I 2006 var det svært lite starar i Hjørundfjorden.  Her på Årsethaugen i Bondalen var det i fjor ingen stare som hekka i det heile -  for første gong i mi historie.  Ornitolog Alv Ottar Folkestad opplyste at grunnen var svært dårleg vêr rundt Storbritania der den "norske" staren held til vinterstida.  Staren bles visstnok på havet i retning Noreg alt for tidleg og omkom.  Samstundes var det i alle høve her i Bondalen store mengder av myrstankelbeinlarven - ein larve som øydela store delar av avlinga på 1. slåtten til mange gardbrukarar.  Denne larven er normalt føde for staren.

Det seier seg sjølv at Staren ikkje berre er eit sikkert vårteikn, men også ein god bondeven.  Ville den kome tilbake i år?

IMG_4440

Staren sat på kabelen som går over tunet.

Klokka 0710, torsdag den 12. april var han der - staren.  Eg var på veg til fjøsen og der sat han - på el-kabelen som går over tunet.  Han var rett nok litt pjuskete, men det kom likevel litt lyd frå han.  Resten av vegen til fjøsdøra gjekk eg nærast på tåspissane.  Det gjalt og ikkje jage han vekk.  I 2006 såg eg nemleg ingen stare på den aktuelle kabelen.

Søndag morgon hadde han kvikna til.  Staren hadde fått besøk av ein artsfrende.  Var det ein passande make?  Var det ein konkurrent?  Gjennom eit fjøsvindauge såg eg at det var litt slåssisng mellom dei to - eller var det flørting?  Det kan vere vanskelg å sjå skilnad på slikt, også i fugleverda.

IMG_4514 (Large)

To starar og ei starekasse - det passar.

I dag fekk eg svar.  Søndag var det nok snakk om flørting, ja. Dei to sat nemleg på stabburstaket og kika på ei starekasse eg har på veggen under.  Og ikkje berre det - kassa var inspisert også.  Dei to skal nok pusse opp.  Det er så rart med det, kassa har stått tom sidan 2005 og då er det nok eit og anna som må gjerast med bustaden før den kan takast i bruk.

IMG_4515 (Large)

Diverre litt uskarpt, men her ser vi at planane for ei snarleg oppussing av bustaden vert planlagt.

Men kva skjer?  Trur du ikkje at kort tid etter den omtalte inspeksjonen sat der plutseleg fire starar på taket.  Og ikkje berre det.  I morellebærtreet på motsett side av stabburet sat der fleire starar i tillegg.  Korleis vil dette dramaet utvikle seg?

IMG_4521 (Large)

Det kan sjå ut som om det vert kamp om starekassa på stabbursveggen.

IMG_4523 (Large)

Og kva med desse?

Heldigvis har eg ei starekasse på ein vedhusvegg også.  Det kan hjelpe på husmangelen.  For nokre år sidan bygde eit starepar seg reir inne i ein ventil her på i våningshuset etter at dei hadde klart å hakke seg veg gjennom ein tynn netting.  Det var ikkje så populært, men i alle høve må vi prøve å hjelpe til slik at flest mogleg starar kan slå seg til her på garden.  Forholda har nemleg vore svært så laglege for myrstankelbeinlarven også denne vinteren.  Det er betre at staren et dei framfor at myrstankelbeinlarven et grasrota...