Det var tidlegare denne månaden at han kom i kontakt med Cæsars eigen Beate Eriksen gjennom BFUL sitt teaterkurs, og ho har no tilbode han jobb som skribent i serien samt ei sentral gjeste- rolle. Han vil ikkje ut med kva denne rolla er, men lovar at det får portalens lesarar sjå til hausten.
Innspelinga og skribent- jobben startar allereie i mai, for at haustens episodar skal bli ferdige i tide. Knut seier at desse ”byfolka” som han kallar dei, har lita forståing for at dette er midt i våronna, men likevel vil han ikkje la denne sjansen gå frå han. Sonen Jakob er enda for ung til å avløyse faren dei vekene han er borte, og dottera Karoline er oppteken med studiar. Om ikkje Knut får tak i ein pålitelig avløysar i tide ser han seg nøydd til å leige ut jorda for dette eine året, og det allereie frå no av. Han kunne også tenke seg ei ordning med å leige vekk dyra og kjøpe dei attende neste år. Han håper nokon vil sjå seg syn i å leige berre for eit år.
Knut lovar også at han ikkje skal svikte portalen, han vil sende nyheitsbrev frå Oslo, og sjølvsagt rapportere om ski - og fjellturane han no får god tid til når han er heime i frivekene. I kontrakten står det at han har rett på fri kvar helg og ei heil veke i månaden, noko dei heime sikkert er glade for….
Portalens aprilspøk
Takk til Beate! (03.04.2007 kl. 09:27)
Om du ser innpå Beate, (eller var det Ingrid) vil vi takke deg for at du stilte sporty opp:)
Unn Frøland
Eg gjekk på : ) (03.04.2007 kl. 00:46)
Ein framifrå spøk må eg seie, men at det kjem nokre kommentarar er berre bra og eg må seie at med smiletegn og morsomme ordlag er meint i beste meining. Dette var artig, og eg skal seie at eg beit på, og sikkert mange andre! Det med å vere morsom er ikkje enkelt i ein kommentar og mange ting kan verte feil, det handler om korleis ein les kommentarane. Og somme gongar fell det uheldig ut, men det eg har merka meg med portalen er at dette vert oppklara veldig raskt. Og bra er det, men alle kommtarer viser at det er engasjement, og det er det portalen er meint for, og for den som ikkje har prøvd før, så prøv! Men Knut, eg lurer fortsatt på om det er ein spøk eller ikkje, for eg ser Cæsar kvar dag.. : )
Vibeke Mo
1.april spøk (02.04.2007 kl. 23:51)
Berre for å gjere det heilt klart så var denne nyhenda hjorundfjord.no sin velukka 1.april spøk.
hjorundfjord no takker Unn for denne velskrevne og kreative spøken. Har snakka med Knut og kan forsikre at han også synest dette var moro.
Kanskje neste år skal vi tore oss til å sette opp eit telefonnr. eller ein epostadresse så det er råd å måle kven som har gått på.
Etter antal treff så ser det ut som brukarane også har sett pris på spøken.
Hjørundfjordportalen Administrator
Oppklaring! (02.04.2007 kl. 12:45)
Hei Knut,og alle andre.
Dette var meint som ein artig spøk/kommentar,i forbindelse med aprilspøken som Unn laga så mesterlig til her.Eg regna desverre med at alle skjønte dette.Har spelt i hornmusikken med Knut i ein liten mannsalder "in the good old days",og dermed kjenner han så godt,at eg "turde" å ta sjansen på denne kommentaren.Beklager herved for alle som tok seg nær av dette,og det var ikkje et angrep på bondestanden heller,itilfelle nokon klarer å drage det så langt.
Ser fram til å kome på Bellingen og prate med Knut der!
Så lenge Knut skjønar at dette var ein spøk,er eg nøgd.
Mvh Jan-Inge Lillebø p.t. Kysten av Vest-afrika
Jan-Inge Lillebø
Au! Au! Au! (02.04.2007 kl. 12:29)
Da var det eg som bomma, for innlegget mitt var meint som spøk! Eller sagt på ein annen måte: Nok ein gong får eg ei påminning om at humor ikkje er min bransje.
Enok Kippersund
Aprilsnarr skulle det være (02.04.2007 kl. 12:09)
-Men det var det sjølvsagt. Andre enn Vibeke som beit litt på?
Unn Frøland
Kven har eigentleg sagt at dette var ein apri (02.04.2007 kl. 12:07)
Unn Frøland
Ikkje vondt meint. (02.04.2007 kl. 11:21)
Eg kjenner Jan-Inge så godt at eg forstår at han berre kom med ein god spøk. Ikkje meinte han det vondt og han og eg kjem nok til å treffast på Bellingen - får eg håpe - i tida framover også.
Knut Hustad
Storm i vassglas (02.04.2007 kl. 11:10)
Kan ikkje sjå antydnig til hets i det heile tatt. Her er det fleiping over heile linja. Vennskapleg fleiping!
Stian Holen
Kvar går grensa? (02.04.2007 kl. 10:56)
Skal no dette aprilsnarreriet også gå ut over ein heiderleg bondemann? Som om ikkje bondestanden blir narra nok, heile tida! Der må da gå ei grense mellom humor og hets! - Friskt mot, Knut!
Enok Kippersund
Godt poeng,Knut! (02.04.2007 kl. 09:50)
Heilt sant som du har skreve Knut.
Fleire og ikkje berre bønder,skulle vore flinkare og møttest både på Bellingen,bakeriet og hotellet.
Sjå berre kor kjekt det er med julefesten,då stiller bygda mannsterke opp,og har ein kjempekveld ilag.
Regner med at Knut,fortsetter i god stil,både på Bellingen,og som "journalist" for portalen. Keep up the good work,som vi sei her ombord.
Jan-Inge Lillebø
10 kaffi på Bellingen (02.04.2007 kl. 09:03)
Eg vonar at Knut har vit til fortsette å kvile bakenden sin på Bellingen etter fjøsrunda om morgonen. Fleire av oss bønder burde ta seg tid til det. For det er dessverre langt mellom fritørnane.
Der stiller i alle fall Jan Inge & co i ei heilt anna klasse!
Knut Riise
Hahaha... (01.04.2007 kl. 21:58)
Trudde Knut var i permisjon allereide eg,ser han kvar gong eg er på bellingen på dagtid..haha:D
Jan-Inge Lillebø
TØFT - CæsarKnut : ) (01.04.2007 kl. 19:52)
Det gjekk litt tid før eg oppdaga at dette kunne vere ein aprilspøk...for eg er ein ihuga Hotel Cæsar og eg tekte "Tøft, endelig ein Bondaling i Cæsar!!", også tenkte eg på alt dette praktiske. Kven skal mjølke, kven skal drive garden, kven vil forpakte garden i eitt år..Men så gjekk opp for meg at kanskje det hadde noko å gjere med dagens dato! Men eg hadde ikkje sett for meg at dette kunne vere urimelig heller.. Så eg rekner med at Knut avkrefter eller bekrefter dette når det nærmer seg 2.april : )Uansett, bra artikkel Unn!
Vibeke Mo
Dagny har også lurt litt før i d (01.04.2007 kl. 15:42)
Godt forsøk, Unn! (01.04.07 kl. 10:42)
Ja, det er vel 1. april i dag :-)
Dagny Riise Heggestad
Hjørundfjordportalen Administrator
Aprilsnarr??? (01.04.2007 kl. 13:00)
Ej he blitt lurt før i dag, so dinna går ej ikkje på!
Linda Stokke