- Saman har vi konkrete planar om å relansere Hjørundfjorden som den fremste opplevingsfjorden i Norge. Langs denne fjorden kan du framleis oppleve å sjå geiteflokkar på veg heim til mjølking. Og ikkje minst, her bur framleis folk og her er lys i stoveglasa. Vi snakkar dessutan om Ålesunds byfjord. Vi snakkar om ein natur i ypperste verdsklasse.

Han som seier dette er Bjarne Rekkedal på Rekkedal gjestehus i Bondalen. Dei har slått seg saman med Christian gaard på Trandal, Union Hotel på Øye, Hotell Sagafjord på Sæbø og Cruise Service i Langevågen i eit kompaniskap med det store mål å gjenreise turismen på Hjørundfjorden til gamle høgder.

For oss som har større sans for denne fjorden enn for dei aller fleste andre, er dette kjekt å høyre. Gjev det var gull i munnen deira! Gjev dei må lukkast med strevet sitt!

Men dei har dårlege odds og mange mektige krefter mot seg. Hjørundfjorden er i ferd med å bli visuelt og fysisk forsøpla frå mange kantar. Oppdrettsnæringa får plante sine heslige, møkkaspreiande merder langs strendene, kraftselskapa får bygge ut vassdrag etter vassdrag, og i horisonten trugar monster-kraftlinja frå Sogn til Ørskog, som no ser ut til å kome over Standaleidet, ut langs fjorden og i eit kjempespenn tvers over munninga av denne fjorden som av mange blir halden for den aller vakraste av alle fjordar i heile verda. Litt av ein velkomstportal, må vi seie.

Medan Ørsta kommune, som ein skulle tru bakka opp reiselivs-aktørane i si mest kostelege turistperle, gir jamnt f..., og legg til rette for denne raseringa utan nemnande motførestillingar. Trass i at all denne anleggsverksemda legg att minimalt med arbeidsplassar og pengar i lokalsamfunna - fortenesta går for det meste ut av fjorden, til store nasjonale og internasjonale aktørar. Det er ei skam så stor og eit perspektiv så kortsynt at det er knapt til å tru.

Våre reiselivs-vener i Hjørundfjorden og Langevågen treng all den støtte og oppmuntring dei kan få.

 

Reidar Skarbø