I går var det stort snøfall i Bondalen og tilhøyrande setredalar.  I dag kunne vi konstatere at fleire fonner hadde gått i løpet av fredag ettermiddag og kveld.  Slik også i Kvistaddalen.

P4210004

Denne fonna hadde stoppa få meter ovanfor bomvegen ved vegkrysset der ein går ned til  setrestøylen på Kvistadsetra i Kvistaddalen.

P4210005

Ei anna og mindre fonn hadde kryssa setrevegen lenger inne i dalen. Begge foto:  Per Atle Røe.

Rett innanfor Kvistadsetra hadde ei mindre fonn - ei mjellsnøfonn - kryssa setrevegen og stoppa ca. 40 - 50 m frå selet til Arnhild Kvistad.  Men no kan nok dei som har sel i Kvistaddalen puste ut.  Faren for snøfonner er nok truleg over for denne vinteren.