Liverpool-legendane Bruce Grobelaar (t.v.) og Alan Kennedy jublar over finalebillett saman med Alf Ole Aarseth.
For mange av oss har Liverpool vore favorittlaget sidan tidleg i 1970-åra, eigentleg før dei vart rett gode. I sytti-og åtti-åra dominerte Liverpool engelsk og europeisk fotball.
I 90-åra var Liverpool svake, men etter at Rafael Benitez tok over i 2004, har laget kome tilbake att. Etter kveldens thriller mot Chelsea, der Liverpool vann på straffesparkkonkurranse, har laget sjansen til sin tredje tittel på tre år, og sitt andre europameisterskap på tre år.
Manchester United-tilhengjar Svein Jon Holen saman med LFC-legendane Jan Mølby, Kjell Johan Aarseth (så lenge han har vore på ein Meisterliga-finale, er han det) og Ronny Whelan. Vert Svein Jon like glad etter semifinalen mellom Manchester United og Milan i dag?
Og bondalingane følgjer Liverpool. Til dømes var Kjell Johan Aarseth på finalen i Meisterligaen i Istanbul i 2005. Det var då Liverpool henta opp 0-3 til pause, spelte 3-3 mot AC Milan, og vann straffesparkkonkurransen.
Nokre av oss følgjer veteranane. Som då ein gjeng bondalingar var i Florø i 2005 og såg dei gamle Liverpool-heltane utklasse dei tidlegare Manchester United-heltane.
Kjell Johan Aarseth er klar for at Liverpool lyftar pokalen også i Athen den 23. mai.
Onsdag får vi sjå om Manchester United greier å følgje opp Liverpool. Også dette laget har mange tilhengjarar frå Hjørundfjorden.
Avslutningsvis legg eg inn teksta til verda sin flottaste fotballhymne, You`ll never walk alone, henta frå musikalen Carousel, og adoptert av Liverpool-fansen på The Kop tidleg i 1960-åra.
You'll never walk alone
When you walk through a storm, hold your head up high
And don't be afraid of the dark.
At the end of the Storm there's a golden sky
And the sweet, silver song of a lark.
Walk on through the wind, walk on through the rain,
Though your dreams be tossed and blown.
Walk on, walk on with hope in your heart,
And you'll never walk alone.
You'll never walk alone.
Kommentarar
AIG = Almost In Greece
Berre sjå :)
http://www.redandwhitekop.com/forum/index.php?action=dlattach;topic=175173.0;attach=111013;image
I tillegg kan det nevnes at United vinner serien på juks, men de var heldige å slapp poengstraff.
Hadde venta meg at iallefall Øyvind Taklo hadde kome med eit par synspunkt..
Øyvind var forresten ein av sjefsfotografane under den berømte Florøturen i juli 2005
MEN: A cop polis skal vi erobre. You'll never walk alone.
Tirsdag: Liverpool-Real Madrid 4-0
I dag: Manch U-Liverpool 1-4
Eg var faktisk "ringside" på Anfield (KOP-billett) i den fantastiske kampen mot Real Madrid på tirsdag. Utruleg oppleving. Har vore på The Kop tidlegare, men aldri opplevd eit slikt "trøkk" på Anfield, vanskeleg å beskrive, må opplevast.
...og suksessen fortsatte i dag med ein overbevisande siger mot United på bortebane !
Ei herleg veke for oss Liverpool-fans :)
Elisabeth ÅD:)