Einar Heimdal frå Dimna fekk smaken for Skattejakta i fjor, og bak lurer Jon Hustad på om det er ein sterk konkurrent....
Med over 500 deltakarar over to dagar, vart årets skattejakt den nest beste nokon gong for fotballgruppa. Det viser seg at sjølv om veret er dårleg, møter folk opp.
Leiar i fotballgruppa, Øyvind Taklo, helsar til alle, og takkar for innsatsen. Det gjeld deltakarane som stiller, dei frivillege som får arrangementet i hamn, og støttespelarane som gjev med gåver til premiar.
- No må du ta bilete av oss, seier Kanutte Strand, som her går saman med Wenche og Dagfinn. Bak kjem Kari Stokke.
Under kjem spørsmål og svar frå begge dagar. Og for dei som alt har gløymt - slik var det fredag (biletet under):
SPØRSMÅL OG SVAR FREDAG
Kor mange auge er det på motsett side av seksaren på ein terning? 1
Kva heiter Solan til etternamn? Gundersen
Kva er det absolutte nullpunkt (der alt frys)? -273,16
Når frys vatn til is på Fahrenheit-skalaen? 32
Kor mange sekundmeter vind er det når det bles liten kuling? 10,8 – 13,8
Kva er høgaste temperatur målt nokon gong i Noreg? 35,6
Kven er hovedpersonen i jungelboken? Mowgli
Kva heiter gårdsguten til bestemor duck? Guffen
Kva heiter symjaren som tok sju gull i symje-VM i Melbourne nyleg? Michael Phelps
Ein norsk symjar nådde ein finale i denne meisterskapen. Kven? Aleksander Dale Oen
Kva er den lengste distansen i eit symje-VM? 1500 m fri
Kor mange EM-gull tok Irene Dalby i sin karriere? 2
Kva heiter medhjelparen til Batman? Robin
Kva heiter nabobyen til Andeby ? Gåseby
Kva heiter øygruppa som nyleg vart råka av ei flodbølgje (tsunami)? Salomon-øyene
Honolulu er hovudstaden i delstaten Hawaii. Kva heiter øya denne byen ligg på? Oahu
Kva heiter øya mytteristane på Bounty til slutt busette seg på? Pitcairn
Kva heiter øya der det står store merkelege steinstatuar, og som Thor Heyerdahl reiste til?
Påskeøya
Kva er eit anna namn for landet Nippon? Japan
Kva var det første askeladden fann på sin veg for å målbinde prinsessa ? Ein daud skjorunge
Kva handicap hadde trolla på hedalskogen? dei hadde berre eit auge på deling
Kva heiter olje- og energiministeren i Noreg? Odd Roger Enoksen
Kva heiter leiaren for partiet Venstre ? Lars Sponheim
Kva heiter partiet statsministeren i Danmark tilhøyrer? Venstre
Kven er statsminister i Sverige? Fredrik Reinfeldt
Kven er statsminister i Tyskland? Angela Märkel
Kva fugl var egentlig den stygge andungen? svane
Kva heitte skogen der Ronja røvardotter vaks opp? s: Mattisskogen
Kva heiter grupppa som syng om ein Granada? Vassendgutane
Han hadde nyleg konsert i Noreg, og var frontfigur for gruppa Waterboys? Mike Scott
I kva gruppe song Agnetha Fältskog? ABBA
Kva gruppe hadde hiten ”Yellow” i 2000? Coldplay
Kven hadde ein kjempehit på 1950-talet med ”Vildrosen”? Søstrene Bjørklund
Kva heitte bestevenen til Ronja? s: Birk
Kva øy er pippi sin far eineherskar over? s: Kurrekurreduttøya
Kven skreiv bøkene om Pippi og Ronja? Astrid Lindgren
Kven var den første som flaug eit fly over Atlanterhavet? Charles Lindberg
SPØRSMÅL OG SVAR SØNDAG
Kva heiter mannen som eig Sjokoladefabrikken? willy wonka
Kva kallast dei afrikanske pygmeane som arbeidar på sjokoladefabrikken? Umpa-lumpaene
Sacramento er hovudstaden i delstaten California i USA
Tallahassee er hovudstaden i delstaten Florida i USA
Boise er hovudstaden i delstaten Idaho i USA
Hovudstaden i Canada heiter Ottawa
Hovudstaden i Costa Rica heiter San Jose
Kva tyder L.O.L. på chattespråk? ____ laughing out loud
Tre statsleiarar deltok på Jalta-konferansen i 1945. Det var Stalin frå Sovjetunionen, Churchill frå Storbritannia og Roosevelt frå USA.
Kven vart statsminister i Storbritannia sommaren 1945? Clement Attlee
USA gav omfattande kredittar til landa i Vest-Europa etter andre verdskrig. Kva vart namnet på denne økonomiske krisehjelpa?
Marshall-planen/hjelpa
Han var keisar i Etiopia, og vart avsett ved eit militærkupp i 1974. Kva heitte han? Haile Selassie
Kven er kongen på havet? kaptein sabeltann
Andre påskedag startar Tippeligaen. Kva heiter dei to nyopprykka laga? Strømsgodset og Aalesund
Kva heiter trenaren til Molde FK? Kjell Jonevret
Kva heiter trenaren til kvinnelandslaget i fotball (det norske)? Bjarne Berntsen
Kva skal omkrinsen til ein fotball i seniorfotball vere? 68 – 70 cm
Kor mange yards skal det vere frå straffemerket og til målstreken på ei fotballbane? 12
Kva heiter Ash i pokemon til etternamn? ketshum
Kva tyder O.M.G på chattespråk? Oh my good
Kor mange bein har ein sommarfugl? 6
Kor mange bein har ein edderkopp? 8
Kva er araknologi? Læra om edderkoppar
Kor mange artar av bier er det i Noreg? ca. 180
Kva sort dyr er dei tre beste vennane til lille kylling? fisk, gris og and
Mange likar å bruke sitat frå ymse personar. Under er nokre sistat vi er ute etter opphavsmennene til:
”Har du en fotball, så har du alt!” Sa Ivar Hoff
”Jeg velger meg april”, skreiv Bjørnstjerne Bjørnson
”I himmelen får vi spille så mye fotball som vi ønsker”, sa Kjell Magne Bondevik
”Hat er mangel på fantasi”, skreiv Graham Greene
”Vær dig selv nok”, skreiv Henrik Ibsen
Kva er det happy feet kan, som ikkje dei andre pingvinane kan ? steppe
Kommentarar