17.mai 2007 056

Livskunstnaren Arvid Urkegjerde er klar for Hjørundfjorddagane.

Det er mange heimar i Hjørundfjorden som har Arvid sin kunst på veggen. Mange har også anna kunst Arvid har laga. Det er ikkje få kaketiner, ølbollar og fat Arvid har rosemåla, anten i eigen regi eller som tilsett hos Brødrene Øyehaug.

  

Under Hjørundfjorddagane vil Arvid stille ut både nye arbeid, som vert til sals, og det vert dessutan eit tilbakeblikk på kunsten hans gjennom bilete han har måla opp i gjennom åra.

  

Arvid sjølv er noko motsetnadsfylt over å verte invitert til Hjørundfjorddagane. På den eine sida synest han det er kjekt, men på den andre sida synest han at andre kanskje er meir verde ei utstilling.

  - Eg reknar meg ikkje som ein kunstnar. Kanskje livskunstnar. Alle må vere kunstnarar for å kome gjennom dette livet, seier Arvid underfundig.  

- Det som vert feil, er at eg har treft så mange kunstnarar og livskunstnarar som er tusen gonger betre enn meg. Det eg ikkje skjønar, er at dei ikkje kan ha ei skikkeleg utstilling av kunstnarar her i Bondalen. Eg kan nemne i fleng. Bernt Rekedal, Oddvar Rekkedal, og ei bråte karar framma i Tvergrov og Valset. Dei var kunstnarar alle i hop, seier Arvid.

 

Samstundes vedgår Arvid at han har fått mange gode tilbakemeldingar på det han har laga. - Eg håper eg har gjort noko med arbeida mine som seier noko for andre også, sjølv om eg har vore veldig glad når arbeida mine ha gått ut gjennom dørene.

  Han fryktar litt å sjå att nokre av dei gamle tinga. - Eg må leve med det, seier Arvid... 

På ein måte hyllar bygda deg med utstillinga det året du fyller seksti år?

  - Viss dette er eit snev av bygdemobilisering, går eg med på det, seier Arvid.