som låg omtrent på kanten til Kårdalen på omlag 800 meter over havet.

Bilde 001

Dette ser lovande ut med tanke på utsikta. Otåla (1312m.o.h) til venstre.

Oppover Kårdalen såg vi ei renne på venstre side, dette kan kanskje interessere fleire?

Bilde 005

Ei flott renne, kanskje dette er ein veg ned? Oppe til høgre ser vi noko av ruta vi gjekk.

Snart fekk vi på oss skina og utsikta blei stadig betre utover Hjørundfjorden.

Bilde 013

Flott utsikt mot Hjørundfjorden. Betre skulle det bli...

Det gjekk fort oppover dei bratte ryggane til Kårdalstindane, vi steig fort i meter over havet og utsikta var eit faktum. Utsikta er heile vitsen med denne turen, men her var òg overraskande mange flotte sider og moglegheiter til nydlege nedkjøringar.

For å indikere at dette er eit stort utsiktspunkt, tenkte eg at eg tek ganske enkelt å syner bilete med tekst under som forklarar kvar vi er:

Bilde 020

Skjåstaddalen med Bjørkehornet (1430m.o.h) til venste. No er vi komne opp i dalen og tatt av til venstre oppover ei breid side.

Bilde 021

Kvamsetdalen midt i mot. Kjerringøyra (1414) til høgre, Dukhornet (1412) til venstre. Bak ser vi mange kjende fjell. Same stad som førre bilete.

Bilde 027

Vi nærmar oss toppen. Skårasalen (1542) den svarte veggen bak, omlag midt på bilete.

Bilde 033

Vi har nådd toppen! Hornindalsrokken (1529) sin imponerande tindeform til venstre. Rokkekjerringa (1543) til høgre. Legg merke til snømengda i dalen og rundt!

Bilde 039

Underteikna på toppen, Jakta (1588) til høgre.

Bilde 042

Pappa speidar etter fjell. Nok ein gong Storhornet, Bjørkehornet og Skjåstaddalen bak.

Bilde 057

Hjørundfjordportalen! På veg nedatt tok vi oss ei runde på dette enorme platået. Den artige formasjonen Vår Herres Skosyl til venstre.

Bilde 072

Pappa "push'ar" grenser. Dette er i nærleiken av Holshornet, ovanfor dei tre fonnoverbygga mellom Leira og Viddal. Jakta til høgre.

Bilde 082

Flotte og breie sider sjular seg i dette vekkgøymde landskapet. 

Bilde 084

På veg nedatt hadde sola steikt i sør-vestryggen som vi gjekk opp. Dette førte til fleire utglidingsfonner. Ver obs på dette om du tek denne turen ein gang. 

For å konstantere utsikta legg eg ved nokre panorama bilete med dårleg kvalitet. Årsaka var automatisk endring av biletmodus i sola(Svært irriterande)  Bileta vart forøvrig teke med mobiltelefon, men sjå utsikta ikkje biletkvaliten:

DSC00089

Frå kanten i Kårdalen.

DSC00092

Utsikta er stor...

DSC00093

Eventyrleg!