Den offisielle feiringa av nasjonaldagen vår i Bondalen og på Sæbø, starta med gudsteneste i Hjørundfjord kyrkje, leia av sokneprest Kåre Øygard.

IMG_0007 (Large)

Sokneprest Kåre Øygard leia gudstenesta.

IMG_0009 (Large)

Mange var tilstades i kyrkja,  men diverre få barn...

Som vanleg var det born og unge frå Sæbø skule som las dikt m.m. under markeringa ved Bautaen i Sæbø sentrum.  Nytt av året var det likevel at den tradisjonelle talen var komen tilbake.  Talen vart halden av Rune Sæbønes, sentral i Hjørundfjorden bygdemobilisering.

IMG_0013 (Large)

Born og unge ved Bautaen.  Her er det Jonas Jelti som les dikt.

IMG_0015 (Large)

Rune Sæbønes heldt tale ved Bautaen.

Det har etter kvart blitt svært mange som har bunad i Hjørundfjorden.  Mange brukar også drakter av ulike slag.  Heldigvis ser vi ikkje berre sunnmørsbunadar eller hjørundfjordbunadar.  Det er tydeleg at fleire har slekt og vener frå andre kantar av landet på besøk på nasjonaldagen.  Men mange har sjølvsagt også bunad eller drakt frå den delen av landet der dei har røtene sine. Kanskje får vi snart sjå nasjonaldrakter frå utlandet også? 

Først på dagen tenkte eg at eg skulle fotografere alle ulike bunadar eg såg, men det vart eit alt for stort prosjekt, men under ser vi nokre flotte damer - og ein mann. 

IMG_0018 (Large)

To flotte damer.  Sigrid Berge(t.v.) i sin bunad frå Telemark - Heddal? Til høgre ser vi Else Årseth i sin vakre sunnmørsbundad. I dag var Capen god å ha.

IMG_0020 (Large)

Her har vi fått to vakre kvinner til.  Svigerdotter til Else, Anna Moan til venstre og mor til Anna, Inga Moan til høgre.  Anna og Inga har trønderbunad.

IMG_0022 (Large)

Vi i Hjørundfjorden set alltid pris på å få besøk av Ingebjørg og Sigmund Aarseth. Nei, dei to har ikkje drakt eller bunad på seg, men flotte er dei likevel.  Sigmund likar ikkje så godt masseproduserte klede.  Den flotte jakka har han fått sytt av ein kvinneleg kleskunstnar på Voss.

IMG_0039 (Large)

Utan tvil - fleire bør bere flagg på nasjonaldagen slik som Åshild Aklestad Walseth.  Til høgre ser vi Eldbjørg Eidem i si vakre festdrakt frå Nordmøre.

IMG_0028 (Large)

Og kva slags bundad er dette? Nei, dette er sjølvsagt ingen bundad, men Alexander Riise Olsen er ein flott representant for dei som avtener førstegangstenesta i Marinen.

Det er flerie år sidan barnetoget og folketoget vart slege saman til eitt på Sæbø.  I dette toget spelte Follestaddalen og Bondalen hornmusikk og ikkje misnt Sæbø skulekorps.  Toget hadde sjølvsagt flaggborg og lenger bak gjekk dei ulike klassestega frå Sæbø skule, så kom Røde Kors, Helselaget osb.

IMG_0023 (Large)

IMG_0024 (Large)

Passar vi på og ikkje gå for tett, vert toget langt...

Toget gjekk den tradisjonelle runda og stoppa til slutt på grusbana ved klubbhuset til Sæbø IL der Hornmusikken heldt ein liten konsert.  På klubbhuset var det salg av mat og det var også her dei tradisjonelle leikane for born og vaksne vart haldne.

IMG_0027 (Large)

Yngve Frøland har nettopp avslutta militærteneste ved GSV - Garnisonen i Sørvaranger.  Han arbeidar no i barnehagen på Sæbø og der er han utan tvil ein populær mann.  Her har toget ein liten stopp utanfor Hjørundfjordheimen.

IMG_0034 (Large)

Desse karane bør også gå i takt dersom dei vil vinne denne konkurransegreina - nemleg å kome seg først til mål med ski for fleire personar. Jakob Hustad fremst, så Petter Årseth.

IMG_0037 (Large)

Og her er konkurrentane.  Jonas Jelti fremst, Nina Hustad dannar baktroppa.  Legg merke til skiskorne til Nina... 

Klokka 15 var det tid for folkefest.  Denne gongen vart den halden i gymnastikksalen.  Det er alltid eit spørsmål om festen skal arrangerast inne eller ute.  Ingen visste i går kveld at det skulle verte eit så flott ver ute, difor vart det "innefest".  Kanskje gorde det at det vart færre som kom inn, men Arvid Urkegjerde var endeleg tilbake som kåsør - med stor suksess.  Han sparte ingen - heller ikkje seg sjølv.  Men heile tida nytta han sin lune humor.

IMG_0043 (Large)

Arvid Urkegjerde.