I går, søndag, vart ein lekter til firmaet PGS slept til kai på Sæbø. Og til lekteren er det festa noko som ser ut som eit oppdrettsanlegg. Ombord på denne lekteren er det ein teststasjon for seismikk og der arbeider bjørdalingen Vegard Bjørdal.

Vegard Bjørdal ved luftkanonen, G-gun, som skal brukast under forskinga i Hjørudnfjorden dei neste månadane.
Til hjorundfjord.no forklarar Vegard Bjørdal at det altså er PGS som eig denne forskingsstasjonen, men at oppdragsgjevarane ved dette høvet er fleire. M.a. er Møreforsking ein av oppdragsgjevarane, men at det også er fleire oljeselskap som betaler for desse undersøkingane som skal gjerast i/på Hjørundfjorden.
Kva er føremålet med desse seismiske undersøkjingane, Bjørdal?
- Når ein t.d. leitar etter olje under havbotnen brukar ein luftkanoner som ein skyt med under havoverflata. Så gjer ein viktige målingar. Eit aktuelt spørsmål er så om denne skytinga fører med seg ulemper av noko slag. Det er dette vi skal finne meir ut om her på Hjørundfjorden.
Så no kan vi forvente at det flyt opp daud fisk mellom færingane til tyske seifiskarar??
- Nei, slett ikkje. Vi reknar med at slike seismiske undersøkjingar ikkje gjer skade i det heile, men dette vil oppdragsgjevarane dokumentere. Dei vil nok syne at dei driv seismisk forsking på ein miljøvenneleg måte.

Lekteren er både lang og brei.
Kvifor er akkurat Hjørundfjorden valt ut som eit passande testområde i denne samanhengen?
- Tilfeldigvis er PGS også stasjonert på Vestnes. Ein ynskte nok - av praktiske årsaker - å drive denne forskinga i ein fjord som ikkje var for langt borte.
Har denne forskinga akkurat her i Hjørundfjorden også noko å gjere med at her nesten ikkje er oppdrettsanlegg?
- Ja, det skal ein ikkje sjå vekk ifrå. Det er ikkje så populært at det vert dreve med seismiske undersøkjingar i nærleiken av oppdrettsanlegg.
Så då er vel også ulike oppdrettsfirma med å betaler for denne forskinga i Hjørundfjorden?
- Jaa..., både lakseoppdrettfirma og eit torskeoppdrettfirma er med og betaler.
Til hjorundfjord.no understrekar Vegard Bjørdal at firmaet sjølvsagt har innhenta løyve frå dei rette instansane til å drive desse undersøkjingane i Hjørundfjorden. Han opplyser også at denne teststasjonen skal vere på fjorden heilt fram til september månad. Dei brukar å arbeide 10 timar om dagen, men om natta er planen at lekteren skal slepast inn til kaia til Sæbø DS Ekspedisjon på Sæbø.
Eit spørsmål til slutt, Bjørdal - kvifor i alle dagar slepar de rundt på eit oppdrettsanlegg?
No er det ikkje montert merde under det du kallar eit oppdrettsanlegg, men vi brukar denne grinda til å feste lytteutstyr m.m. til. Det er altså mykje arbeid som skal gjerast, men vi startar ikkje før på onsdag. Slepebåt til lekteren er nemleg ikkje ledig før den dagen.
oljefond (24.06.2007 kl. 07:31)
Ei lita korrigering.
Dei "statlege sparepengane" er sjølvsagt på 2 tusen milliardar kroner, ikkje millionar!
Staten? Ja, det er framleis det norske folk.
Helge Strand
realitetar (23.06.2007 kl. 14:31)
Eg bed deg, Jorun-Karin Bjørdal,setje deg inn i realitetane i denne saka.
Arnfinn Mork si grundige redgjering for konsekvensane av seismikk-aktivitet finn du på denne sida. Les likeeins dei referansane han syner til. Dette er "sakans kjerne" og realitet nummer 1.
Realitet nummer 2 er at Ørsta kommune ikkje har vore kontakta, langt ifrå gjeve løyve. Kommune og lokaldemokrati er vorte overkøyrd i denne saka. Difor finn eg det heilt sjølvsagt at kommuna nyttar dei virkemidel dei kan for å stoppe dette. Om naudsynt melde det til politiet for brot på forureiningslova.
