Det er ikkje så mange skuter som legg til lenger ved kaia til Sæbø D.S. Ekspedisjon på Sæbø, men framleis kjem kalkskuta ein gong i året med kalk til gardbrukarane i Bonalen.

Tidlegare år var det langt fleire bønder enn i dag som henta kalk frå skute på Sæbø, men traktorane og tilhengarane var også l mindre.  Dermed måtte det fleire lass til.  Sist laurdag køyrde også Kjell Otto Holen kalk til gardbrukarane med lastebil.  Det er ikkje alle som har tid til å køyre sjølve.  Det er mykje som skal gjerast i løpet av ein laurdag i løpet av våren - i alle høve om bøndene har anna arbeid utanfor bruket i tillegg. Det er Arne Johan Hustadnes som fortel dette til hjorundfjord.no.

IMG_4663 (Large)

Kjell Otto Holen får med seg mange tonn på kvart lass.

Først på 90-talet og tidlegare var det forresten eit anna kalkprodukt gardbrukarane kjøpte, nemleg skjelsand.  Skjelsand har ikkje så raskt verknad på ph-en i jorda som kalk, men til gjengjeld verkar den i fleire år.  Grunnen til at det vart slutt på skjelsanden, var miljøomsyn på havbotnen der skjelsanden vart henta.

Kalken denne laurdagen kom - som tidlegare år - frå Visnes kalk på Lyngstad på Nordmøre.  Kalken vart frakta til Sæbø med skuta "Elkon" av Kristiansund.  Mannskapet på skuta må gjere fleire jobbar og Hans Weiseth hadde m.a. ansvaret for maskina ombord.

IMG_4665 (Large)

Maskinsjef Hans Weiseth frå Kristiansund er slett ikkje på Sæbø med kalk for første gong...

IMG_4668 (Large)

Asbjørn Hjorthaug(t.v.) og Arne Johan Hustadnes.

Asbjørn Hjorthaug var ein av gardbrukarane som henta kalken sjølv.  Han tenkte ikkje på å leige Kjell Otto Holen til dette oppdraget. - Kva skal ein med ny traktor og hengar om ein ikkje skal hente kalken sjølv, undrar vel Hjorthaug.

Asbjørn Hjorthaug har bondeyrket som leveveg, men den store interessa hans er båtar/skuter/skip av ulike slag.  Når hjorundfjord.no spør kor gammal denne kalkskuta er, kastar han berre blikket over kaikanten og ned på skutesida.  - Denne skuta er i alle høve frå før 1950, svarar Hjorthaug.  Det forklarer han med at platene på skroget til skuta i utgangspunktet er nagla - ikkje sveisa.  Det var i 1949 at platesveising på skuter vart vanleg, hevdar Hjorthaug.  Vi har liten grunn til å tvile på at han snakkar sant.

Arne Johan Hustadnes har vore det som tidlegare vart kalla agent for Visnes kalk i nærare 20 år, trur han.  Det er han som ringjer rundt til gardbrukarane og tek opp tinging og det er han som ringjer rundt og seier ifrå når kalkskuta er på plass.  Arne Johan har ikkje tenkt å slutte med denne jobben, men han registrerer at det i år vart henta ca. 230 tonn kalk.  Det året det vart henta mest, var det henta ca. 600 tonn..