Selma og brørne tok ofte turen frå Riise til Hjellen. Der budde besteforeldra og småtantene. I stova var varme klemmar og mykje musikk. Tantene spilte, og alle song gripande skillingsviser, som var skrivne inn i små kladdebøker.

" I en seng på hospitalet..." "Så kan de ikke kalle meg for Tullingen mer." " På mitt skjerf du bandt en knute da vi tok på broen farvel...."( Alle på stivaste riksmål.Slik som monge er på engelsk no ?)

Om vinteren gjekk dei nokre gongar i ein tunnell   inn ei fonn." Kan ikkje vi få gå, mor?" Det hende ho sa ja om dei hadde eit ærend, sjølv om det var fare for fonn. Men då var kleda ekstra fine og nystelte. Alle hull var stoppa og lappar på plass frå inderst til ytterst.KVIFOR?

Tenk om fonna kom og dei vart funne livlause i snøen !