I går, søndag, var Børulf Lefdal på ein biltur over Standalseidet. Han oppdaga då ei svær fonn som hadde gått på motsett side av Hjørundfjorden. Sjå foto under. Ved hjelp av Thomas Hustad og Hjørundfjordboka, band III, har vi kome fram til at fonna som har gått er Gaulafonna.
Det er truleg fonna midt på biletet som har gått. Ho heiter Gaulafonna. Sjå snøen i sjøen. Foto: Børulf Lefdal.
I den nemnde boka, Hjørundfjordboka - Band III, side 36, skriv Ragnar Standal at Gaulafonna er fonna som brøler slik når ho går. Det er vel difor hå då har fått dette namnet?
Kikar ein nærare på biletet, ser det ut til at denne fonna har gått heilt frå toppen opp til venstre for gjelet. Er det nokon som veit kva dette fjellet heiter?
Elles er vel Trollgjøtta - til høgre for Gaulafonna - der Trollgjøttemannen bur, meir kjend enn Gaulafonna. Trollgjøttemannen skyt ved verendring frå eit hol i fjellet. Det var elles her - etter segna - steinpilen trefte då Heilag-Olav skaut han gjennom Gluggefjellet på Standaleidet. (Same bok, side 37)
Kommentarar
3.april 2004, omtrent kl.17 (exif-data på bildefil), sto jeg og tre til opp i Lisjestandaldalen, vi var akkurat kommet ned igjen til bilen fra en tur til Svinetinden (1132). Da hørte/såg vi denne fonna og kunne nærmest merke trykkforskjellen i lufta, den var voldsom. Snømengdene i sjøen fikk vi konstatert var massive, en båt kjørte bort og den ble svært liten... Kanskje båtføreren leser dette? :)
Under 350moh var føret dårligst, der var ikke snø :) Lenger oppe hadde varmen og sola gjort føret vått og trått, det var ikke direkte bra føre for å si det slik. Kunne trø skistaven en halvmeter ned i råtten snø uten å ta i.
Men toppturer i dette området ender opp som gode minner uansett. I går var ikke noe unntak!