- Meldinga frå legane er i alle fall at det ikkje vert meir fotball for min del. I alle fall vert det ein rekonvalesens på seks månader før eg kan trene skikkeleg igjen, og då er det tvilsamt om eg vil gå på ein ny sesong, seier 31-åringen.
Det var då han skulle klarere ein ball det fatale skjedde. Akkurat i det han skulle spele tilbake til Kristoffer Valseth i mål small det. - Lyden gjekk over heile Sandsøya. Eg trudde det var nokon som sparka meg, men dommaren sa at ingen var i nærleiken. Då skjøna eg at det var noko alvorleg, fortel Sverre Børge til hjorundfjord. no frå sjukesenga i Volda.
Måndag låg han på operasjonsbordet i ein og ein halv time, og fekk festa sena til beinet igjen.
Sverre Børge er ved godt mot. Det einaste som irriterte han tysdag, var at han ikkje fekk sjå semifinalen i Champions League mellom Milan og Manchester United. .- Nei, sjukehuset har visstnok ikkje TV3. Men eg tek i mot meldingar på mobilen, seier Sverre Børge.

Marius Riise held fram med å skåre for Sæbø.
Sæbø vann altså opningskampen i sjette divisjon. Trenar Jan Kjetil Holen fekk ein pangstart med 4-3-sigeren.Måla til Sæbø kom ved Tommy Riise Olsen, Marius Riise, Terje Stokke og Kai Arne Skår. Sæbø låg under 2-3 ved pause, men var best i andre omgang, og skåra to mål då.
Neste kamp for Sæbø er mot Volda2 på Sæbø stadion den 5. mai. Då kjem Sverre Børge for å sjå lagkameratane vinne, og håper på mykje publikum saman med seg.

Tommy Riise Olsen teiknar godt for sesongen.
Rysta (30.04.2007 kl. 10:14)
Hei Sverre og velkommen etter:) Regna med Hovden møbel fe problem no når du halta rundt på en fot! Dinne gongen va det ivertfall ikkje K.Nydal so takla...:)
God bedring og regna med du fe en godt trent overkropp etter all krykke gåinga!
Jan Magne Leira
Bra Jobba! (25.04.2007 kl. 11:42)
Dette ser bra ut! Stå på vidare! Og Sverre B. du kjem plutselig tilbake! Ekje Tvil! :) God betring!
Einar J. Tvergrov
Synd Sverre Børge ! (24.04.2007 kl. 22:31)
Gratulerer med siger i åpningskampen ! Dette var bra, borte mot Kvamsøy er alltid vanskeleg. Dette var skikkeleg synd Sverre Børge . . føler du fortsatt har mykje ugjort på Sæbø stadion , og det er som Daffa seier, det legg seg fort på midja når ein kun ser fotball frå sofaen. Du må ha god betring. Elles får du trøyste deg med at linjevaktjobben er din på komande veterantur :)
Alf Ole Aarseth
Referat.. (24.04.2007 kl. 22:04)
Trur nok vi skal klare å få ut eit referat like etter kvar kamp. Kanskje kapteinen må finne igjen passordet sitt til hjørundfjordportalen å ta seg av dette?? :)
Stemmer at kampen vart spelt på grusbana på sandsøya ja. (noke som gjor reisa med buss litt kortare)
Terje Stokke
Bruk portalen til referat (24.04.2007 kl. 20:11)
Det er viktig det Trond Åge skriv: Fotbalgruppa må bruke hjorundfjord.no til å fortelje om aktiviteten. Dette gjeld kampreferat frå A-laget sine heime- og bortekampar, og dei må på kjappast mogleg etter at kampane er ferdige. Like viktig er det at det også kjem referat frå kampane i aldersbestemte klasser, og både for jentar og gutar.
Like eins er det viktig for fotballgruppa å informere om når kampane går. Bruk aktivitetskalanderen aktivt, og før opp både heime- og bortekampar der. Ikkje minst er det kjekt å vite når det er turneringar i miniklassene.
Når det gjeld opningskampen mot Kvamsøy har eg forstått det slik at han gjekk på grus på Sandsøya, eller?
Rune Sæbønes
fotball (24.04.2007 kl. 19:16)
Ja akilissen har også røke hos oldissen,
men han kom igjen etter 6 mnd på stedet hvil.
Stå på Sverre B du kommer nok igjen, du vet ka som legger seg rundt mitten? Ser at smellen var over heile Sandsøya? Då måtte det vere litt av en smell, kampen var vel på Kvamsøya?
Dagfinn Strand
Gratulerer Gutar! (24.04.2007 kl. 18:49)
Må gratulere A-laget med seier i serieopninga! Ynskjer at det kjem kampreferat på portalen etter kvar kamp, siger eller tap... Og til deg Sverre: Ein sann ein stålmann som deg kjem tilbake på bana. Ynskjer deg god bedring.
Trond Åge Osvoll