Vi har akkurat fullført ein jobb på Statfjord-feltet. Jobben gjekk ut på å fjerne 80 kubikkmeter av sjøbotnen under ei gassrørledning. Dette for at dei skal klare å setje ned utstyr,som skal kople denne eksisterande rørledninga saman med ei ny rørledning.

For å grave vekk desse 10 m x 8 m x 1 m med knallhard leire,har vi eit selskap ombord som kjem ifrå Sørlandet.Dette selskapet som forøvring kallar seg Scanmudring har spesialisert seg på gravearbeid på botnen.

Dei har bygd om ei gravemaskin som kan fjernstyrast ifrå båten.

Dsc0

Som dykk ser på bilete over,er det kamera og mykje utstyr som står i førarhytta på gravemaskina.Føraren sit i ein kontainer på dekk,med akkurat samme stol,som den som står i ei vanleg gravemaskin.Ved hjelp av mykje utstyr,og kamera på gravemaskina,samt litt assistanse ifra kamerane ifrå miniubåtane,har han til ei kvar tid full kontroll med kor han graver,faktisk er det ei nøyaktigheit ned mot nokre 10-tals centimeter. Istaden for å snu seg for å tømme skuffa bak seg,så har dei laga til eit smart system.Som dykk ser er der ikkje ei vanleg skuffe på,men ein tut.Denne suger all masse gjennom den blå slangen,og ut bak.

Tren

 Dette gjer at det er mykje mindre sjanse for å skade røret som ein graver heilt inntil,samt veldig effektivt med tanke på sikta som blir på botnen når ein graver der.

Vi setter den ut,og tar den inn med skipets kran.Denne jobben var på 145 meters djup.

DSC00785

 For å gjere denne jobben her er vi totalt 62 mann ombord,så det som kan virke som ein enkel jobb,er faktisk veldig omfattandes.

Vi skal inn til Haugesund fredag 18.mai og bytte ut denne gravemaskina med nytt utstyr,som vi skal setje på rørledninga,og kutte vekk betongbeskyttelsen rundt røret.Litt spennandes med tanke på at der faktisk både under graving,og fjerning av betong er 160 bars trykk i røret.

Dette var opprinnelig ei heilt ny Kobelco 7,5 tonns gravemaskin før den blei omgjort til å jobbe på havets botn.

Tilslutt vil eg ynskje alle der heime ein fin 17.Mai med eit stemningsbilete ifrå Statfjordfeltet.

Dsc0

 

Venleg helsing

Jan-Inge Lillebø