Hjørundfjordportalen blir brukt, og Hjørundfjordportalen inspirerer.   Etter at ein kameratgjeng hadde lese om ein tur til Nordre Sætretind tidlegare i vinter, bestemte dei seg for å ta  turen til denne toppen - toppen som nyleg vart omtala som ein av sju tøffe toppturar i Den norske turistforening sitt medlemsblad Fjell og Vidde.  Og hjorundfjord.no vart beden med...

Påska i år var ikkje den beste for oss som likar å gå turar i fjellet, men for denne helga var vêrmedlingane gode.  Difor hadde Vegard Flø, Hovdebygda/Oslo, teke seg ein Dede Anderson, dvs.  han hadde forlenga påskeferien aldri så lite for å få gå på ski i heimkommunen no i helga.

IMG_4442 (Large)

Fire mann på veg opp Kvandalen.  Frå venstre Olav Haugen, Ronny Haugen, Vagard Flø og Torgeir Krøvel-Velle.

No var ikkje vêret det aller beste då vi starta frå Standalhytta ca. klokka 0915, men det var aldri snakk om og ikkje starte på turen mot Nordre Sætretind.  Dei seks som starta var Ronny Haugen, Vegard Flø, Torgeir Krøvel-Velle og Gjøran Kvitle.  I tillegg var vi to frå foreldregenerasjonen, Olav Haugen -  far til Ronny - og underteikna. Men før vi var komne opp til inngangen til Kvandalen, nådde den sjuande turdeltakaren oss igjen, nemleg Morten Ose.  Etter at han var komen heim frå konsert med Big Bang på Rokken i Volda  klokka 03, hadde han innsett at laurdagen måtte nyttast til ein fjelltur.

Ronny og Gjøran  er begge tilsette i Tussa og det var dei som hadde invitert til denne turen.  Underteikna sakna rett no "hjørundfjordingen" Per Atle Røe, men eg fekk opplyst at han hadde gyldig fråvere.

Turen opp gjennom Kvandalen gjekk fint sjølv om det etter kvart vart heller sterk vind og skikkeleg blindeføre.  Men ikkje alle som gjekk opp Kvandalen skulle til Nordre Sætretind.  Nokre skulle på Kolåstinden. Vegane våre skildes rett nedanfor Appelsinhaugen.  Vi sju gjekk mot Insterenna der vi skulle opp.

IMG_4445 (Large)

Ronny Haugen gjer seg klar for turen opp Insterenna - med MP3-spelar og pulsklokke.

Insterenna var merkeleg nok like bratt som tidlegare og i renna bles det svært så kraftig.  Truleg var det skorsteinseffekten som gjorde seg gjeldande.  Det positive var at vi fekk vinden i ryggen.  Fonnfare var det ikkje snakk om.

IMG_4448 (Large)

Trauste menn på veg opp Insterenna vert små i høve til Kolåstinden i bakgrunnen.

IMG_4447 (Large)

Morten Ose tek eit siste kraftfak før han er oppe.

IMG_4456 (Large)

Instrenna ligg bak, men jakkene må no fram.  Frå venstre Vegard, Gjøran, Morten og Torgeir.  Kva heiter toppen på fjellet bak hovudet til Vegard?

IMG_4459 (Large)

Jakkene må på - også for far og son Haugen.

Vêrmeldingane hadde opplyst at det skulle skye over utpå dagen, men det motsette skjedde. Det klarna opp.  Så lenge meterologane tek feil i den retninga, kan det godtakast.  Resten av turen vart i alle høve fantastisk.

IMG_4463 (Large)

Sola kom fram på veg mot Nordre Sætretind. Ein liten quiz:  Vi ser her tre svært kjende fjell.  Namn og høgd?

IMG_4461 (Large) (2)

Under toppen sette vi frå oss skina og gjekk på føtene etter ryggen på nordsida opp mot toppunktet.

Nordre_Sætretind_14-04-07 013

Nordre Sætretind. Vegard, Morten og underteikna i skaret under toppen. Foto:  Olav Haugen.

IMG_4468 (Large)

Vegard og Torgeir tek fem-minutt rett under toppen.

IMG_4471 (Large)

Så er Ronny på toppen.

IMG_4474 (Large)

Toppen er nådd.  Frå venste Gjøran, Olav og Ronny.  I midten er sjølvsagt Kolåstinden plassert.  Gjøran og Ronny vert med dette utpeika som dei sprekaste i Tussa.

IMG_4478 (Large)

Ronny og Olav på veg ned frå toppen.

IMG_4480 (Large)

Matykt før det herlegaste - nedkøyringa.

Nordre_Sætretind_14-04-07 024 (Large)

Den lange og fine nedkøyringa gjennom Fladalen.  Standal over høgre skulder til underteikna.  Foto:  Olav Haugen

Turen ned frå Nordre Sætretind gjekk via Fladalen.  Slike turar vil vi gjerne ha fleire av.  Diverre har eg ikkje godt foto av Torgeir, men det var nok fordi han var så rask.  Han brukte spesielt breie ski med lett randonneutstyr.  Eg har tilrådd slikt utstyr før den som ikkje er vand med telemarkkøyring.  Men la det vere sagt med ein gong - dei fem andre var kort og godt ekspertar på telemarkkøyring.  For meg var de vakkert å sjå på.  - Det er spesielt viktig å presse, sa Gjøran til meg.  Neste år skal eg trene meir.  Under er det altså foto frå turen ned.

IMG_4481 (Large)

Klar, ferdig...

IMG_4483 (Large)

...gå.

IMG_4488 (Large)

Olav fremst og så Ronny.

IMG_4495 (Large)

Morten var den einaste med lett utstyr og "vanlege" skisko denne dagen p.g.a. problem med fjellskina sine.  Likevel gjekk turen ned svært så fint.

IMG_4497 (Large)

Olav.   Kom ikkje å seie at ein mann i siste halvdel av 50-åra ikkje kan...

IMG_4510 (Large)

Gjøran.  Sjå og lær.  Den beste?

IMG_4515 (Large)

Vegard.  Fantastisk.

IMG_4514 (Large)

Torgeir - på lett randonneutstyr.

IMG_4507 (Large)

I Nedste delen av Fladalen vart fører vanskelegare.  Men ingen problem for Ronny - ser ein bort frå at gliden for oss alle vart dårlegare og det tok til å lugge.

Turen ned til Standalhytta frå Fladalen treng vi ikkje skrive så mykje om, men skigåing over stein, kratt og fonngjel høyrer med på ein vårskitur.

Og:  Vi var alle samde om at det var ein gild tur.  Tusen takk for invitasjonen.