Grøtdalstinden er også ein fantastisk "ski-tind", men den beste sesongen er nok over no.  Sida som er mest aktuell for nedkøyringa er nemleg sørvendt og når sola tek godt, som i dag, vert føret tungt - i alle høve om ein likar å sove litt lenge om morgonen.  No i 1830 tida tok eg fotoet under.

IMG_4704 (Large)

Sørsida er utsett for solfonner.

Det er to personar som er i ferd med å renne ned og vi ser at det er svært våt og tung snø p.g.a. sola.  Små solfonner har blitt løyst ut.  No er nok desse små solfonnene ikkje så farlege for dei som renn.  Kanskje heller ikkje for folk som evt. måtte vere lenger nede, men det vil nok vere ubehageleg å sjå snøen kome.  Men som ein ser på neste foto, gjekk det i fint med dei to som rann ned.

IMG_4703 (Large)

Klikkar du på fotoet, finn du nok to personar.

Men for all del, det er framleis mange fjell som er svært så fine å gå til topps på.  I ettermiddag snakka eg med Lars Petter Strandmann.  Han har vore på Skårasalen i dag.  - Ein fantastisk tur, var konklusjonen hans.  Litt hardt øvst oppe, men han venta litt med nedkøyringa.  Dermed vart også nedkøyringsforholda ideelle ned til enden av Blåhorndalen.  Lenger nede vart det litt blaudt i 15-16 tida.

Svein Aam var på Langhornet.  Han hadde seks personar med seg. - Ein flott tur, var konklusjonen hans også.  Men han opplyste også at det var hardt på toppen, men også dei venta med å ta den noko bratte nedkøyrina.  Dermed vart det ein kjempetur.

Og i morgon, søndag, vert det vel ein fin skidag (for den som ikkje har sauer som lammar)?