Dette er realitet nummer 2.
Realitet nummer 3 er at denne type "forskning" ikkje er ønska i Hjørundfjorden. Det er heilt vanleg at seismikk-aktivitet vert lagd til havs, og ikkje inn i tronge fjordar. Det same firmaet er også tidlegare annanstads vorte bede om å fjerne seg. Så det er ikkje Hjørundfjorden som "overlet dette til naboen." Tvertimot er vi "overlete det frå naboen!"
Førebels skal eg ikkje skylde seismikk-aktiviteten for ein "svart" fiskefjord. Men konsekvensane av ein 4-5 mnd aktivitet vil føre til det. All forskning syner at fisk rømer unna og vekk. Så her må "føre-var" prinsippet nyttast!
Vi ynskjer ikkje å vere "forsøkskaninar."
For trivnad generelt og turisme i og langs fjorden er ein fiskerik fjord av avgjerande betydning!
Den unike Hjørundfjorden er elles i ferd med å verte utsett for fleire "overgrep."
Dei fleire tusen år gamle laksestammene er i ferd med å forsvinne. Laksungar (smolt) som forlet fjorden, og forøvrig dei andre fjordane på Sunnmøre på veg til havs, vert knekt av lakselus frå oppdrettsnæringa. Ei næring som "siklar" etter resten av Hjørundfjorden.
I tillegg ei kraftline planlagd rett gjennom noko av det vakraste fjordlandskap i Noreg, og dermed i heile verda.
Med 2000 millionar på bok burde storsamfunnet sjå seg økonomisk i stand til å legge lina i kabel. Noko som nok i hovudsak og vert gjort, men ikkje utan at lokalsamfunna står samla i kravet og bak protestane!
Eg er glad for at folket i fjorden, og vener av Hjørundfjorden, no meir og meir skjønar kva for verdiar som står på spel og ynskjer verne desse!
Helge Strand
Busetjing i Hjørundfjorden. (23.06.2007 kl. 01:42)
Må ikkje verte sånn i Hjørundfjorden at berre det some er fint nok for dokke kan vere der sånn at det ikkje skjemmar ut bygda. kven vil då busetje seg i Hjørundfjorden?
Om det frista å flytte til Hjørundfjorden før har den fristelsen vorte mindre no. Tenk om ein ikkje har fin nok båt/bil og hus/hage. Ta fatt i det du sjøl har ansvar for først sørg for å hald det i ordden før ein kritiserer andre rundt deg. Kanskje ein dag er det deg dei ikkje er fornøgd med.
Om ein skulle ha sagt noko om ting som til liks med lekteren/slepebåten ikkje er så fin, ville lista verte lang. også på Sæbø.
Turistskip og Havbruksindustri. (23.06.2007 kl. 01:25)
Er nesten sjokkert over alt som vert skrive i denne saka. Og no dette med at om ikkje seismikk-firmaet ikkje stoppar forskinga vil det verte politianmeldt. Før dokke kan bekrefte at det er lekteren og slepebåten som gjer at det ikkje er fisk i fjorden. 15. juni kom turistskipet Amandea rundt Lekneset og 17. juni endå eit turistskip, ikkje rart fisken vert skremt. kan jo like godt vere at det er av støyen frå turistskipet fisken vert skremt som av slepebåten/lekteren. den vert heller ikkje brukt i helgane. veit dokke i det heile tatt kor mange frå Hjørundfjorden som har arbeidsplassane sine på sjøen. Og kor mange arbeidsplassar det vil verte mist om det skulle vere berre flotte turistskip i fjorden/på sjøen.
Dette med forskinga på havet gir og mykje læring om korleis ein kan bevare mangfaldet i naturen også i framtida, so må ikkje stå i veien for læringa. Ver glad for at nokon vil forske/lære sånn at industrien kan vere mest mogleg skånsom mot dyrelivet. Referansane som Arnfinn viser til har nok også forska for å finne ut det ein kan lese på dei nettsidene.
Arroganse (21.06.2007 kl. 23:35)
Ved eit par høve har eg vore på den KOMMUNALE dampskipskaia når slepebåten har kome til kai.
