
Ole Jonas Nybø (t.v.) fører an på Team Urkegjerde. Ingen klaga på uveret.
Trass i det forrykande uveret, var stemninga blant deltakarane god. Nokre meinte det var ekstremsport som vart utøvd.
Spørsmåla hadde ulik vanskegrad, og nokre sleit laga verkeleg med. Det vanskelegaste såg ut til å vere på kva øy byen Honolulu ligg. Det er Oahu.
Søndag er det klart til ny dyst. Då er vermeldingane litt betre, og det vert faktisk arbeidd med å rydde veg på rampa og ned gamle-Rise. Arrangørane har lyst til å vise heimkomne og turistar kor fin rampa har vorte, og kor godt stien passar til eit slikt arrangement.
Håkon Holen lengtar ekstra tilbake til Sæbø når veret er slik det var Langfredag....
Biff a la Lindstrøm (06.04.2007 kl. 21:14)
Her kjem oppskrifta på Biff a la Lindtsrøm, som var ei av oppgåvene på Skattejakta i dag. Funne på ei nettside om denne matretten. Påskemiddag?
500 g kjøttdeig
1 ts salt
1/4 ts pepper
2 ss potetmel
ca. 1 dl vann
2 ss kapers
3 ss hakket sylteagurk
3 ss hakket rødbete
smør til steiking
Rune Sæbønes
tradisjonar (06.04.2007 kl. 21:07)
tradisjonar skal følgast Rune. Ikkje det at han som las opp svara gjorde ein dårlig jobb, men det var noko som mangla....Reknar med at du snart er tilbake slik som tidlegare år!!!:)
Hilde Sæbønes
Etter konkurransen (06.04.2007 kl. 19:48)
Vi skal prøve å få til fasiten og premievinnarane i alle fall til etter tevlinga søndag.
Rune Sæbønes
Kva var svara? (06.04.2007 kl. 19:45)
Det hadde vore kjekt med fasit - og resultatliste - på nett.
Hilde Muren