FUM vedtek opprusting/asfaltering av Sæbønesvegen, 300 meter, kostnadsrekna kr 900.000,-
I vedtaket står det vidare at dersom det syner seg at prosjekt ikkje lar seg gjennomføre, får Rådmannen mynde til å nytte midlane til arbeid med andre vegprosjekt. Vi må arbeide for at det ikkje blir aktuelt for dette prosjektet, no har vi venta lenge nok på å få gjort ferdig denne vegen. Så håper eg at dei og har lagt inn nokre gatelys i kostnadsramma si.
Sæbø grendalag gratulerer alle brukarar av vegen. Hurra!
HURRA!! (02.04.2007 kl. 20:11)
Dette burde det ha flaggast for!!Håper vi kan sjå den nye vegen ferdig før vinter.
(evig opptimist??)vi har venta lenge nok!!!
AnnHelene Wille
"Saksopplysningar" (02.04.2007 kl. 18:39)
Administrasjonen (teknisk sektor) skriv i sakspapira om Sæbønesvegen:
"Dettte gjeld opprusting av ei strekning på ca 260 m + omlegging av krysset/avkøyrsla mot Sæbøneset. Ein har tidlegare rusta opp vegen frå Sæbø og fram tilaktuell strekning og parti der i frå og til Flatneset. For å få eit betre stigningstilhøve og elles betre avkøyrsel mot Sæbøneset bør vegen flyttast noko mot nord. Ved avkøyrsla til Sæbøneset bør vegen flyttast i heila vegbreidda. Føresetnaden for å kunne gjennomføre prosjektet er avtale med grunneigarane på strekket. Samla veglengde inklusive omlegging av kryss vil verte ca 300 m. Når det gjeld kostnader må ein rekne med ca kr 3000,- då ein på parti må opp med mur og vegrekkverk. samla kostnad vil difor verte i storleik kr 900.000,- til 1 mill."
Hilde Muren
Hurra! (02.04.2007 kl. 13:55)
Vi ynskjer Sæbø grendalag, oppsitjarene på Sæbøneset/Flatneset og alle oss andre til lukke med dagen.
Her må alle gode krefter drage lasset ilag, så ikkje Rådmannen får tenkje tanken ein gong, for å nytte midlane til andre vegprosjekt.
Hjørundfjord bygdemobilisering