På same måte som tidlegare år vert det sett ut containerar på bygdene, men med litt forandringar.
Det skal berre metall og jarnskrap i desse containerane. Elektroavfall kan settast på utsida.
Døme på jarnskrap og metall kan vere:
- Traktorreiskap, horver, svansar, vossakasser o.l.
- Metallgjerder
- Bølgeblekk
- Slåmaskiner/plenklipparar
- Bildelar: eksosanlegg, bremseskiver, felgar osv
- Anna avfall av metall eller jarn
Når det gjeld elektroavfall kan dette vere:
- Kvitevarer og brunevarer
- Datamaskiner / utstyr
- TV og skjermar
- Anna hushaldningselektro som hårføner o.l.
Containerane vert plasserte slik:
3.-9.mai: Urke v/badeplassen på Maude, og på Øye v/nausta på Norang
7.-14.mai: Bondalen v/Grendahuset og v/Rekkedal skule, samt på Sæbø v/ferjekaia
Det vert i næraste framtid utdelt eit meir detaljert informasjonsskriv i kvar einskild postkasse. (Skrivet kan du også laste ned som .pdf dokument her.)
Restavfall kan vi hente gratis på ordre, men mot betaling pr kilo (kr 2,- same som på miljøstasjonen). For henvendelsar, ta kontakt på tlf. 70048610, eller sore.sunnmore@retura.no
Vi må presisere at det er viktig å holde generell orden i og rundt containarane, både med tanke på attvinning av avfallet, og høve til å ha ordninga i framtida.
Retura Søre Sunnmøre v/ Jon Arne Steinsvik
Kommentarar
Kan legge til at Bjørke mest sannsynleg får container i løpet av veke 21