Sist laurdag var eg med i ei gruppe på åtte personar som hadde tenkt å gå på Randers Topp. Men på grunn av stort snøfall dagen i forvegen, vart planane endra. Vi ville gå på tur i eit fjellområde der vi var godt kjent. Valet fall på Skårasalen.
Kjetil Leknes hadde denne dagen bestemt seg for å ta med seg ei anna gruppe til det same fjellet. Dei gjekk før oss i fyrstninga, men vi gjekk i same spora til det bratte partiet starta opp mot Blåhorndalen.
Frå området ved Blåhornet hadde det gått fleire mindre skred/fonner dagen før. Gruppa til Kjetil Leknes valde i krysse seg oppover også over området der det hadde gått skred. Vi tok ein liten pause og bestemte oss for å gå lengst mogleg ut mot gjelkanten på høgre side når ein ser oppover. Her er det nemleg minst bratt - og "gå på rygg ver trygg".
Gruppa til Kjetil Leknes opp gjennom første del av Blåhorndalen.
Mens vi stod og snakka saman kom ein person frå den første gruppa rennande ned til oss. Utan å presentere seg la han ut om den store skredfaren. Vi måtte gå her, men ikkje der. Vi måtte gå med lang avstand og ikkje minst måtte vi vente til dei hadde kome seg eit godt stykke oppover før vi starta. Viss ikkje, ville vi utgjere ein fare for den første gruppa som han var med i. Han avslutta med - ein fleip får vi tru - at dessutan hadde ikkje dei tid til å søke etter oss om og når skredet tok oss.
Ingen av oss kommenterte det han sa. Det hadde to årsaker. For det første er det ikkje god skikk og bruk å legge opp til ein krangel i fjellet. For det andre trudde eg at vedkomande var ein kjenning av Fred Ingar, som igjen trudde at han var ein kjenning av Per Atle, som igjen...
Etter kvart tok vi til å gå oppover, men i førstninga meir mot høgre enn gruppa før oss. Vi gjekk også eit litt brattare spor fordi det passa oss betre og fordi vi ville raskast mogleg ut av det området som tross alt er farlegast for fonn på vegen mot Skårasalen.
Vi vart no tilropt og fekk beskjed om å halde lenger avstand til dei. Vi måtte dessutan halde lenger avstand mellom oss. Dette gjentok seg også ein tredje gong - vi fekk streng beskjed om å vente til dei var lenger oppe slik at vi ikkje utgjorde ein fonnfare for dei. Det var heller ikkje snakk om at vi fekk gå forbi dei. Det var truleg dei minst erfarne personane - kanskje frå Osloområdet - som ropte til oss.
Per Atle såg nok at eg etter kvart tok til å bli litt arg. Han hadde rett. Vi vart no nemleg nærast ståande og vente i eit område der sola varmar mest og der snøen i overlaget vart blautare og etter kvart auka dermed fonnfaren i området. Men eg fylgde rådet til Per Atle: - Her gjeld det å vere pragmatisk. Men for første gang måtte vi altså stå i kø og vente på ei gruppe - som tydelegvis meinte dei hadde retten til området - før vi kunne gå vidare mot Skårasalen.
- Vent, ikkje gå så nær oss, var pålegget vi fekk frå den første gruppa.
Han som kom ned og snakka til oss var ein "skredekspert" frå Sunnfjord. Eg treng ikkje nemne namnet. Mitt poeng er at dei som går i ei slik gruppe - enten dei betaler for seg eller ikkje - må få lov til å gå der dei vil. Men det same må gjelde motsett veg sjølv om begge grupper bør høyre på gode råd.
Eg veit ikkje kor mykje erfaring frå området dei i den første gruppa hadde, men eg trur ikkje dei hadde fleire turar på Skårasalen med ski enn underteikna. Eg nemner ikkje ein gong kunnskapane til Per Atle Røe. Nei, det vert kort og godt tøvete når ei gruppa oppfører seg som om dei har førsteretten til eit område og i tillegg gjer det farlegare for dei som kjem bak. Farlegare for oss vart det fordi vi måtte vente i eit område som vart meir rasutsett - solfonner - utover dagen.
