Snøballane vart rulla nedover akebakken og vart store og tunge. Heldigvis arbeider her fleire sterke unge menn som enno ikkje har fått større belastningsskader av yrket. Utan Marius og Yngve har snømannen vår vore meir kortvekst.
Etterpå venta vi spent på kven som skulle hente snømannen (for når han er i barnehage er han eigentleg ein unge, og ikkje ein mann). Tenk kor stor mamman og pappan vil vere?
Medan vi venta, trimma Yngve litt med ungane:
Og medan vi morar oss med snøen, insisterer våren på at den skal fram:
Kommentarar
Men borna må ta høgtideleg farvel i dag med snømannen, for det er vanskelege tider å være snømann. Det er ikkje sikkert han er der måndags morgon....
Vi er heldige som har ein flott barnehage med eit supert personal.
Vi får sjå om det ikkje blir nokre fotspor i taket når eg kjem heim Vegard;-))