Elise Flakk Nordang er klar for Hjørundfjorddagane saman med...........
Dei to songarane frå Norangsfjorden gler seg til søndag, og fortel at det har vore visse komplikasjonar undervegs. Det er nemleg Edith som har skrive tekst og melodi til songen dei skal ta saman. Problemet for Elise er at Edith skriv tekstane på dialekt. Trønder-dialekt.
- Og det fiksar ikkje eg. Difor er songen omsett til engelsk, fortel Elise. Ho er elev ved musikklina ved Volda vg. Skule, og har songen som instrument.
- Mest syng eg pop, men eg syng også jazz og klassisk, fortel Elise.Mor Edith er kjend for dei fleste på Sunnmøre. Ho er ein gjengangar i NRK Møre og Romsdal, og har også vore på Norsktoppen.
Kommentarar