Med i dag ei overlega mine vart det sagt at no "er alle papir" i orden. Like arrogant som gongen før. Dei synast eige den kommunale eigedom, tilhøyrande same kommune som ynskjer dei bort! I dag såg eg ved 2 høve at vitjande ikkje kunne legge til fordi slepebåten låg der.
Dei ynskte "kaiekspeditøren" god helg og bad han passe godt på fortøyningar!
Kven er eigenteleg ansvarleg for at kaia står til disposisjon for vitjande? Er det ovenfornevnte "kaiekspeditør" eller ansvarshavande for ein eller annan kommunal instans? Det må snarast kome "køyrereglar" for kai med "tilbehør," spør du meg.
Helge Strand
kommuna vaknar! (16.06.2007 kl. 16:45)
Det ser ut for at kommuna har fått "finger`n ut."
(For verbalt å vere litt folkeleg.)
Takka, i hovudsak vere Arnfinn sitt grundige "research," m.m.
Likeeins Bodil S. sitt arbeid på kommunalt hald.
Eg vonar dette set standard for kommuna sitt engasjement og omtanke for Hjørundfjorden når kystsoneplanen skal handsamast. (Oppdrett m.m.)
Etter som eg skjønar først til hausten.
Bodil veit eg tek tak i dette. I tillegg går vi for Unn Frøland når valet kjem!
Båe er kvinner med tanke for nærmiljø og mjuke verdiar!
Helge Strand
... (02.06.2007 kl. 21:30)
jepp,Hjørundfjorden e veldi fine :)
men de vil ikkje sei at den e meir dyrebar en andre fjordar her i landet..
ej e sikker på at alle som bur nært en fjord e veldi glade i fjorden,men en plass må vi få olja ifrå me !
menneska no fortida e heilt avhengi av olje , so en plass må vi få den frå uansett!!
Mari Bjørdal
Hjørundfjorden (02.06.2007 kl. 16:39)
Eg meinar også at Hjørundfjorden er spesiell. Det ser ein fort på alle dei flotte bilda på portalen av fjorden og bygdene rundt den. Kjempekjekt å sjå sånne fine bilde.
Det eg ville sei er at Bjørdalen og er ein slik fin plass, og stadig fleire oppdagar dette. Men ijen er det lurt å tenke på at der det er landbruk og dyr som beitar må ein ta hensyn til det. slik som med fisken i havet å undersøkjingar der. Spesiellt på slike fine dagar som dette, men i dag er kanskje mange på Hjørundfjorddagane. Er kjekt å sjå folket stiller opp på slike arrangement som Hjørundfjorddagane og familiedagar.
Men hadde alle rundt om i fjordane/bygdene meint at deira fjord var heilt spesiell, ville det kanskje i ikkje vere oljeleiting eller havbruksindustri i fjordane heller berre på ope hav.
Kanskje Positivt det så vi får ta vare på vår fine uberørte natur og dele den med andre. så andre og for oppleve slike fine plassar.
Fjordseismikk (02.06.2007 kl. 09:50)
Flott at vi får inn andre meiningar her inne!
Fjordseismikk er noko heilt anna enn seismikk på ope hav, grunna at fisken ikkje har så mange alternative ruter inn og ut fjorden enn forbi der dette skal foregå. Trass i mange henvendelsar har ingen (eg veit om) fått konkrete svar på kva forsøka skal gå ut på, kor sterkt lydtrykk som blir brukt, eller kor intense dei skal være.
Fleire kystfiskarar ser på seismikk som ei større katastrofe for fisken, enn til dømes oljekatastrofer med store lekasjer. Det finnast mange forskningsresultat og undersøkingar som viser at fisk rømer i 100km omkrets, kval rømer 400km, fisk i migrasjon vel andre vegar og ikkje kjem tilbake etterpå, yngel og ungfisk blir desorienterte og skremde og kjem kanskje aldri tilbake til heimfjorden sin. Seismikkbåtar på havet må ha eige oplegg for å ta hensyn til kval. har desse eit oplegg overfor nisene i fjorden? Men all tidligare forskning har foregått på ope hav, der lydbølgjer forplantar seg på anna måte enn i ein trang fjord.
Har du google og internett finn du denne informasjonen sjølv, tilogmed på oljeindustrien sine sider.
