

Ein liten kvitveisbukett blir plukka og brakt tilbake til barnehagen. Langs vegen veks her og hestehov - ein litt ukjend blom for Bondalen, kanskje innført av ørstingar?
Barn veit ofte å setje pris på det dei finn i utanfor vegen, særskilt om der er vatn. Og i dag fant dei "lappegoble" - visstnok eit eldre ord frå fjorden. Her har Yngve samla opp ein nøve slik at alle får sjå og ta på:
Langs vegkanten fant ungane og hjortehår som vart samla saman. Tilbake i barnehagen vart dei tapa saman til noko som kanskje kan verte ein såpekost?

Det er godt å vere i ein barnehage som har så mykje variert natur rundt seg.
Lappegople ja! (13.04.2007 kl. 22:12)
Frosk var eit sjeldant ord før. Vi sa alltid grolappe. Og froskeegg har eg aldri brukt. Alltid lappegople.
Så til hestehoven.
Den fanst ikkje før, så vidt eg veit.
Helga tok med nokre som ho planta i hagen. Etter at ho luka dei vekk, dukka det plutseleg opp hestehov i leirbakken i første svingen oppi Bakkane. Der lever dei i beste velgåande og har vorte eit av dei første vårteikna mine.
Knut Riise
Kven veit meir om ordet "lappegoble" (13.04.2007 kl. 21:00)
Er det slik det heiter? Kva er opphavet til ordet? Er det mange som framleis brukar det, eller blir det berre froskeegg?
Hilde Muren