Håper eg har lært litt av Ragnar Standal då lærdommen er lett å bere.
Noko eg lærte av han var at vi skal verken leggje til noko i historia eller ta i frå noko .
Eit hus som blir resturert skal fortelle historia om folket som budde der frå huset var nytt og til nå.
Eg trur mange etter kvart ser verdien av å ta vare på røtene våre.
Uten å ta med oss historia og røtene våre er det vanskelig å forme framtida vår.
Per Atle Røe er en av mange som gjer mykje for kulturen i Hjørundfjorden.
Takk til alle som jobber for kulturen i Hjørundfjorden.
Kommentarar