kvitveis1kvitveis2

Ein liten kvitveisbukett blir plukka og brakt tilbake til barnehagen. Langs vegen veks her og hestehov - ein litt ukjend blom for Bondalen, kanskje innført av ørstingar?

Barn veit ofte å setje pris på det dei finn i utanfor vegen, særskilt om der er vatn. Og i dag fant dei "lappegoble" - visstnok eit eldre ord frå fjorden. Her har Yngve samla opp ein nøve slik at alle får sjå og ta på: 

lappegoble

Langs vegkanten fant ungane og hjortehår som vart samla saman. Tilbake i barnehagen vart dei tapa saman til noko som kanskje kan verte ein såpekost?

hjortehår   hjortehår2

Det er godt å vere i ein barnehage som har så mykje variert natur rundt seg.