Kanskje er det tøft, men ein skal ikkje gjere eit fjellområde farlegare enn det er. Og dersom det var så farleg som "skredeksperten" frå Sunnfjord meinte, burde han aldri teke med seg desse folka på Skårasalen denne dagen. Det verste for oss var likevel at folk i vår gruppe vart redde for opplysningane "skredeksperten" og eit par andre kom med. Ein av oss hadde også ei stund eit sterkt ynske om å snu. Men igjen: Eg vonar i alle høve at ein kan sleppe slik oppførsel i fjellet ein gong til.
Etter det eg forstår var det Kjetil Leknes som var leiar for den omtalte gruppa. Han gjekk fremst og brøytte veg slik ein god førar skal gjere. Eg reknar også med at dersom det hadde late seg gjere å få snakke med han, hadde denne situasjonen ordna seg til det beste. Men eg set i alle høve pris på om han kan kome med ein kommentar her på hjorundfjord.no.
Kommentarar
Eg føler vel det er på sin plass å kommenter noko av det som er skreve i innlegga over.
Eg var som nevnt og på Skårasalen på laurdag. Eg hadde med meg 8 gjestar, samt ein kollega.
Han er av Hustad omtale som "skredekspert" frå Sunnfjord. Eg kan opplyse at Sverre Hjelmeland, som han heiter, er utdanna Internasjonalt godkjent fjellførar/Tindevegleder gjennom Nortind og IVBV/UIAGM. Om dette gjer han til "ekspert" er vel eit definisjonsspørsmål. Men Sverre jobbar som profesjonell fjellførar heile året, med snø og ski som hovudfelt. Over 150 dagar med kurs og føringsturar på ski i året gjer han iallefall til ein person med solid kompetanse og erfaring.
Når det gjeld meg sjølv, så er eg undervegs til å få den same godkjenninga som Sverre. Forhåpentlegvis vert eg ferdig til neste haust - utan at eg vil kalle meg ekspert for det!
Ang den kjedelege episoden som er omtala så har nok eg ei litt anna oppleving av den enn bla Hustad.
Tilfeldigheitene gjorde det til at gruppa mi kom fyrst avgarde laurdag morgon frå Kvistad. Eg observerte 7 andre ved parkeringa, men eg kjente beklageligvis ikkje igjen nokon da.
Innover Kvistaddalen gjekk det greit, mykje fin laussnø, nydeleg ver og god stemning i gruppa. Når vi kom til dyrkamarka ved fellesfjøsen tok vi ei lenger pause. Eg tenkte som så at gruppa bak var færre enn oss og dermed raskare. (Vi hadde og ein som sleit med gnagsår.) Så eg regna med at den andre gruppa ville passere oss der. Men når gruppa til Hustad kom til fellesfjøsen tok dei og ei pause. Etter 25 min kunne eg ikkje vente lenger og bestemte at vi måtte gå. Tilfeldig eller ikkje så starta gruppa til Hustad og like etter vi starta. Dei likte vel det opptråkka sporet?
Når det gjeld henget mellom 780 og 1000 meter opp mot Blåhorndalen, så er det det mest utsatte punktet på veg opp på Skårasalen. Store delar av henget er over 30 grader bratt. Lengst nord er det rundt 40 grader bratt. Men heilt ut mot fonngjelet i sør går der ein ryggformasjon som er like under
30` nesten heile vegen. Det er kun dei siste 40 meterane som overstig 30`, men som ikkje er over 40`.
Som sikkert Hustad veit løsnar flakskred når det er brattare enn 30`bratt. Dette kunne vi tydeleg sjå i henget nord for oss då det (mest sannsynleg) natta før hadde gått eit stort flakskred her.
Når det gjeld våte laussnøskred, eller solfonner som det og vert kalla, så løsnar dei ikkje før terrenget overstig 40`.
Så det er ikkje mogleg å løyse ut solfonner her viss ein er nøye med å legge sporet slik at det ikkje overstig 40´. Men ein kunne løyse ut flakskred då terrenget oversteig 30`.
