Geiter på Stavset IMG_2229
Geiter har vore naturleg å sjå etter Hjørundfjordstranda. Her frå Stavset 

 

 

Norges vassdrags- og energidirektorat

Postboks 5091, Majorstuen

0301 OSLO

 

 

Høyringsuttale vedrørende konsesjonssøknad 420 kV-ledning Ørskog – Fardal.

 

1.      Det einaste alternativet som kan aksepterast er sjøkabel for heile strekninga Ørskog - Fardal.   

 

  • Det er industriutbygginga på Nordmøre som er årska til kraftunderskotet i Møre og Romsdal. Det er derfor blodig urettferdig at innbyggjarane langs ein eventuell kraftlinetrasè skal få ulempene med ei slik utbygging.
  • Når det gjeld utgreiinga frå Statnett opplever vi at den er mangelfull på fleire felt. Så langt vi kan lese ut i frå konsekvensutgreiinga er det ikkje teke omsyn til kostnadane med dei samfunnsmessige ulempene ei slik kraftledning over land fører med seg. For vår del dreier dette seg om:

o       Framtidig tapte inntekter for råka partar.

o       Fare for nedlegging av aktivitet og fråflytting frå stadar som er særleg råka.

o       Helsemessige konsekvensar av stråling og elektromagnetiske felt, fordi ein opererer med verdiar som er høgst omdiskuterte, og at ein her ikkje nyttar «føre var» prinsippet.

o       Samfunnsmessige konsekvensar av angst og frykt som ei slik line medfører, mellom anna som følgje av usikkerheit omkring dette med stråling.

o       Visuell forsøpling av naturen.

o       Miljøforringing av spektakulære naturområde, med store frilufts-, kultur- og landskapsinteresser i ein av etter mange sitt syn, verdas vakraste fjord.

 

  1. Dersom det likevel blir luftline, vil vi peike på følgjande konsekvensar for Stavset og Ytre Standal.

 

  • Desse gardane er mellom dei bygdene som blir hardast råka. Med avstandar heilt ned til offisiell faregrense for elektromagnestiske felt for fast busetnad, vil det vere utelukka for nye generasjonar å busetje seg her.
  • Fritidsbustadar som får kraftlina rett utfor stovevindauget, vil ikkje lenger kunne brukast i noko særleg grad, og dei vil vere umulege å selje.
  • Dei aktive gardsbruka som er att, vil bli nedlagde når noverande generasjon går ut. I dag har vi eit kulturlandskap som er halde i hevd omkring desse geitebruka. Etter få år vil alt gro att, og dette vil då ikkje vere i samsvar med styresmaktene sine intensjonar om å halde kulturlandskapet i hevd.
  • Vi som bur her har draumar og planar for framtidig satsing på turisme. Det ligg føre konkrete planar for satsing på turisme, som vil bli umuleg å gjennomføre med ei slik kraftline langs fjorden.
  • Dei fleste av aktuelle hyttepunkt vil ligge rett under planlagde trasè, og på grunn av skredfare mange stadar, har vi sterkt avgrensa mulege hyttetomter.
  • Den visuelle effekten av luftspenn over dalen, vil forringe opplevelsen av eit særprega landskap med pr. i dag få og små menneskeskapte inngrep. Ytre Standal er ein fantastisk inngangsportal til Hjørundfjordfjella generelt, og den verna Molladalen spesielt.
  • Hjørundfjorden er, på grunn av nærleiken til Ålesund, eit viktig opplevingstilbod for turistar og fastbuande i Ålesundsområdet. Fjordspennet og ei tydeleg brei kraftlinegate langs med stranda vil forringe opplevelsen, og ta bort fokuset frå vill og nesten urørt natur.

 

  1. Dersom 420-kV lina likevel skulle bli lagt langs med Hjørundfjordstranda, krev vi at den blir lagt i kabel forbi bygdene våre.

 

Ytre Standal den 23.05.2007

 

Stavset og Ytre Standal grendalag

 

Kart Lisje Standa kraftlinje