Så Jorun har du kanskje lagt merke til at nokre av oss her på portalen ser på Hjørundfjorden som eit område med spesielt høg verdi, heilt på høgde med andre unike område som Gerianger og Nærøyfjorden, der det aldri skal kome hverken olje eller havbruksindustri.
Arnfinn Mork
oljeleiting eller anna havbruksindustri (02.06.2007 kl. 04:52)
Kva om alle rundt om i fjordane i Norge hadde sagt d same om oljeleiting og havbruksindustri?
Då ville det vere dårlig med olje her i landet. Men mange vil og ha olje og en plass må den kome frå.
Sperregrense..... (01.06.2007 kl. 14:35)
Ja,Unn! Eg ser skilnaden. Ære vere deg som er oppteken av dette! Etablerte politikarar har elles "glimra" med sitt fråver i så måte. Eg vonar elles sterkt at du vert vald inn i kommunestyret for partiet ditt. (Som eg trur du vert!)
Du er ung og har markert deg sterkt her på portalen for nærmiljø og "mjuke" verdiar. Du vil kunne gjere ein god jobb!
Eg er oppteken av at "menig mann" skal få innsikt i avgjerslene kring nasjonalstatus-saka.Eg veit at mange er oppteken av dette. Så kan kvar enkelt gjere opp si meining. Likeeins at særs mange meinar at avgjersla i kommunestyret var ein gedigen feil! Og ikkje i samsvar med folkemeininga i Hjørundfjorden, eller i vidare krins.
Eg har i mange høve vore (for) bastant i mine utsegn. Det er avdi eg er overtydd om at nasjonalstatus ville i framtida vere særs fordelaktig for Hjørundfjorden og Bondalselva. For miljø, trivnad, villaksstammer og villfisk generelt. Ein basis for turisme, og med det busetnad. Eg er i så måte ikkje redd for at framtida vil syne at eg tok feil.
Eg vil her på portalen og i Møre-Nytt fram mot valet utfordre dei politiske partia om deira synspunkt på sperregrense mot oppdrett i Hjørundfjorden. Då skal dei måtte vere konkrete!
Ei sperregrense "lengst mogleg ute" er for lite eksakt. Den noverande grensa (Festøy- Hundeivik) må oppretthaldast. Nett det var det aksjonen mot oppdrett i Hjørundfjorden var tufta på! Representantar frå dei politiske partia som event. ikkje respekterar denne folkelege protestaksjonen, med fleire enn 800 underskrifter frå enkeltpersonar, lag og organisasjonar om nei til oppdrett i Hjørundfjorden, ska måtte stå fram! Likeeins skal dei måtte forklare kvifor dei stemde for eller imot nasjonalstatus.
Helge Strand
(01.06.2007 kl. 09:07)
Nasjonalstatus er ein ting ,oppdrett ein annan, og det var det siste eg nemnde.
Unn Frøland
Senterpartiet og avstemming. (31.05.2007 kl. 18:03)
Ja, Rune!
Og ikkje minst svare på kvifor det nemde parti snudde 360 grader rundt og stemde imot Hjørundfjorden som nasjonal fjord og Bondakselva som nasjonalelv i eit gruppemøte på 10 minutt same dagen som avstemminga i kommunestyret fann stad! I tillegg til å fremje forslaget som gjekk imot! Ved noverande varaordførar Ola P. Saure.
Eit forslag som førte med seg at eit opprinneleg fleirtal for nasjonal status for elv og fjord i kommunestyret vart til eit mindretal. Eit kommunalt nei som i hovudsak låg til grunn for at regjeringa gjekk imot Direktoratet for Nat.forvaltning sitt endelege forslag om nasjonal status for Bondalselva og Hjørundfjorden.
Noko som bl.a ville hindre "seismikk-problemet" og framtidige oppdrettskonfliktar i fjorden.
I politikken heiter det eit "forklaringsproblem."
Her er eit dobbeltsigig døme på det!
Helge Strand
Senterpartiet og andre parti (31.05.2007 kl. 17:20)
Eg registrerer at listekandidat Unn har stor tru på Senterpartiet. Under Hjørundfjorddagane søndag vil folk få svar på kva både dette partiet og andre parti meiner om oppdrettsgrense i fjorden.