Ein skiløpar veg ca 100 kg med full utrustning. Går ein fleire ilag, og i takt som ein ofte gjer på ski, aukar belastninga betydeleg. Så all logikk og fornuft skulle tilsei at ein går med belastningsavstand i terreng der ein ikkje kjenner lagdelinga i snøen ein går på.
Så før vi gjekk inn i henget gav eg beskjed om å halde minst 10 m avstand mellom kvar person, 10 m i diameter! Eg sjølv gjekk fyrst, ikkje primært for å brøyte, men for å legge sporet slik at vi ikkje kom ut i terreng der vi kunne løyse ut solfonner.
Eg avtalte med Sverre, som skulle halde baktroppen samla, at han måtte gje beskjed til gruppa bak at dei måtte halde avstand. Sverre gav visst beskjed, men det kunne sjølvsagt vore gjort litt annleis og på ein slik måte at det ikkje vart oppfatta arrogant og kommanderande.
Svein Myhre meinar i inlegget over at vi ikkje burde gått der hvis vi var usikre og utrygge. Eg var definitivt ikkje usikker eller utrygg!! Men eg meiner ein alltid må behandle snøen med respekt og redusere risikoen der ein kan.
Vi heldt avstand og senka dermed risikoen. Gruppa til Hustad gjekk stort sett i samla flokk og belasta dermed underlaget opptil 6 gonger meir enn det gruppa mi gjorde. Kva hvis der hadde vore eit svakt sjikt der spora gjekk?
Den ryggen som ein må fylgje opp henget er så smal at der ikkje er plass til fleire parallelle spor. Så då er det ikkje anna å gjere enn å vente på tur. Vi var tilfeldigvis fyrst denne dagen - og hadde sjølvsagt venta hvis det var ei anna gruppe i henget foran. Det burde vore unødvendig etter mi meining å seie ifrå om dette i det heile!
Det var iallefall aldri intensjonen min å kreve området som "mitt" eller oppføre oss som at vi eigde terrenget!
Når vi så var i enden av Blåhorndalen tok vi ei solid lunchpause- og dermed kunne gruppa til Hustad passere oss på veg oppover.
Vi heldt oss eit stykke bak heilt til topps, men var litt raskare med snuprosessen og kunne starte nedkøyringa litt før. Eg håpar ikkje dette vart oppfatta som frekt av Hustad og co?
Nedkøyringa er vel betydeleg dokumentert av bla Hustad i ein anna artikkel her på portalen.
Hustad set spørsmåltegn til erfaring frå akkurat denne turen. Ingen av mine gjestar hadde vore her tidlegare. Det var bla derfor dei leigde meg for å føre dei opp og ned.
Eg sjølv har ein del turar i området. Sjølv om eg er ein del yngre enn unge Hustad så har eg hittil 28 turar på ski på Skårasalen. Dette gjer at eg føler eg kan seie at eg kjenner fjellet og terrenget rimeleg bra føler eg!
Hustad påstår indirekte vidare at vi gjorde det "tøft" med å poengtere skredfaren. Dette finn eg som ei tøvete og flåsete utsegn. Eg har aldri og kjem aldri til å bruke slikt for å markedsføre turar.
Når dette no er sagt håper eg det kan forklare litt om situasjonen. Eg sjølv meiner at hovudproblemet her var kommunikasjon og mangel på dialog gruppene imellom. Det var synd det skulle verte slik, men ein får ta lærdom av det som har skjedd og unngå å havne i slike situasjonar igjen.
Det som imidlertid er sikkert er at eg ville ha tilbakelagt henget på same måten igjen. Som alle andre heng eg kryssar i løpet av ein lang vinter. Eg meiner at å gå i eit slik heng utan å halde avstand er å vise uforstand og mangel på kunnskap. Men det er no mi meining!
Kjetil Leknes
Om det var rett av meg å kommentere slik jeg gjorde kan diskuteres, det var som sagt en spontan reaksjon på det Knut Hustad skrev.
