hjorundfjord.no har fått nokre tekstmeldingar der spørsmålet har vore det same: Har Rune Sæbønes blitt trenar for A-laget til Hovdebygda IL? Underteikna har svara nei, men dette har nok ikkje vore heilt sant. På HIL si uoffisielle heimeside www.hil-fotball.net kan vi lese at Rune har blitt lagleiar for A-laget deira, men likevel... Rune har dei seinare vel vore den viktigaste tillitsvalde til Sæbø IL (på regionnivå) og har Sæbønes som etternamn.
Rune, har du meldt deg ut av Sæbø IL no når du etter mange år har slutta som trenar for A-laget vårt?
- Nei, klubben min er sjølvsagt framleis Sæbø IL, men eg fekk spørsmål frå HIL om å hjelpe dei i ei litt vanskeleg tid. Etter å ha tenkt meg litt om, svara eg ja.
Er det dei gode pengane som gjer at du har takka ja til å trene ein konkurrent til Sæbø IL?
- Nei, til liks med dei eldre spelarane på laget, gjer eg ein rein dugnadsinnsats. Hovdebygda er ein gjeng med gamle menn - i fotballalder - og dei gjer ein innsats for å hindre at A-laget vert lagt ned. Ein kan sikkert diskutere kvifor Hovdebygda ikkje har hatt eigenrekruttering ssiste åra, men for meg er det uinteressant no. Det viktige er at eg ynskjer å medverke til at HIL framleis har eit A-lag og at dei gjer det godt. Vidare er det viktigt at unge spelarar slepp til slik at det kan byggjast eit nytt lag.
Ja, men vert HIL sitt A-lag lagt ned, har vi i Sæbø IL ein konkurrent mindre?
Det er viktig for alle grender i Ørsta å ha eit seniorlag på herresida. Det medverkar til å gje bygda identitet. Bygder utan fotballag er ikkje skikkelege bygder, etter mi meining.
Du snakkar som ein politikar, men Ok. Kva er målet for HIL denne sesongen?
Målet for sesongen er å verte topp seks med HIL i femtedivisjonen - og å vinne Sæbø-cupen.
Javel...
Frå 0-3 til 4-3 (16.05.2007 kl. 22:40)
Herleg i Hovdebygda i dag. Snudde 0-3 til 4-3. Vi gler oss til Sæbø-cupen, og heile HIL heiar på Sæbø i 6. divisjon.
Rune Sæbønes
Kjempegreier! (03.05.2007 kl. 23:27)
Heilt topp at Rune stille opp for oss "bygdisar".
Han vil bli ei god hjelp for oss og treningane viser at gløden e heilt klart til stades.
Gler oss til kampen mot Åmdal no på onsdag.
Rune har også fått blitt med på Ponderoza-festen som er eit ta årets monge høgdeponkt her bort i gamlegrendi og han har blitt godt mottatt ta alle her.Og når det gjelde kolesterolet alfi so he me gjamne målinga på stadion...:-)
Svein Inge Sæbønes
HIL - ein klubb for framtida! (01.05.2007 kl. 09:03)
Det var triveleg for ein utflytt bondaling å sjå Rune innta lagleiarplassen då HIL møtte Vigra denne veka. Snittalderen på HIL-spelarane er ikkje av dei lågaste, så Rune har mykje fotballkompetanse han får bryne seg på her. Frå tilskodarplass kunne vi observere at den nye lagleiaren på ein stødig og god måte losa laget inn til uavgjort mot ein av seriefavorittane. Taktikken verka godt til tross for at fleire av spelarane var meir enn normalt slitne siste delen av kampen. Dette var dei aller fleste publikummarar godt nøgde med, og konklusjonen var at laget no kan vera på veg mot ein ny æra i Sunnmørsfotballen. Eit anna godt teikn på at laget no kan vera på frammarsj er at enkelte av spelarane har skrudd opp ambisjonsnivået, i alle høve Bjørnar I, som var svært irritabel og lett oppfarande etter kampen. Eg undrar meg på om den nye lagleiaren har pressa han ut av det bakromet han har vore dei siste 15 åra?
Hjørundfjordportalen må heller ikkje gløyme at Hovdebygda også har ein annan Sæbønes som i fleire år har gjort ein flott innsats for klubben, nemlig Svein.
Eg ynskjer Rune til med lagleiarjobben i HIL, og trur at dette er eit lukkeleg val for begge partar.
Sveinung Walseth
Danmarkstur... (30.04.2007 kl. 23:45)
No skjønar eg kvifor ein gjeng med "Hovdebygdarar" inviterte med seg Rune til Danmarkstur og Kim Larsen konsert tidlegare i vinter...medan konserten vart avlyst og "gjengen" snødde inne på diverse pubar, reknar eg med denne kontrakta vart underskrive over ei runde eller 2 med duggfriske Bayer. Rein taktikk frå Svein Sæbønes dette ! Men lykke til Rune med trenargjerninga borte i "gamle grendi", berre hugs å måle kolesterolet på den forholdsvis tilårskomne spelargruppa med jamne mellomrom :)
Alf Ole Aarseth