DSCN2373

Her vert det 4-0 til Sæbø. Terje Stokke (borte ved sidelina) skrudde eit frispark i mål. Kai Skår og Terje Holen kontrollerer. 

 

Sæbø opna kampen med aggressivt press, og laget tvinga gjestane Åheim til gjere feil. Det gav mange overgangar og sjansar til Sæbø.

1-0 kom etter 12 minutt. Terje Stokke kasta langt inn, og Marius Riise var først på balen og sette han i mål.

To minutt seinare vart det 2-0. Marius Riise vann ballen ved dødlina, og la inn til Terje Holen som skåra sikkert.

Terje Holen laga også 3-0. Det skjedde etter 31 minutt, og igjen var det eit langt innkast som skapte sjansen. Denne gongen var dei Kai Arne Skår som kasta, og Holen fekk ballen pleine framføre mål.

Sæbø hadde også to-tre andre store sjansar i tillegg, men 3-0 til pause er uansett bra.

P5280278

Marius Riise utfordrar ein Åheim-forsvarar. Det vart to mål på Marius 2. pinsedag. 

Sæbø auka leiinga til 4-0 etter seks minutt i andre omgang. Sæbø fekk frispark ute ved sidelina. Terje Stokke sitt skrudde innlegg var så godt at det like godt skrudde i mål bak eie forfjamsa Åheim-keeper.

Etter denne skåringa dabba Sæbø av, og Åheim kom inn i kampen. Laget hadde to store sjansar før det vart ei redusering på den tredje. Etter tjue minutt vart det 1-4 etter eit hjørnespark.

Sæbø svarte omtrent med det same. 22 minutt ut i andre omgang vart det 5-1. Marius Riise kom igjennom. Han var først på ballen i duell med Åheim-målvakta, og ballen trilla over målstreken.  Åheim si målvakt vart såpass skadd at Åheim måtte skifte målvakt.

Mats

Mats Riise får spelt ballen forbi Åheim-målvakta, og ballen gjekk til Kai A. Skår som laga Sæbø sitt sjette mål. 

Tjuefem minutt ut i omgangen vart det 6-1. Sæbø spelte seg fint opp, og Mats Riise fekk lagt til ein betre plassert Kai Arne Skår som skåra.

Dermed har Sæbø atten poeng etter seks kampar. Betre kan det ikje vere. Komande måndag er det klart for sesongens tøffaste opgåva så langt. Då ventar topprival Bergsøy2 i Fosnavåg. 

DSCN2368

Ivar Osvoll (t.v.) og Jørund Walseth har følgt oppmodinga til hjorundfjord.no. Dei kom heilt frå Austlandet for å sjå Sæbø spele på heimebane. 

DSCN2370

Ekspertise på tribunen. f.v.: Erlend Walseth, Jarle Walseth og Skeid-spelar Trond Åge Osvoll. 

Tabell 6. divisjon avd. 2

1 Sæbø                     6   6 0 0   21-6  18

2 Bergsøy 2              5   5 0 0   23-8   15

3 Flø                         6  3 1 2   28-16  10

4 Tjørvåg                  4   2 2 0   17-8   8

5 Volda 2                 3    2 0 1   4-3    6

6 Gjerdsvika             5   2 0 3    8-13  6

7 Moldtustranda        6   1 1 4  12-15  4

8 Hødd 3/Hasundgot 6   1 1 4    9-22  4

9 Hjørungavåg           6   1 1 4    8-27  4

10 Åheim                  5    1 0 4  13-22  3

11 Kvamsøy/ÅVK 2 4   1 0 3  10-13  3