Skitur på solglitrande fjellvidder - og ”monsterkraftlinjer”?

 

Fredag den 30. mars var ein nydeleg, dag, perfekt for ein skitur til Åmskaret ved Bondalseidet. Utsikta mot Alldalen, Vatnevatnet, Åmnipa, Hovdebygda, Ørsta sentrum og  Follestaddalen tok mest pusten frå meg og gav meg ei oppleving av den typen som gjer livet verd å leve.

Få dagar etter kom konsekvensutgreiinga om 420 kV-linja Ørskog- Fardal i posten. Då vart det klart for meg at om Statnett får det som dei vil, blir linja framgrunnen som alle desse vakre motiva må sjåast gjennom for all framtid. ”Filteret” vil sjå ut som mastene til venstre under. Mastene i midten og til høgre er omtrent lik dei mastene som går gjennom Åmdalen og Follestaddalen no. For meg vil turløypa til Åmskaret og utsynet derifrå ikkje gi det same om det skal sjåast gjennom slikt gitter. Maurset i Statnett føreslo ein ”lekker” grønfarge på mastene som ”avbøtande tiltak”. Er det nokon som trur det vil hjelpe noko særleg mot dei snøkvite viddene?

Kraftmastrer jpg

I påska har eg vore ein del på Øyasetra nær vegen mot Standalseidet. Linja vil her krysse på den andre sida av dalen over eit hyttefelt som Øy gardslag regulerte for nær 20 år sidan. No går der rett nok ei linje av den midtre typen i nedre kant av feltet, men hytte-bygginga har likevel skote fart i det siste. Vil nokon ha hytte der med  420 kV-linja i tillegg?

 

 

Bondalseidet er nyss kåra til eit av dei ti (10) beste skianlegga i landet, Sunnmørsalpane med Standalseidet (og Ålesund skiforening si hytte) i sentrum til eit av landet sine fire (4) beste reisemål for toppturar med ski (Dagbladet og Magasinet Fri Flyt). Desse to områda er også hovudsatsingsområda i Ørsta for hyttebygging og friluftsliv, og i tillegg viktige utfartsområde for folk frå Ulstein, Hareid og andre kommunar i ytre strøk. Korleis samsvarar dette med å leggje ei slik linje her?

Gjeldande kablingspolitikk i Noreg er nedfelt i Stortingsprp.nr. 19 (2000-2001)): ”420  kV vert bygd som luftleidning. Berre i heilt spesielle unntakstilfelle med særs sterke miljøomsyn, bør kabling vurderast”.  Min påstand er at områda som er nemnde ovanfor må vere slike  unntakstilfelle! Eg forventar at det vert gjort ein kraftinnsats for å unngå denne vandaliseringa! Høyringsfristen er 22. juni, det er inga tid å miste!

Denne utfordringa går til politikarar i alle parti: Kva vil du gjere for å hindre at linja vert lagt gjennom Sunnmørsalpane? Inga sak er viktigare for området enn dette, for kjem linja, vert ho liggjande der og øydeleggje for livskvalitet og næringsutvikling i overskodeleg framtid. Det er val til hausten. Innsatsen til dei ulike partia når det gjeld dette vil avgjere kva parti som får mi stemme både då og om to år.

 

Kirsti Øye Driveklepp

 

Kraf 

Fotomontasje av Ryste 3D frå Myklebustsetra. Bileta er henta frå heimesida til Torill Nydal: http://www.follestaddalen.net

 Kraftlinje Myklebustsetra 2