På vestveggen av ferjekaihuset på Skår finn du oppslag om det- og i ei boks under finn du gjesteboka.  - Denne er til for å brukast, fortel Gullbjørg Birkeland på Skår til hjorundfjord.no.

IMG_4631 (Large)

Gullbjørg Birkeland held boksa som gjesteboka ligg i og turleiar Per Atle Røe er ein av dei første som får æra av å skrive nemnet sitt i denne boka.

Asbjørn Skår og Gullbjørg Birkeland er no dei einaste fastbuande att på Skår.  Difor set dei berre pris på om der kjem folk som skal ta ferje eller skyssbåten M/S "Hjørundfjord".  Det er nok Gullbjørg som har kome på tanken om ei gjestebok og no ligg den der - klar til bruk for alle som kjem til- eller reiser frå Skår.

IMG_4636 (Large) (2)

Turleiar Kjetil Leknes skreiv seg også sjølvsagt inn i gjesteboka.

Og laurdag fekk gjesteboka 18 nye namn mellom permane.