Rune Sæbønes
"Ut av øye ut av sinn.....?" (31.05.2007 kl. 16:33)
Lekteren som no vert fjerna frå Sæbø Dampskipskai er sjølvsagt viktig (og gledeleg) for såvel privatpersonar som næringsdrivande på Sæbø og i Bondalen.
Men vert ikkje det minste problemet flytta ut i fjorden? Til Ytre-Standal. Framleis i Hjørundfjorden.
Eg veit ikkje "beveggrunnane" for dette frå vonleg kommunalt hald.
Hovudproblemet er imidlertid aktiviteten/seismikken. Det må vi ikkje miste av syne. Som Arnfinn heilt rett påpeikar!
Helge Strand
Eit steg på vegen. (31.05.2007 kl. 15:20)
Det skulle berre mangle.. Tenk om dette hadde vore Geiranger, då hadde aldri nokon ein gong komt på å sende den inn fjorden. Folket i Hjørundfjorden burde ikkje på nokon måte finne seg i meir enn andre.
No håper eg berre dette blir stansa heilt, og at lekteren og forsøka fortsett ut av fjorden om kort tid!
Arnfinn Mork
Lekteren vert flytta. (31.05.2007 kl. 15:09)
I denne augneblinken er lekteren/teststasjonen flytta frå kaia på Sæbø. Den vert flytta til kaia på Ytre Standal...
Knut Hustad
Heilt enig! (31.05.2007 kl. 13:47)
Dette syner at Helge og Arnfinn (gratulerer m dagen)hadde mykje rett i sine antagelsar når det gjeld grumset vedrørande denne floten. Når det gjeld oppdrettsgrenser vil eg nemne at SENTERPARTIET no vil jobbe for at denne grensa kjem lengst mulig ut i den fantastiske fjorden vår!
Unn Frøland
Dette må stansast! (31.05.2007 kl. 12:22)
Eg har utveksla litt epostar med fleire, blant anna PGS som er veldig unnvikande, og har no slutta å svare meg. Har dei noko å skjule??
Det finnast andre leitemetodar enn seismikk som ikkje plager dyrelivet. Dette er ved hjelp av elektromagnetiske bølgjer og botnmontert utstyr. Denne metoden er på veg inn i oljeleiting, men fortsatt er gamle og meir tradisjonelle metodar mest utbreidd. Om 10-15 år er kanskje seismikk med trykkluftkanon slik det blir brukt i dag heilt avlegs..
Eg har også vore i kontakt med naturvernorganisasjonar som har gitt signal om at dei skal sjå på saka.
Eg er enig med deg Helge, vi skal være sopass egoistiske at vi seier at vi ikkje treng slik forskning i fjorden, for her skal det aldri drivast med oljeleiting eller anna havbruksindustri uansett! Dette er vår fjord, og den må vi ta vare på for våre etterkomarar. Kven andre kjem til å gjere det?)Om historia har lært oss noko, skal ein være veldig skeptisk til storkapitalen sine interresser for miljøet.
Fiskarane i Lofoten har klart å stanse og få fjerna seismikkbåtar frå nokre av fiskefelta sine, så då må vel vi prøve å få denne aktiviteten ut av fjorden vår også!
Arnfinn Mork
Les Sunnmørsposten i dag! (31.05.2007 kl. 09:13)
Dei som er interesserte i denne saka oppmodar eg om å lese Sunnm.posten i dag. Der vil ein sjå at dei som har kommentert og stilt spørsmål ikkje har vore på "ville vegar." Tvert imot!
Det stadfestar at vi må vere på vakt for å verne Hjørundfjorden mot miljømessige negative snikinnføringar! Vere seg seismikk-undersøkingar som i dette høvet, eller framtidige etableringar av oppdrettsanlegg.
For hugs: Sperresona mot oppdrett i Hjørundfjorden er framleis intakt. Dvs. at det er Ørsta kommune som skal legge ut event. lokalitetar for oppdrett. Fiskeridirektoratet er det som avgjer søknadane.
Dei omfattande folkelege protestane mot oppdrett i Hjørundfjorden må legge føring i denne saka!
Ørsta kommune kan difor ikkje legge opp til oppdrett av noko slag når konklusjonane vedr. høyringane til kystsoneplanen vert presenterte. Her står det om lokaldemokratiet!
Lat oss frametter difor verne og slå ring kring Hjørundfjorden som den unike fjorden han er!
