Den siste tida har Fred Ingar (Somby) hatt litt problem med eit kne.  Difor bestemte hans seg for å ta det med ro også no i helga.  Han ville vere småbarnsfar på heiltid.  Det greidde han - nesten...

I går, søndag, klokka 15 tikka det inn ei tekstmelding til meg frå Fred Ingar.  - Vil du vere med å gå på ski opp Årsethornrenna? Eg visste kva han tenkte på.  Eg takka høfleg nei, men lova å vere med å fotografere.

IMG_4023 (Large)

Årsethornet, omtrent midt på biletet, er kanskje ikkje det mest spennande fjellet å kome seg oppå, men...

DSC04371-edited (Large)

... ser du det frå denne sida - frå Tryset/Rekkedal - vil du oppdage denne "Årsethornrenna" som er merka med raudt...

Fred Ingar hadde tenkt ut at det var mogleg å gå opp denne renna og deretter renne den same renna ned på ski.  I går ville han altså prøve.  Og han gjekk denne renna nesten heilt opp.  Han valde likevel å snu nokre få høgdemeter nedanfor varden p.g.a. av ein snøskavl.

IMG_0008 (Large) (2)

Fred Ingar har starta turen oppover renna.

Fred Ingar gjekk dei første par hundre metrane på ski, men deretter tok han dei av og spente dei fast på ryggsekken.  Han brukte randonneutstyr/slalomski.  Under nokre foto Fred Ingar tok på vegen opp.

DSC04348 (Large)

I nedste delen av renna hadde fonna gått tidlegare.

DSC04351 (Large)

No tek han til å sveitte...

DSC04361 (Large)

Spennande område lenger oppe.

DSC04363 (Large)

Litt "flyfoto".  Underteikna bur omtrent midt på biletet.

DSC04364 (Large)

DSC04365 (Large)

Og her ser ein kvifor Grøtdalstinden er eit så populært mål for skientusiastar.

IMG_4521 (Large)

Ved det raude krysset snudde han. 

Så var det å spenne fast skina og renne ned same veg som han kom opp.

IMG_4519 (Large)

Herr Somby på veg ned ved raud pil. 

IMG_4522

Snø, fjell og ein mann.

IMG_4547 (Large)

Og her er Fred Ingar nesten nede igjen.

I dag har eg snakka med drivaren av den eine av dei to garden på Tryset, Ole Tryggeset.  Han fortalde meg at rette namnet på dette som vi i farta kalla Årsethornrenna, er Krokfonna, eller Krokfonngjelet.

Han sjølv hadde ikkje nokon gong gått heilt opp denne Krokfonna/Krokfonngjelet korkje på ski eller på føtene sommarstid.  Han visste likevel om at det gjekk eit steinras oppe i dette gjelet truleg i 1975.  Han hadde ikkje høyrt at nokon hadde brukt dette Krokfonngjelet som skiløype nokon gong.

Underteikna veit likevel om at det nok ikkje er så uvanleg å gå opp dette gjelet på føtene i sommarhalvåret.  Men så var det dette med namnet på gjelet.  Årsethornet har nemleg ei anna fonn som også heiter Krokfonna.  Den går ned på framsida/nordsida av fjellet.  Er det snakk om liten fantasi?

IMG_4524 (Large)

Her ser vi eit ferskt foto av Årsethornet teke frå tunet her på garden. Her ser vi den Krokfonna eg er vand med - på nordsida.  Fred Ingar gjekk altså opp eit gjel/ei renne som går opp på vestsida av Årsethornet ved prikka linje.

Og kor bratt er den aktuelle renna?  Fred Ingar har nettopp runne ned Jønshornrenna.  Det skal i gjennomsnitt vere ca. 40 grader.  Fred Ingar meinte at det kunne vere omtrent det same her.