I går på 1.påskedag var eg på besøk med Glenn Robin på Hustad. Det var ei stund litt  kjedeleg og vi lurte på kva vi skulle finne på. Tina Irene systra til Glenn begynte å rulle ein liten snøball, og så fekk vi ideen om å bygge ein gigasnømann! Skulle vi bygge ein snømann måtte vi ha ein skikkeleg stor snøball. Snøen var  kram og skikkeleg god til rulle snøballar av i dag, og vi rulla til vi ikkje greidde meir.  Det var ikkje nok med den eine, så her måtte fleire til! Og det gjekk greitt når vi hjelpte kvarandre. Tilslutt hadde vi 4 store snøballar, men no kom eit skikkeleg problem, korleis skal vi få dei oppå kvarandre? Vi prøvde med å bruke rør å skyve den oppå, men snøballen kollapsa og vi måtte til slutt få hjelp frå mor til Glenn og Tina,- Irene.

Ho var litt smartere enn oss og kom med forslaget om å kløyve den, og då fekk vi det til! Dei to andre var mindre og dei fekk vi opp med ein stige. Planen var tre ballar, men det vart fire.

Etter vi hadde fått alt på plass så var det finpussen igjen og snømannen var ferdig ca. 20:00. Vi hadde brukt 4 timar på den. Og den målte utruleg nok 2,70 m.!

Er det nokon som har ein snømann som er større så vil vi vite det!

DSCF0177
Den første ballen begynde å ta form!

 

Stor snømann ferdig 1.påsked 07

T.v. Sondre Kristoffer Mo, Tina Irene Hustad, inspektør Oliver(katten) og Glenn Robin Hustad

 Snømannen er ferdig kl 20

Snømannen er ferdig og vi er trøtte og stolte