- Meldinga frå legane er i alle fall at det ikkje vert meir fotball for min del. I alle fall vert det ein rekonvalesens på seks månader før eg kan trene skikkeleg igjen, og då er det tvilsamt om eg vil gå på ein ny sesong, seier 31-åringen.

Det var då han skulle klarere ein ball det fatale skjedde. Akkurat i det han skulle spele tilbake til Kristoffer Valseth i mål small det. - Lyden gjekk over heile Sandsøya. Eg trudde det var nokon som sparka meg, men dommaren sa at ingen var i nærleiken. Då skjøna eg at det var noko alvorleg, fortel Sverre Børge til hjorundfjord. no frå sjukesenga i Volda.

Måndag låg han på operasjonsbordet i ein og ein halv time, og fekk festa sena til beinet igjen.

Sverre Børge er ved godt mot. Det einaste som irriterte han tysdag, var at han ikkje fekk sjå semifinalen i Champions League mellom Milan og Manchester United. .- Nei, sjukehuset har visstnok ikkje TV3. Men eg tek i mot meldingar på mobilen, seier Sverre Børge.

Marius Riise

Marius Riise held fram med å skåre for Sæbø.

Sæbø vann altså opningskampen i sjette divisjon. Trenar Jan Kjetil Holen fekk ein pangstart med 4-3-sigeren.Måla til Sæbø kom ved Tommy Riise Olsen, Marius Riise, Terje Stokke og Kai Arne Skår. Sæbø låg under 2-3 ved pause, men var best i andre omgang, og skåra to mål då.

Neste kamp for Sæbø er mot Volda2 på Sæbø stadion den 5. mai. Då kjem Sverre Børge for å sjå lagkameratane vinne, og håper på mykje publikum saman med seg.

Tommy

Tommy Riise Olsen teiknar godt for sesongen.