I går på 1.påskedag var eg på besøk med Glenn Robin på Hustad. Det var ei stund litt kjedeleg og vi lurte på kva vi skulle finne på. Tina Irene systra til Glenn begynte å rulle ein liten snøball, og så fekk vi ideen om å bygge ein gigasnømann! Skulle vi bygge ein snømann måtte vi ha ein skikkeleg stor snøball. Snøen var kram og skikkeleg god til rulle snøballar av i dag, og vi rulla til vi ikkje greidde meir. Det var ikkje nok med den eine, så her måtte fleire til! Og det gjekk greitt når vi hjelpte kvarandre. Tilslutt hadde vi 4 store snøballar, men no kom eit skikkeleg problem, korleis skal vi få dei oppå kvarandre? Vi prøvde med å bruke rør å skyve den oppå, men snøballen kollapsa og vi måtte til slutt få hjelp frå mor til Glenn og Tina,- Irene.
Ho var litt smartere enn oss og kom med forslaget om å kløyve den, og då fekk vi det til! Dei to andre var mindre og dei fekk vi opp med ein stige. Planen var tre ballar, men det vart fire.
Etter vi hadde fått alt på plass så var det finpussen igjen og snømannen var ferdig ca. 20:00. Vi hadde brukt 4 timar på den. Og den målte utruleg nok 2,70 m.!
Er det nokon som har ein snømann som er større så vil vi vite det!

Den første ballen begynde å ta form!
T.v. Sondre Kristoffer Mo, Tina Irene Hustad, inspektør Oliver(katten) og Glenn Robin Hustad

Snømannen er ferdig og vi er trøtte og stolte
Juks (11.04.2007 kl. 20:21)
..å bruke traktor mener jeg. Men hvis det er sånn du vil ha det Unn, så må jeg ta i brul noen skitne triks selv.
Fred Ingar Somby
(11.04.2007 kl. 18:32)
Berre for å ha sagt det; eg har også planar. Og Fred: Berre fordi du ikkje har sjans til å få ein traktor opp på den vesle plenen din, så treng vi vel ikkje forby det? eller;-)?
Planen min er faktisk så genial at eg nesten ikkje vil sei det, men sei det likevel.... Eg skal få pappa til å kjøpe traktor med lastar, så skal vi rundballe nokre snøballar(store) og laste dei oppå kvarandre. God ide?;)
Unn Frøland
Maskinkraft? (11.04.2007 kl. 17:49)
Er det nokon som har tenkt å bruke traktor då?
Sondre Kristoffer Mo
Uten maskinkraft (11.04.2007 kl. 17:23)
jeg synes ikke det bør være lov å ta i bruk traktor o.l. Snømannen bør bygges for hånd. Enig?
Fred Ingar Somby
Ikkje namn (11.04.2007 kl. 17:16)
Snømannen fekk ikkje noke namn, for på kvelden i går, 10.April, gjekk den overende i mildveret.
Og til deg Fred, også eg/vi har store planar til neste år!!
Sondre Kristoffer Mo
Volda nissen blir størst (11.04.2007 kl. 09:56)
Jeg satser på å lage den største til neste år
Fred Ingar Somby
Kva heiter snømannen? (10.04.2007 kl. 22:13)
Har den flotte snømannen eit namn?
Sølvi Britt Skylstad
Artig aktivitet (10.04.2007 kl. 20:01)
Tøff snømann og sikkert artig å bygge den! Monika, synest at forslaget ditt til kunst-konkurranse var veldig bra. Dette er no ein aktivitet for alle, og kan vere til glede for alle også etterpå. Kan vel stå på ein aktivitetsplan for bygda for neste vinter og ein eller annen av den yngre garde kan godt stå som arrangører. Berre ta med i planlegginga: godt med "snømannsnø"..
Vibeke Mo
Snømannkonkurranse på Sæb& (10.04.2007 kl. 16:48)
Flott snømann! Eg har også laga ein i år.., men den var berre ussle 180 cm... I etterkant av arbeidet med snømannen fekk eg ideen om at det kunne vere gøy med ein snømann-konkurranse på Sæbø.. Kanskje nokon synest ideen kunne vere god og vil vidareføre den neste vinter?
Eg såg føre meg at ein kunne spørje sjukeheimen om løyve til å bruke plenen der til konkurransearena. Då kunne små- og store-, einslege eller familiar med snømenn(-kvinner) stå langs vegen til glede for sjukeheimen og forbipasserande.
Det var no berre ein ide frå
Monika Riise
Enda større (09.04.2007 kl. 19:42)
Jaja takk, men neste år skal vi med bygge større og sværare!!
Sondre Kristoffer Mo
Kjempestor! (09.04.2007 kl. 19:02)
Dette var virkelig litt av ein snømann! Største og finaste eg har sett i år i allefall!!
Trur kanskje eg skal slå rekorden dokka neste år. he-he
Unn Frøland