"Ja, vill og vakker med mykje urørt natur." (Jmfr. den nye turistbrosjyra.)
Helge Strand
Arnfinn! (23.05.2007 kl. 22:02)
Eg har nytta store deler av dagen å lese referansane dine dine ang. denne saka, og lært mykje!
Helge Strand
Eg undrast. (23.05.2007 kl. 19:19)
Det er bra Arnfinn og Unn at de unge undrast og spør dykk sjølve kva bl.a dette inneber. Eg har spurd meg sjølv. Men eg er vel berre ein gamal "grinebitar" som hindrar utviklinga...... Det får så vere. Intensjonane mine for Hjørundfjorden er dei aller beste!
Eg har freista undersøke dette, og fått motstridande svar. Det kan i alle høve slåast fast at Fiskeridirektoratet har gjeve løyve.
Det same direktoratet er det som skal avgjere oppdrettsnæringa sine søknadar i Hjørundfjorden. Ikkje Ørsta kommune, dei gjev berre sine innstillingar.
"Oppdrettsanlegget" som heng bak vart det fortalt meg er av praktiske grunnar. Det er berre avdi sensorar skal kunne plasserast.
Så vart eg fortalt at anlegget skal fyllast med fisk. Vekselvis mellom ymse artar. Avdi ein heilt fram til hausten ønskjer sjå korleis dei ymse fiskeartane reagerer på stress. Ved bruk av seismikk.
Oppdrettsnæringa er det bl.a som finansierar.
Difor er spørsmålet nærliggande. Er dette ei "klargjering" av Hjørundfjorden for oppdrettsinteresser?
Fleire og fleire i nærmiljøet stillar seg spørsmålet. Difor hadde det vore greitt at det frå kommunalt hald vart klargjort dette.
Ein innvilga søknad frå Fiskeridirektoratet må ha vore handsama på kommunalt hald.
Helge Strand
Konsekvensutgreiing (23.05.2007 kl. 14:38)
Eksisterer dette? Kva veit egentlig kommuna om dette? Hjørundfjordingane veit tydeligvis ikkje meir enn det dei sjølv greier å grave fram av informasjon. Dette blir meir og meir grumsete etter mi meining!
Bra du etterforskar litt, Arnfinn, men det er vel fleire som har synspunkt på dette?
Eg likar ikkje dette noke særleg, her kan det virke som ein del informasjon vert tilbakehalde....
Unn Frøland
Ei liknande sak i Canada (23.05.2007 kl. 12:30)
http://www.davidsuzuki.org/latestnews/dsfnews03090701.asp
Her er det ei lignande sak frå Canada der det blir frårådd å drive med sesmiske undersøkingar nær laksen sine vandringsruter.
sitat:"Salmon migrate through the proposed testing area, which includes nursery grounds for many juvenile fish species. Much of the proposed seismic blasting would occur in narrow coastal inlets, which increases the potential for harm because humpbacks, harbour porpoises and other animals trying to avoid the noise may have difficulty escaping.
"Seismic testing, whether for academic study or to locate oil and gas, presents unacceptable risks to important parts of BC's environment and economy," says Jay Ritchlin of the David Suzuki Foundation."
Kva med Niser, oter, krabbe osv.. nise har vel same hørsel som kval som har vist symptom på dykkersjuke etter å ha blitt utsett for seismikk. Kval har rømt opp til 100km bort, og det ute på åpne havet. Oter fins det også mellom Sæbøneset og Standal der dette skal foregå. i same området også mykje krabbe som er spesielt følsomme for seismikk las eg ein plass.
Til meir eg les meg opp på dette med seismikk og virkninga på livet i havet virker dette berre meir og meir grotesk...
Arnfinn Mork
meir info om seismikk og fisk (23.05.2007 kl. 00:22)
Naturvernarar er bekymra for seismikken og fisken:
http://www.greenpeace.org/norway/press/releases/seismikk-skremmer-fisken
Les spesielt det som står om gyting..
http://www.naturvern.no/cgi-bin/naturvern/imaker?id=70625
her under er faktaraket om seismikk til oljeindustriens landsforening som også seier at det er dokumentert at seismikk skremer fisk.
http://www.olf.no/?18424.pdf
Arnfinn Mork
Laksefjorden (22.05.2007 kl. 23:51)
Syns det er synd at no når det verkeleg ser ut til at Hjørundfjorden har fått eit skikkelig løft når det gjeld turisme, så skal denne ligge i fjorden heile sommaren.
