Skitur på solglitrande fjellvidder - og ”monsterkraftlinjer”?
Fredag den 30. mars var ein nydeleg, dag, perfekt for ein skitur til Åmskaret ved Bondalseidet. Utsikta mot Alldalen, Vatnevatnet, Åmnipa, Hovdebygda, Ørsta sentrum og Follestaddalen tok mest pusten frå meg og gav meg ei oppleving av den typen som gjer livet verd å leve.
Få dagar etter kom konsekvensutgreiinga om 420 kV-linja Ørskog- Fardal i posten. Då vart det klart for meg at om Statnett får det som dei vil, blir linja framgrunnen som alle desse vakre motiva må sjåast gjennom for all framtid. ”Filteret” vil sjå ut som mastene til venstre under. Mastene i midten og til høgre er omtrent lik dei mastene som går gjennom Åmdalen og Follestaddalen no. For meg vil turløypa til Åmskaret og utsynet derifrå ikkje gi det same om det skal sjåast gjennom slikt gitter. Maurset i Statnett føreslo ein ”lekker” grønfarge på mastene som ”avbøtande tiltak”. Er det nokon som trur det vil hjelpe noko særleg mot dei snøkvite viddene?
I påska har eg vore ein del på Øyasetra nær vegen mot Standalseidet. Linja vil her krysse på den andre sida av dalen over eit hyttefelt som Øy gardslag regulerte for nær 20 år sidan. No går der rett nok ei linje av den midtre typen i nedre kant av feltet, men hytte-bygginga har likevel skote fart i det siste. Vil nokon ha hytte der med 420 kV-linja i tillegg?
Bondalseidet er nyss kåra til eit av dei ti (10) beste skianlegga i landet, Sunnmørsalpane med Standalseidet (og Ålesund skiforening si hytte) i sentrum til eit av landet sine fire (4) beste reisemål for toppturar med ski (Dagbladet og Magasinet Fri Flyt). Desse to områda er også hovudsatsingsområda i Ørsta for hyttebygging og friluftsliv, og i tillegg viktige utfartsområde for folk frå Ulstein, Hareid og andre kommunar i ytre strøk. Korleis samsvarar dette med å leggje ei slik linje her?
Gjeldande kablingspolitikk i Noreg er nedfelt i Stortingsprp.nr. 19 (2000-2001)): ”420 kV vert bygd som luftleidning. Berre i heilt spesielle unntakstilfelle med særs sterke miljøomsyn, bør kabling vurderast”. Min påstand er at områda som er nemnde ovanfor må vere slike unntakstilfelle! Eg forventar at det vert gjort ein kraftinnsats for å unngå denne vandaliseringa! Høyringsfristen er 22. juni, det er inga tid å miste!
Denne utfordringa går til politikarar i alle parti: Kva vil du gjere for å hindre at linja vert lagt gjennom Sunnmørsalpane? Inga sak er viktigare for området enn dette, for kjem linja, vert ho liggjande der og øydeleggje for livskvalitet og næringsutvikling i overskodeleg framtid. Det er val til hausten. Innsatsen til dei ulike partia når det gjeld dette vil avgjere kva parti som får mi stemme både då og om to år.
Kirsti Øye Driveklepp
Fotomontasje av Ryste 3D frå Myklebustsetra. Bileta er henta frå heimesida til Torill Nydal: http://www.follestaddalen.net
Kommentarar
Ikkje akkurat vakkert som du kan sjå av desse bileta. Har vi virkelig råd til å øydelegge den flotte naturen slik?
http://www.follestaddalen.net/X0002.jpg
http://www.follestaddalen.net/X0001.jpg
Det er klart eit politisk ansvar å arbeide mot slik forøpling av naturen. Det vil være øydeleggjande for generasjonar, ikkje berre visuelt med og for den aukande turismen. Kven vil reise lange vegar for å gå tur blandt store kraftliner?
kven vil bruke tid og krefter og pengar på å få seg ei kosleg hytte i fjellheimen når den ligg rett ved kraftlina og utsikta er kraftmaster og wier?
