Sist laurdag var eg med i ei gruppe på åtte personar som hadde tenkt å gå på Randers Topp.  Men på grunn av stort snøfall dagen i forvegen, vart planane endra.  Vi ville gå på tur i eit fjellområde der vi var godt kjent.  Valet fall på Skårasalen.

Kjetil Leknes hadde denne dagen bestemt seg for å ta med seg ei anna gruppe  til det same fjellet.  Dei gjekk før oss i fyrstninga, men vi gjekk i same spora til det bratte partiet starta opp mot Blåhorndalen.

Frå området ved Blåhornet hadde det  gått fleire mindre skred/fonner dagen før.  Gruppa til Kjetil Leknes valde i krysse seg oppover også over området der det hadde gått skred.  Vi tok ein liten pause og bestemte oss for å gå lengst mogleg ut mot gjelkanten på høgre side når ein ser oppover.  Her er det nemleg minst bratt - og "gå på rygg ver trygg".

DSC04447 (Large)

Gruppa til Kjetil Leknes opp gjennom første del av Blåhorndalen.

Mens vi stod og snakka saman kom ein person frå den første gruppa rennande ned til oss.  Utan å presentere seg la han ut om den store skredfaren. Vi måtte gå her, men ikkje der.  Vi måtte gå med lang avstand og ikkje minst måtte vi vente til dei hadde kome seg eit godt stykke oppover før vi starta.  Viss ikkje, ville vi utgjere ein fare for den første gruppa som han var med i.  Han avslutta med -  ein fleip får vi tru - at dessutan hadde ikkje dei tid til å søke etter oss om og når skredet tok oss.

Ingen av oss kommenterte det han sa.  Det hadde to årsaker.  For det første er det ikkje god skikk og bruk å legge opp til ein krangel i fjellet.  For det andre trudde eg at vedkomande var ein kjenning av Fred Ingar, som igjen trudde at han var ein kjenning av Per Atle, som igjen...

Etter kvart tok vi til å gå oppover, men i førstninga meir mot høgre enn gruppa før oss.  Vi gjekk også eit litt brattare spor fordi det passa oss betre og fordi vi ville raskast mogleg ut av det området som tross alt er farlegast for fonn på vegen mot Skårasalen.

Vi vart no tilropt og fekk beskjed om å halde lenger avstand til dei.  Vi måtte dessutan halde lenger avstand mellom oss.  Dette gjentok seg også ein tredje gong - vi fekk streng beskjed om å vente til dei var lenger oppe slik at vi ikkje utgjorde ein fonnfare for dei. Det var heller ikkje snakk om at vi fekk gå forbi dei. Det var truleg dei minst erfarne personane - kanskje frå Osloområdet - som ropte til oss.

Per Atle såg nok at eg etter kvart tok til å bli litt arg.  Han hadde rett.  Vi vart no nemleg nærast ståande og vente i eit område der sola varmar mest og der snøen i overlaget vart blautare og etter kvart auka dermed fonnfaren i området.  Men eg fylgde rådet til Per Atle: - Her gjeld det å vere pragmatisk.  Men for første gang måtte vi altså stå i kø og vente på ei gruppe - som tydelegvis meinte dei hadde retten til området - før vi kunne gå vidare mot Skårasalen.

DSC04443 (Large) (2)

- Vent, ikkje gå så nær oss, var pålegget vi fekk frå den første gruppa.

Han som kom ned og snakka til oss var ein "skredekspert" frå Sunnfjord.  Eg treng ikkje nemne namnet. Mitt poeng er at dei som går i ei slik gruppe - enten dei betaler for seg eller ikkje - må få lov til å gå der dei vil.  Men det same må gjelde motsett veg sjølv om begge grupper bør høyre på gode råd.

Eg veit ikkje kor mykje erfaring frå området dei i den første gruppa hadde, men eg trur ikkje dei hadde fleire turar på Skårasalen med ski enn underteikna.  Eg nemner ikkje ein gong kunnskapane til Per Atle Røe.  Nei, det vert kort og godt tøvete når ei gruppa oppfører seg som om dei har førsteretten til eit område og i tillegg gjer det farlegare for dei som kjem bak.  Farlegare for oss vart det fordi vi måtte  vente i eit område som vart meir rasutsett -  solfonner - utover dagen.

Kanskje er det tøft, men ein skal ikkje gjere eit fjellområde farlegare enn det er.  Og dersom det var så farleg som "skredeksperten" frå Sunnfjord meinte, burde han aldri teke med seg desse folka på Skårasalen denne dagen.  Det verste for oss var likevel at folk i vår gruppe vart redde for opplysningane "skredeksperten" og eit par andre kom med.  Ein av oss hadde også ei stund eit sterkt ynske om å snu.  Men igjen:  Eg vonar i alle høve at ein kan sleppe slik oppførsel i fjellet ein gong til.

Etter det eg forstår var det Kjetil Leknes som var leiar for den omtalte gruppa.  Han gjekk fremst og brøytte veg slik ein god førar skal gjere.  Eg reknar også med at dersom det hadde late seg gjere å få snakke med han, hadde denne situasjonen ordna seg til det beste.  Men eg set i alle høve pris på om han kan kome med ein kommentar her på hjorundfjord.no.