Nærare 30 cm nysnø var det her på Årsethaugen i føremiddag. Fuglane hadde visst ikkje høyrt på vêrmeldinga for dei virka noko overraska over det som kom ned frå himmelen. Dette hadde dei nok ikkje rekna med då dei tok laust frå syden ein eller annan plass. Men kva heiter desse fuglane? Er det han- eller hofuglar? Eg veit namna på nokre av dei, men ikkje alle. Eg nummererer bileta så kan de kome med namn og kjønn i kommentarfeltet under. Ok?
Nr 1:

Nr. 2:

Nr. 3:

Nr. 4:

Er det forresten mange fuglar her? Er her ikkje to sortar?
Nr. 5:

Nr. 6:

Nr. 7:

Nr. 8:

Nr. 9:

Nr. 10:

No er her nok fleire bilete som har same slags fuglar på. Kvaliteten på bileta er heller ikkje det beste - eg fotograferte gjennom vindauga under helgevasken. Men vindauget var nok ikkje pussa, nei... Likevel, dersom de trykkjer på bileta med musepila får det stsor versjon av fotografia og det vert lettare å sjå kva fuglar dette er. Lykke til.
Den såg gravid ut! (24.04.2007 kl. 10:08)
Nei, det var ein spøk. Nebbet er meir skarpare orange på hannen.
Vanskelig det med spurven til Hilde, for bilda var ikkje så tydelige, men eg meinar at sisiken har eit mønster på brystet og på hovudet som ikkje spurven har. Litt svakt stripete. E på skule no so eg har ikkje tilgang på oppslagsverk...
Unn Frøland
Ja, kva fuglar er det... (24.04.2007 kl. 00:39)
Du har heilt rett, Hilde, det har blitt mykje fjell i helga. Sjølvsagt hadde eg tenkt å kome med fasiten, men som eg nemner, er eg ikkje sikker sjølv. Men eg skal prøve å få hjelp i morgon. Likevel trur eg, Hilde, at du har feil om sporven. Kan det vere ein sisik? Nei, dette må eg finne ut av... Og Unn: Korleis ser du forskjell på hanne og hoe når det gjeld svarttrast?
Knut Hustad
Kva fuglar er det da? (23.04.2007 kl. 22:34)
Eg trudde dette var var ein spørjeleik eg - sidan Knut ønska lukke til . No har eg venta og venta på "fasiten", men er det nokon som har den? Eller er her ikkje rom for oss som ikkje kan fjelltoppane? Hmmm.....
Hilde Muren
Kjønn (21.04.2007 kl. 21:52)
Eg vil berre føye til at nr 1 er ein dompap han, og nr 6 ei svarttrast hoe.
No er det om å gjere at bøndene tek seg av starane slik at vi ikkje får same krisa med moldoksar i år. I Jakob/Lars-garden har bonden snekra rugekasser med hjelp av barnebarn som eit tiltak. Kanskje vi kan hjelpe starane over denne snø-krisa med å jage ut fjøs-flugene, og på den måten slå to fluger i ein smekk;)
Unn Frøland
Eit første møte (21.04.2007 kl. 18:29)
Hurra for fuglane og fuglefotografen på Årsethaugen! - Her på tomta kom det også eit visst ekstrainnrykk, men i mindre målestokk. Ein raudstrupe var å sjå, og for første gong i mitt liv (så vidt eg kan hugse og begripe) fekk eg sjå RINGTRAST. Det var tre-fire av dei, kjappare i floget enn svarttrasta, enda dei visst er nokre centimeter større, - og dei har ikkje den djupe klunken til svarttrasta, men mestso skvatrar. Dei var både vaktsame of tillitsfulle, og let meg fleire gonger få sjå den breie lyse ringen over bringa. Leve ringtrasta!
Enok Kippersund
Hormoner (21.04.2007 kl. 12:58)
Her på Tryset hadde et Vipepar opphold på riksvegen i går. Snøen hindret dem i å finne reirplass på marka, men noen stopper for hormoner var den ikke; Jørund fant vipeegg på vegen.
Kari Stokke
Litt stusseleg (21.04.2007 kl. 11:06)
Denne snøven må no sette ein stopppar for både det eine og det andre hormonet hos fuglane no når alt skal i sving. Eg såg i går både Spuva,Vipa og mykje Erle som gjekk og spaserte på tøyaflekkane på vegen. Dei var ikkje heilt i vårstemning.
Når desse snødagane kjem innimellom vårdagane kallast det Erlerie, Starerie og fleire rier. Er det nokon som veit kva som er forskjellen på dessse riene? Var det Erleria i går skal tru?
Ivar Svein Mo
JA! Endeleg noko anna enn fjelltoppar..... (21.04.2007 kl. 10:12)
Ikkje at eg er fugleekspert, men dei er meg litt nærare enn alle desse høge fjella. Så eg prøver meg:
1) dompapp, 2) grønnfink (den som seier yrrrrr), 3) spurv og grønnfink, 4) spurv og bokfink, 5) rødstrupe, 6) svarttrast, 7) bokfink, ...... Men no skal eg ut på "mitt" fjell: Bondalseidet.
Hilde Muren