Heilt enig Alf Ole, har må det protestar til. Også utflytta Hjørundfjordingar må trå til her.
Vonaleg er det miljøaktivistar som kan gå inn å gjere ein jobb her og, slik Helge har gjort det for laksen.
Underskriftskampanje kan vel lagast til av administrator på portalen?
Administrator har ikkje anledning eller kapasitet til å administrere ein protestaksjon, så dette må vi overlate til aksjonsgruppa for kraftlinja. For Lisje Standal sine befolkning er det dramatisk då linja kjem så nær bebyggelsen.
Alle papir på linja er offentlege så ein diskusjon og sakelege innlegg, helsar vi velkomen her på portalen.
NVE held Folkemøte/Infomøte på Ørsta Kulturhus 10. mai kl 1900.
At vi har så mye penger i landet vil neppe holde som argument. Hvis det var så enkelt, ville det vel vært orden på flere områder her i landet? Det mest sannsynlige er kanskje at kostnaden ble lagt på forbruker. En må da prioritere mellom billig strøm eller hel natur. Hvor enkelt er det?
Argumentene fra våre kanter virker fornuftige, og er lett å se. Har vi god tradisjon i å ta vare på naturen her i landet? Kanskje burde fokuset rettes mer mot de områdene der det faktisk bor folk? Konsekvensene vil jo være så mye større her enn der linja krysser en fjord. En belastning som kan senke livskvalitet, øke fraflytting og gjør nyetablering mindre attraktivt er jo dramatisk..
Nei, det vi kaller utvikling har nok sin pris. Ha meg unnskyldt, men jeg synes ikke engasjementet har vært overveldende, kanskje dette ikke betyr så mye for folk? Er det ikke slik at også bygdene indirekte nyter godt av denne linja? En gjennomtenkt småkraftutbygging er og vil være en bærekraftig utvikling for bygdene. At disse skal ut på et nett, blir vel brukt som argument når linjetraseen legges? Det vil nok i alle fall ikke negativt inn på trasevalget?
Personlig så ville jeg vel ikke lagt så voldsomt håp i det lokalpolitikerene klarer/ønsker å utrette. Kanskje tenker de det samme? Protestaksjoner vil nok bidra positivt, men må vel ha et visst omfang.
Men, vi får håpe jeg tar feil. Det skal i alle fall bli interessant å se hvilke politikere som tar på seg vernehatten. Og står for det, jobber for det. Alle har de vel tilknyting til et moderparti. Men det er vel en viss risiko for at den småknurringen som har vært i media så langt , mer er utslag av valgflesk, nå før valg, og mulig utskifting av både den ene og den andre.
Standaleidet er også viden kjent. Myklebustsetra med sin setervoll og sine gamle rødmalte seterhus er spredt via bilder og personlige opplevelser.Dette er kulturarv i verdensklasse.Hjørundfjord-området må ikke ødelegges. Det samme gjelder for mange andre naturperler langs de planlagte megakraftlinjene.Finnes her noen konsekvensanalyser ?Her bør det protesteres så massivt at planen droppes eller ledningene blir lagt i kabel!
http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1396078.ece
Når det gjelder LisjeStandal og kraftledning er det rett at dalen ikke har slik. Men der er et luftspenn fra fjellryggen under Lågenipa/Høgenipa som går over fjorden mot Molaupen. (Lågenipa/Høgenipa er bratt opp rett sør for LisjeStandal)
Når ein les utgreiinga om YtreStandal, ligg her boligbebyggelse på begge sider av ledninga. Den nermaste heilårsboligen ligg ca.70m. frå ledninga sin senterlinje. Det ligg også tre fritidsboligar i nærheita av lednigstraséen(ca 35-65m frå senterlinja) som vil få magnetfeltverdier over utredningsgrensa.
Her kan ein vel trygt bruke ordet miljøproblem dersom linja vert bygt.