At den skal ligge litt ute i fjorden medan den driv med forsøk, er vel neppe bra for laksen som er på veg innover til elvane! Litt enkel googling på emnet "effects of seismic survey on marine life" viser at dette er ein faktor som fiskeflåten i nordsjøen har vortne tvinga til å ta hensyn til i lengre tid. Fangstar blir vesentlig mindre i tida rundt, og ei stund etter ei slik undersøking som i nordsjøen er ferdig i eit område i løpet av eit par veker.
Linken under er ei av mange sider på nettet som belyser mulige problem for livet i havet med seismiske undersøkingar.
http://www.akmarine.org/ourwork/fact-seismic.shtml
Effektane og skadene som seismiske undersøkingar har på fisk har vore kjende lenge, og at fisk blir skremde av slik aktivitet verkar å være konklusjonen i fleire undersøkingar eg finn rundt på nettet.
Slik eg ser det kan det vel ikkje være heilt heldig å styre med slikt inne i ein trang fjord der lyden vil reflektere frå fjellveggene rundt?
Håper at desse skal bruke langt svakare lyd enn dei 250db som er vanlege i åpent hav.
Ein gjer seg såklart tankar om laks og andre artar i hjørundfjorden hadde blitt valde ut som forsøksdyr dersom fjorden hadde vore nasjonal laksefjord no....
Arnfinn Mork
konspirasjonsteori ...? (22.05.2007 kl. 23:30)
Unn!
Ein "intetsigende" kommentar.
Når konspirasjonsteorien din er ferdigbrygget, får du dele han med oss i sentrum.
Spørsmåla eg stiller er faktisk representative for oss "langs sjøkanten."
Ja, faktisk for Sæbø meir enn adekvate.
Helge Strand
Oppdrett-olje- lytteutstyr?? (22.05.2007 kl. 23:02)
(Berre så vidt eg tørr sei det: Eg bryggar på ein konspirasjonsteori.)
Unn Frøland
Forskning.......med bismak? (22.05.2007 kl. 15:56)
Eg skjønar godt at denne type forskning må drivast ein stad. Personleg har eg heller ikkje sans for at "ein overlet det til naboen berre ein slepp det sjølv."
Men eg undrast.
Når V.Bjørdal strekar under at løyve er henta inn frå dei rette instansar, (som eg ikkje tvilar på)undrast eg på kven desse instansane er.
Er det Fiskeridirektoratet, Møre og Romsdal Fylkeskommune, eller kanskje Ørsta kommune?
Uansett har eg ikkje merka meg noko vedr. dette prosjektet i presse eller omtale forøvrig.
Realitatane er at denne forskninga skal gå føre seg i Hjørundfjorden heilt fram til september. Sammanfallande med turistsesongen i Hjørundfjorden. I ein oppdrettsfri Hjørundfjord, vert det vektlagt. (Sjå det...!)
Ein vil sjølvsagt ikkje stresse fisk i oppdrettsanlegg. Men kva med villfisk av alle typar elles i fjorden? Hovudtrekkplaster for hytteutleige langs og i Hjørundfjorden.
"Eit aktuelt spørsmål er om denne skytinga fører med seg ulempe av noko slag. Det er det vi skal finne ut av....Seier V.Bjørdal.
Event. ulemper får no tida vise. Ei synleg ulempe for Sæbø er det imidlertid at denne lekteren med det "heslege" oppdrettsanlegget på slep skal take opp plassen ved hovudskipskaia i heile sumar.
Kvar morgon og kveld skal altså denne med slepebåt legge til og frå kaia i sentrum!
Kven, om det krevjast, har gjeve løyve til dette?
Kan ikkje denne lekteren "med tilbehør" kunne ankrast opp ute på bukta? Slik at den gamle dampskipskaia kan ta imot vitjande sjøvegen?
Den nye flytebrygga er meint for cruisesevice sin hurtigbåt og Oddvar sin "Hjørundfjord." Då må den gamle og gode dampskipskaia vere til rådvelde, 24 timar i døgret!
Det er mi meining!
Helge Strand