Knut J. Riise har i fleire dagar no vist oss at no er Hjørundfjorden på sitt vakraste.  Det er heilt sikkert mange av dykk som har teke flotte foto av hagen, av blømande hegg, av bønder i arbeid, av folk på fjorden osb.  Desse fotoa skulle vi gjerne ha sett her på hjorundfjord.no.

Dersom ein av ulike årsaker ikkje ynskjer å legge ut foto her på portalen, kan du/de gjerne sende eitt- eller fleire foto til meg så kan eg evt. legge ut foto her på portalen.  Skriv gjerne kvar fotoa er tekne og namnet på fotografen. Adressa mi er knut.hustad@tussa.com  Er det noko de lurer på, ta gjerne kontakt.

Eg legg ved nokre foto under.  Først løvetann.  Ei slik eng med løvetann - dette fotoet tok eg den 30. mai - er vakker å sjå på.  Dei fleste dyr likar blada svært så godt, inklusiv hønene og sauene, men får ein fordyrkar/bonde ei slik attelege, vert det ikkje så mykje fôr i siloen...

IMG_0022 (Large)

Gult er kuult... Men: Saman er vi sterke, som det heiter i fagforeininga.

IMG_0023 (Large)

Vi kjenner henne kanskje best slik - på plenen.

Og så dei vakre epletrea hos Per Sverre i Myrholen.

IMG_0022 (Large)

Kan dette vere Gravenstein?

IMG_0025 (Large)

Sist haust fekk eg eple - svært gode eple - av Per.  Eg tek meg nokre turar til hausten også..