Nei, gruppa bak deg, Kjetil, venta ikkje på ferdigtrakka spor. Dei seks andre, som du såg, venta på oss - Per Atle Røe og meg - som kom noko seinare inn til parkeringsplassen.
Når det gjeld det omtalte området, har du heilt sikkert rett med omsyn til gradene. Men vi ville gå - og gjekk - lenger til høgre(nord) mot det nemnde fonngjelet der det er minst bratt. Likevel vart det kommentert frå di gruppe. Vi la også merke til at di gruppe i starten gjekk lenger mot venstre(nord) der det er brattare og der det også hadde gått skred (som du nemner i din kommentar).
Du vert teoretisk i di utgreiing om fonnfaren, men det er godt mogleg du har rett. Men fyrst og frems Per Atle Røe og mi si erfaring tilseier at det i dette området uansett kor bratt det er, kan - og ofte vil - gå solfonner ut på dagen når denne sida vert oppvarma av sola. Difor gjeld det å kome seg forbi dette området tidlegast mogleg på dag - før sola har fått bløytt opp det øverste laget for mykje. Men i dette mest skredutsette området (dermed seier eg ikkje at det var så skredutsett denne dagen), vart vi altså ståande og vente - etter pålegg frå personar i di gruppe, Kjetil.
Men eg held fast på - etter det din kollega sa til oss om den overhengande skredfaren - at han på ingen måte burde ha hatt med seg folk på Skårasalen denne dagen.
Eg har heller ingen problem med å vedgå at eg ved eit høve kanskje uttrykkjer meg noko flåsete, men i så fall var ikkje din kollega noko betre. Han sa m.a. til oss at eigentleg gav han f... i oss og at han/dei/de ikkje hadde tid til å leite etter oss når fonna tok oss. Og det utan at vi knapt sa eit ord til han. Det var m.a. denne oppførselen som gjorde at ein i vår gruppe ikkje likte situasjonen. Igjen: Det handlar om å kunne snakke til kollegaar i fjellet på ein skikkeleg måte.
Nei, Kjetil, ingen av oss oppfatta det som frekt at de rann ned først. Det skulle berre mangle. Og berre så det er sagt, Kjetil: Underteikna og mange andre set pris på den innsatsen du gjer med å få med deg folk i hjørundfjordfjella - men pass på kven du tek med deg som ekspertar.
Nå er jeg den som sist skal uttale meg om skred og teorien rundt det, men jeg kjenner Kjetil en smule og opplever han som en seriøs person med peiling.
Det jeg tror kanskje ble feil var måten vi ble snakka til. Kontrastene ble nok ekstra store når en tenker på at Knut Hustad nærmest er født (og kanskje unnfanget??) i sida opp til Skårasalen. Skal jeg lytte til noen (som jeg bør) angående skredfare opp her henvender jeg meg til han.
Jeg hadde utenbygds folk med meg og en av dem ble nesten skremt ned fra fjellet av tilsnakket. Når kommentarer kommer fra folk som har peiling (slik som Sverre og Kjetil utvilsomt har) kan det virke skremmende på de som ikke har peiling, meg selv inkludert.
Jeg vil ikke komme med noe rett og galt her, det tar de med peiling seg av, men vil bare si at vi hadde en fantastisk dag og den kan ingen ta ifra oss. Påmelding for neste års invitasjon er allerede snart sprengt etter at bildene fra Knuts artikkel har gått rundt i landet.
Oppførsel i fjellet lærte jeg mye om de to årene jeg bodde på Finse. Respektere, kommunisere, hjelpe, råde ut fra erfaringer. MEN: Ingen der oppe ville finne på å kalle seg ekspert på noe som hadde med naturkrefter å gjøre...
Det er bra å sette fokus på trygghet og oppførsel i fjellet. Stadig flere tilreisende bruker fjella her i området, med og uten kjentmann i følget. Jeg regner med at det var intensjonen med denne kommentaren, men den verste "oppvasken" kunne dere sikkert ha tatt på Skår eller ombord i Hjørundfjord? Regner med at det er begge de omtalte gruppene som er avbildet på kaia på Skår?