I går var det stort snøfall i Bondalen og tilhøyrande setredalar. I dag kunne vi konstatere at fleire fonner hadde gått i løpet av fredag ettermiddag og kveld. Slik også i Kvistaddalen.
Denne fonna hadde stoppa få meter ovanfor bomvegen ved vegkrysset der ein går ned til setrestøylen på Kvistadsetra i Kvistaddalen.
Ei anna og mindre fonn hadde kryssa setrevegen lenger inne i dalen. Begge foto: Per Atle Røe.
Rett innanfor Kvistadsetra hadde ei mindre fonn - ei mjellsnøfonn - kryssa setrevegen og stoppa ca. 40 - 50 m frå selet til Arnhild Kvistad. Men no kan nok dei som har sel i Kvistaddalen puste ut. Faren for snøfonner er nok truleg over for denne vinteren.
Kommentarar