Skondalen med Dalagubben øvst i dalen. Kameratgjengen som tok toppturen i 1939 gjekk opp frå Åsen i høgre biletkant og inn i Skondalen.
- No var ikkje alle på toppen. Eg trur berre to - tre. Arthur Hjellen og Edvin Riise er eg fast bestemt på var på toppen. Dei fleste av oss andre stoppa i skaret under sjølve fjelltoppen, fortel Anton Sæbønes (88).
Det var i 1939, Anton trur i alle fall det, det kan også ha vore i 1940, at ti-femten kameratar bestemte seg for å gå på ski opp Skondalen og til Dalagubben. Det var ein nydeleg marsdag. Oppe i fjellet var det nysnø. Det heitte det då. Puddersnø var ikkje oppfunne.
- Vi gjekk opp frå Sæbøneset/Hjellen, og over Åsen og inn i Skondalen, fortel Anton. Der i frå var det å kave seg til endes i dalen, og opp under Dalagubben.
Nokre gjekk altså heilt til topps, som Arthur og Larsa-Edvin. Dei andre nytte utsikta og veret frå skaret under toppen.
Då det vart klart for nedfart, kom det formandane ord frå nestoren i flokken, Olav Sæbønes. Han var var for farane. "No tek de det med ro", var formaninga.
- Eg venta til alle hadde teke laust, og då sette eg av garde. Eg fekk god fart, og tok lange svingar. Eg synest det gjekk fint, men med eitt var dte bråstopp, fortel Anton.
Han kom nemleg over frå nysnøen og over på eit parti med skare. Det var som sagt ikkje moderne fjellski med stålkantar ein hadde då, men treski. På skaren var det ikkje feste, og Anton stupte i koll.
- Det gjekk bra med meg, men eine skia knakk rett bak hælen, fortel Anton.
Alle kom seg heilskinna ned att, og dette er berre eit døme på at hjørundfjordingane har utfordra naturen i lange tider.
Anton trur ikkje det vart teke bilete frå denne turen, men viss det vart det, eller andre har historiar og/eller bilete frå skiturar for lenge, lenge sidan, hadde det vore flott stoff for Hjørundfjordportalen.
Anton Sæbønes i dag, ikkje fullt så glad for snø som han var for 70 år sidan.
Kommentarar
Det var som Anton seier. Dei andre var komne godt ned i Skondalen og hadde stoppa opp. Då kom Sæbønes Anton rett unna med armane rett ut og med eit vilt blikk. Det kunne aldri gå vel, sa onkel.
Brått kom han ut på eit lag med snø som lugga. Og det vart nokre voldsomme rundkast før han låg still med ski som var brotne heilt inn til bindingen.
Det var nesten ufatteleg at mannen var heil, sa han.
Å sette av stad rett unna i Skondalen er ingen spøk, såpass bratt som det er der, og med det utstyr som då var tilgjengeleg.
Det er difor ikkje overraskande at Peder Hovde,frå Hovdebygda, spurde meg om eg kjende ein Sæbønes, som var keeper på Sæbø ein gong i tida. Det var ein villmann uten sidestykke, mellom stengene.
Som dei fleste vil forstå er det bra at der ikkje er større motor på farkosten han køyrer rundt med på sine gamle dagar.
Eg likar ikkje at eg sjølv tek til å bruke det gode ordet mindre sjølv. Frykta er vel at dei unge ikkje skal forstå kva eg meiner. Av snøorda trur eg kramsnø, mjellsnø og avrong var mest brukt på Årsethaugen tidlegare.
God påske forresten!